Guillain-Barrés syndrom

Guillain-Barrés syndrom er ein sjeldan tilstand som kan gi nerveskade, muskelsvakheit og lammingar. Dei fleste blir likevel heilt bra med behandling.

Kva er Guillain-Barrés syndrom?

Guillain-Barrés syndrom er truleg ein autoimmun sjukdom. Immunsystemet er kroppen sitt forsvar mot infeksjon av bakteriar og virus. Når du får ein infeksjon, angrip antistoff bakteriane og drep dei.

Ved Guillain-Barrés syndrom begynner eigne antistoff å angripe personen sitt eige nervesystem ved ein feil. Det kan skje med personar i alle aldrar, men det ser ut til å vere litt vanlegare hos menn og gutar.

Hos mange opptrer Guillain-Barrés syndrom få veker etter ein infeksjon, for eksempel etter ein lungebetennelse eller omgangssjuke (gastroenteritt). Guillain-Barrés syndrom har òg vore knytt til Zika-viruset dei siste åra. Det kan òg vere ein sjeldan komplikasjon av covid-19-infeksjon.

Symptom på Guillain-Barrés syndrom

Symptoma på Guillain-Barrés syndrom startar vanlegvis i armar og bein, med prikking og nummenheit i hender og føter, etterfølgt av svakheit og vanskar med å bøye ledda. Desse symptoma kan forverre seg over dei nærmaste dagane. Symptoma kjem vanlegvis raskt.

Andre symptom kan vere:

  • Smerter i bein og ryggen (truleg verre hos barn)
  • Pustevanskar
  • Vanskar med klar uttale
  • Svak ansiktsmimikk
  • Vanskar med å svelgje
  • Dobbeltsyn

Enkelte får ei dramatisk utvikling med nesten total lamming av kroppen. Dette kan vare i fleire månader.

Tester for Guillain-Barrés syndrom

Om legen mistenkjer Guillain-Barrés-syndrom, blir du omgåande innlagd på sjukehus for undersøking. Vanlege testar er nevrografi og EMG. Dette blir gjort ved å teste kor godt musklane reagerer ved å stimulere tilhøyrande nervar ved hjelp av svake elektriske signal. Desse elektriske signala kan førast gjennom elektrodar som er festa til huda, eller gjennom små nåler som ein set inn i musklane.

Lumbalpunksjon

Det blir truleg teke ein prøve av ryggmargsvæska (cerebrospinalvæska) for å stadfeste diagnosen. Til dette bruker legen ei nål for å trekkje ut litt væske frå den nedste delen av ryggen. Dette kallar vi for lumbalpunksjon. Heile prosedyren tek omtrent 30 til 45 minutt.

Behandlig av Guillain-Barrés syndrom

Dei fleste med Guillain-Barrés syndrom må behandlast på sjukehus, vanlegvis i fleire veker. Enkelte må vere på sjukehus i fleire månader.

I tillegg til behandlinga som stoppar immunsystemet frå å angripe nervane (immunterapi), har nokon behov for støtteterapi. Det kan for eksempel vere snakk om å få pustehjelp med ein respirator. Etter kvart blir det viktig å trene opp musklane.

Immunterapi

Immunterapi er den viktigaste behandlinga for Guillain-Barrés syndrom. Det finst to typar behandling, og dei synest begge å fungere like godt.

Den første blir kalla høgdosebehandling med immunoglobulin (IVIG). IVIG er laga av filtrert blod og inneheld friske antistoff som hemmar betennelsen rundt nervane. Behandlinga blir gitt som intravenøst (IV) drypp. Dersom du får IVIG, vil du truleg få det kvar dag i ca. fem dagar.

Den andre typen immunterapi blir kalla plasmautskifting (plasmaferese). Under denne behandlinga blir du kopla til ei maskin som filtrerer dei skadelege antistoffa ut av blodet. Det er vanleg at behandlinga blir gjenteken fleire gonger i løpet av nokre få dagar.

Andre behandlingar

Dersom pustemusklane blir ramma, får du hjelp av ei pustemaskin (respirator). Omtrent 30 av 100 personar med Guillain-Barrés syndrom treng respiratorhjelp.

Du må gå til regelmessige kontrollar for å sikre at hjartet fungerer som det skal, og sjekke at for eksempel blodtrykket ikkje er for høgt eller for lågt.

Å liggje stille i lange periodar kan auke risikoen for djup venetrombose (DVT), men det finst legemiddel som verkar førebyggjande. Det blir òg gitt smertestillande ved behov.

Dersom du ikkje har vore i stand til å røre deg mykje eller i det heile, kan du trenge hjelp med rehabiliteringa. Ein fysioterapeut kan rettleie deg gjennom øvingar.

Prognose ved Guillain-Barrés syndrom

Om lag 85 av 100 personar som får Guillain-Barrés syndrom, blir friske, men for dei med muskelskade eller som trong respiratorbehandling, er sannsynet lågare for å bli heilt bra. Det same gjeld for eldre.  Enkelte vil ha muskelsvakheit som varer i fleire år, og andre vil ikkje kunne gå igjen på mange månader. 

Enkelte døyr av Guillain-Barrés syndrom. Dette ser ein hyppigare hos eldre og personar med meir alvorlege symptom.

Nokon får tilbakefall og treng behandling fleire gonger.

Guillain-Barrés syndrom. Helsebiblioteket.no, 2023.

Guillain-Barre syndrome (PDF). Originalbrosjyre frå BMJ Best Practice, 2021.

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Guillain-Barrés syndrom. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 30. mai 2023 [henta laurdag 20. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/skader-og-sykdommer-i-hjernen/guillain-barres-syndrom/

Sist oppdatert tysdag 30. mai 2023