Akutt diaré
Akutt diaré er ein vanleg tilstand der du får hyppig, laus eller vassaktig avføring over kort tid. Årsaka er som regel ein infeksjon i tarmen. Dei fleste blir friske av seg sjølve i løpet av nokre dagar, men det er viktig å få i seg nok væske for å unngå dehydrering.
Årsaker til akutt diaré
Akutt diaré kjem oftast av ein infeksjon i mage- og tarmkanalen (akutt gastroenteritt).
Vanlege årsaker er:
- Virus (til dømes norovirus), som er den hyppigaste årsaka
- Bakteriar, som Campylobacter, Salmonella og E. coli
- Parasittar, særleg ved opphald i land med dårleg hygieniske forhold
Smitte skjer ofte ved at du får virus eller bakteriar frå avføring på hendene og vidare til munnen gjennom:
- forureina mat og vatn (matforgifting)
- kontakt med smitta personar, via hender eller overflater
- mangelfull handhygiene etter toalettbesøk
Ikkje-smittsame årsaker kan også gi diare. For eksempel medisinar, særleg antibiotika kan forstyrre tarmfloraen.
Turistdiaré er diaré som oppstår i forbindelse med utanlandsreise. Hos FHI kan du finne gode råd for ein god reise.
Symptom på akutt diaré
Det viktigaste kjenneteiknet er hyppig, laus eller vassaktig avføring.
Andre vanlege symptom er
- magesmerter og krampar
- kvalme og oppkast
- feber
- oppblåstheit
Du kan også få teikn på væsketap (dehydrering), til dømes
- tørste
- lite eller mørk urin
- svimmelheit og slappheit
Dehydrering kan vere alvorleg, særleg for eldre, spedbarn og personar med sjukdom.
Når bør du kontakte lege?
Akutt diaré går som regel over av seg sjølv. Du bør likevel kontakte lege dersom:
- diaréen varer meir enn ein uke
- du har feber eller dårleg allmenntilstand
- du har blod eller slim i avføringa
- du har sterke magesmerter
- du ikkje får i deg nok væske
Kontakt legevakt raskt dersom du:
- har teikn på dehydrering (lite urin, sterk tørste, blir uvanleg slapp)
- føler deg svært sjuk
Behandling av akutt diaré
Den viktigaste behandlinga er å erstatte tapet av væske og salt.
Dette kan du gjere:
- Drikk ofte og små mengder om gongen.
- Bruk væskeerstatning frå apotek (inneheld riktig balanse av salt og sukker).
- Du kan også drikke vatn, klar suppe eller juice blanda med mineralvatn.
- Prøv å ete litt, til dømes lett fordøyeleg mat som banan og tørre kjeks.
- Unngå alkohol, koffein og svært søte drikker.
Sørg for ro og kvile.
Reseptfrie medisinar kan dempe diaréen, men bør berre brukast i kort tid. Medisinen skal ikkje brukast av barn under 12 år, eller dersom du har blod i avføringa eller høg feber.
Antibiotika er sjeldan nødvendig, fordi tilstanden oftast går over av seg sjølv.
Kor lenge må du halde deg heime?
Alle som har fått diaré eller oppkast som skuldast ein infeksjon, bør halde seg borte frå arbeid eller skule til dei er symptomfrie. Dersom det er eit utbrot av smittsam diaré bør dei venta to døgn før dei vender tilbake.
Nokre personar bør holde seg borte frå arbeid lengre, fordi dei på grunn av yrke eller opphaldsstad kan utgjere ein økt risiko for smittespreiing.
Barn i barnehage bør halde seg heime i to døgn etter siste periode med diaré.
Korleis førebygge akutt diaré?
God hygiene er det viktigaste tiltaket for å førebygge diaré:
- Vask hendene godt etter toalettbesøk og før matlaging
- Bruk handsprit når du ikkje har tilgang til vatn og såpe
- Ha god kjøkkenhygiene
Folkehelseinstituttet. (2026, 11. mars). Kontroll og oppfølging av pasienter med tarminfeksjoner – håndbok for helsepersonell. https://www.fhi.no/sm/smittevernhandboka/temakapitler/kontroll-og-oppfolging-tarminfeksjoner/
Folkehelseinstituttet. (2025, 3. mars). Norovirus og sapovirus-enteritt – håndbok for helsepersonell. https://www.fhi.no/sm/smittevernhandboka/sykdommer-a-a/norovirusenteritt/
Helsedirektoratet. (2012). Akutt gastroenteritt. https://www.helsedirektoratet.no/retningslinjer/antibiotika-i-primaerhelsetjenesten/mage-tarm-infeksjoner/akutt-gastroenteritt