Kva er halsbrann?
Magesekken inneheld syre for å fordøye maten du et. Halsbrann oppstår når syre kjem opp i matrøyret frå magesekken. Syra kan stundom kome opp i munn og svelg og irritere luftvegane.
Ein ring av musklar skal vanlegvis stenge av øvst i magesekken og halde syra på plass. Jamleg halsbrann oppstår når lukkemuskelen ikkje fungerer godt nok.
Plagast du ofte av sure oppstøyt kan du ha ein tilstand som på fagspråket blir kalla gastroøsofageal reflukssjukdom. Dette betyr at innhald frå magesekken strøymer tilbake opp i matrøyret og gir plager. Det blir forkorta på engelsk til GERD og på norsk til GØRS.
Symptom på halsbrann
Halsbrann blir kjenneteikna av ei ubehageleg, brennande kjensle som vanlegvis startar i brystet og bevegar seg opp mot halsen.
Du kan og oppleve symptom som
- sure oppstøyt
- kvalme
- hoste eller hes stemme
Symptoma blir ofte verre av å ete sterk og krydra mat, ete store måltid eller drikke alkohol eller kaffi. Symptoma blir ofte verre når du lener deg framover eller når du ligger.
Når bør du kontakte helsepersonell?
Av og til kan mageproblem og brystsmerter vere teikn på meir alvorleg sjukdom. Om du har svart avføring eller kastar opp mykje blod, bør du kontakte lege eller legevakta så snart som mogleg. Symptoma kan kome av blødingar i magesekken eller tarmen. Du bør òg søke hjelp raskt dersom du:
- har brystsmerter som bekymrar deg
- får ei kjensle av at maten set seg fast i halsen når du svelgjer
- går ufrivillig ned i vekt eller kjenner deg trøytt utan grunn
Legen kan då vise deg til undersøking av matrøyr og magesekk (gastroskopi). Av og til må legen vurdere om brystsmerta kan kome frå hjartet.
Behandling av halsbrann
Kosthald og livsstil
Kosthald og livsstil har mykje å seie for symptoma på halsbrann og å gjere endringar i livsstil er ofte tilstrekkeleg for å lindre symptoma. Tiltak du kan gjere for å lindre symptoma på halsbrann er:
- Spis regelmessige og mindre måltid. Unngå store måltid rett før du legg deg.
- Unngå alkohol, kaffi og drikkar med høgt syreinnhold, som til dømes juice.
- Om du røyker kan det hjelpe å slutte.
- Unngå feit eller sterkt krydra mat
- Om du er overvektig kan det hjelpe å gå ned i vekt.
Viss symptoma dine blir verre på natta kan det hjelpe å heve hovudenden av senga eller ligge på venstre side om natta.
Syrenøytraliserande medisinar
Viss du berre har halsbrann av og til kan du ha nytte av syrenøytraliserande medisinar.
Syrenøytraliserande medisinar får du kjøpt reseptfritt på apoteket og finst som regel som tyggetablett eller som ein mikstur. Medisinane reduserer irritasjon frå magesyre, og nokre typar dannar ein barriere som hinder magesyra i å kome opp i matrøyret. Dette kan lindre symptoma på halsbrann, men har kortvarig effekt på plagane.
Syrehemmande medisinar
Viss du er svært plaga av halsbrann kan det vere aktuelt å bruke syrehemmande medisinar. Dei reduserer mengda magesyre som produserast i magen.
Det finst to typar syrehemmande medisinar:
- Protonpumpehemmare er mest effektive
- H2-blokkere
Begge typane finst reseptfritt i små pakningar til kortvarig bruk. Snakk med legen dersom du treng behandling over lengre tid. Dei fleste toler medisinane godt, men nokre kan oppleve biverknader.
Kirurgi
Viss ein er svært plaga av halsbrann og livsstilsendringar eller medisinar ikkje har god nok effekt, kan det være aktuelt med operasjon. Operasjonen skal gjere det vanskelegare for mageinnhald å strøyme tilbake opp i matrøyret.
Kva skjer vidare?
Har du mild halsbrann, vil det sannsynlegvis vere tilstrekkeleg å ta syrenøytraliserande legemiddel ein gong iblant. Halsbrann kan òg gå bort av seg sjølv.
Har du mykje plager vil dei fleste få lindring med protonpumpehemmarar. Legen vil vurdere kva dose du treng, og kor ofte du bør ta medisinen.