Hepatitt B

Hepatitt B er ein virusinfeksjon som angrip levra. Tilstanden kan variere frå mild til alvorleg, og ikkje alle treng behandling. Ein kan unngå smitte ved å vaksinere seg mot hepatitt B.

Oppsummering

Dei som er i risikosona for å bli smitta av hepatitt B, blir tilrådd å vaksinere seg for å førebyggje sjukdom. Mange kan få vaksinen på blå resept.

Hepatitt B er ganske sjeldan i Noreg, men enkelte grupper har større risiko for å få hepatitt B enn andre, til dømes:

  • Personar som reiser til eller er langtidsbuande i delar av verda der hepatitt B er vanleg (inkluderer delar av Søraust-Asia, mesteparten av Stillehavet, Afrika sør for Sahara, Amazonas, delar av Midtausten, Sentral-Asia og nokre land i Aust-Europa)
  • Injiserande rusmisbrukarar, særleg om ein deler sprøyter med andre
  • Seksualpartnarar til dei som er smitta
  • Barn av ein injiserande misbrukar eller nokon som har hepatitt B
  • Personar som deler heim med nokon som er smitta av hepatitt B
  • Personar som er risikoutsette, til dømes helsepersonell, fengselstilsette og institusjonstilsette
  • Dei som byter seksualpartnar ofte
  • Homofile menn, ettersom analsex aukar smitterisikoen

Symptombilde

Hepatitt B er ein leverinfeksjon forårsaka av hepatitt B-viruset. Infeksjonen kan vere så mild at forløpet er utan symptom, og då treng du inga behandling. Andre gonger kan infeksjonen bli kronisk og i verste fall livstruande.

Infeksjonen kan gi desse symptoma:

  • Trøyttleik
  • Manglande appetitt
  • Smerter og ubehag
  • Sjukdomskjensle
  • Oppkast
  • Urin som er mørkare enn vanleg
  • Gulskjer i huda og på det kvite i auga – gulsott

Smitte og inkubasjonstid

Hepatitt B-viruset finst i kroppsvæsker hos menneske som er smitta. Berarar av viruset kan òg smitte andre, sjølv om dei ikkje kjenner seg sjuke.

Smitte kan skje på desse måtane:

  • via blod eller anna kroppsvæske frå ein som er smitta, for eksempel ved samleie eller gjenbruk av ureine sprøyter med narkotika
  • ved tatovering med ureint utstyr
  • ved at gravide overfører viruset til fosteret

Behov for helsehjelp

Du bør vurdere å oppsøkje lege for å få immunglobulin ved:

  • stikkuhell med nål
  • deling av nål med nokon som kan vere smitta med hepatitt B
  • ubeskytta samleie med nokon som har eller kan ha hepatitt B

Risikofaktorar og førebygging

Dei fleste i Noreg er ikkje vaksinerte mot hepatitt B.

Du kan redusere den generelle smitterisikoen ved å:

  • Bruke kondom i tilfelle du har samleie med menneske som er smitta, eller om du er usikker.
  • Unngå å dele nåler med andre rusmisbrukarar.
  • Unngå å dele hushaldningsartiklar som barberblad eller tannbørste med folk som er smitta.
  • Forsikre deg om at nålene er sterile dersom du skal ta akupunktur, tatovering eller piercing.

Behandling

Ved mistanke om nysmitte kan det bli gitt immunglobulin som injeksjon. Denne behandlinga hindrar viruset i å spreie seg til ikkje-infiserte celler i kroppen. Behandlinga verkar best dersom ho blir gitt innan 24 timar etter kontakt med viruset. Immunglobulin gir ikkje langtidsvern mot hepatitt B.

Prognose

Dei fleste blir friske av hepatitt B utan behandling, men for nokre få blir sjukdomen alvorleg og langvarig. Då kan hepatitt B-infeksjonen føre til leversvikt. Seinare kan sjukdommen utvikle seg til leverkreft eller ein leversjukdom kalla skrumplever. Spedbarn og barn har større risiko for å få den mest alvorlege typen.

Nasjonal kompetansetjeneste for seksuelt overførte infeksjonar

NKSOI formidlar kunnskap og erfaring om seksuelt overførte infeksjonar og smitteførebygging til helsepersonell og organisasjonar.

Olafiaklinikken

Senter for rådgiving, undersøking og behandling av seksuelt overførte infeksjonar ved Oslo universitetssjukehus.

Sex og samfunn

Senter for ung seksualitet. Hos Sex og samfunn kan du som er under 25 år, mellom anna få rettleiing og resept på prevensjon og teste deg for seksuelt overførte infeksjonar.

Vaksinering mot Hepatitt B. Helsebiblioteket.no, 2022. 

Hepatitis B: should I have the vaccine? (PDF). Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2021.

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Hepatitt B. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 22. desember 2022 [henta søndag 3. mars 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/infeksjon-og-betennelse/hepatitt-b/

Sist oppdatert torsdag 22. desember 2022