Kva er trøske?

Trøske er ein soppinfeksjon i munnen, oftast forårsaka av ein sopp som heiter Candida albicans. Soppen finst naturleg i små mengder på hud og slimhinner utan å gi plager, men hos nokon kan soppen danne eit kvitt belegg som gir infeksjon.  

Trøske sjåast ofte hos spedbarn fordi immunforsvaret deira ikkje er ferdig utvikla. Hos vaksne er svekt immunforsvar ofte årsaka til trøske.

Infeksjonen kan oppstå på tunga, på innsida av kinna, i tannkjøttet, i ganen eller i svelget.

Symptom på trøske

Vanlege teikn på trøske er kvite flekkar eller belegg i munnen som kan vere ømme eller svidande. Mange opplever også ei brennande kjensle på tunga, endra smak eller ubehag når dei et.

Om trøske sit i svelget, kan det bli vanskeleg å snakke eller svelge.

Årsaker til trøske

Trøske oppstår når candidasoppen får gode forhold for å vekse, ofte fordi immunforsvaret er svekt. Tilstanden kan også kome av forhold som gir mindre spyttproduksjon, endrar bakteriefloraen i munnen eller skapar irritasjon i slimhinnene.  

Antibiotika, enkelte medisinar, kroniske sjukdommar og dårleg munnhygiene kan bidra til at soppen får utvikle seg.

Risikofaktorer og førebygging

Fleire forhold aukar risikoen for å få trøske:

  • svekte immunforsvar på grunn av sjukdom eller medisinsk behandling (til dømes cellegift, kortison og strålebehandling)
  • bruk av inhalasjonsmedisinar med kortison
  • diabetes
  • langvarig munntørrheit
  • røyking
  • dårleg munnhygiene eller dårleg tilpassa tannprotesar
  • nyleg bruk av antibiotika
  • underernæring

God munnhygiene, rett bruk av inhalasjonsmedisinar, og jamleg reinsing av tannprotesar kan bidra til å førebygge trøske.

Undersøking av trøske

Legen eller tannlegen undersøker munnen for kvite eller raude flekkar. Legen kan også ta prøver for å sjekke om Candida er årsaka.

Behandling av trøske

Hos spedbarn går trøske ofte over av seg sjølv i løpet av nokre veker, men det er vanleg å gi behandling for å lindre ubehag. Ved trøske hos barn som blir amma er det også viktig at mor blir behandla samtidig.

Hos vaksne kan infeksjonen vare lenge om han ikkje blir behandla, og den kan kome tilbake.

Val av behandling kjem an på kor alvorleg infeksjonen er og om immunforsvaret ditt er svekt.

Mild til moderat trøske kan du behandle med soppdrepande midlar som du smør i munnen eller tar som sugetablettar.  

Meir alvorleg trøske blir behandla med soppdrepande tablettar som verkar i heile kroppen. Desse kan gi biverknadar som kvalme, diaré, hovudverk og utslett. Leverskade er ein av biverknadane ved langvarig bruk. Derfor må leverfunksjonen følgast opp av lege.  

Det kan vere nødvendig med førebyggande behandling for personar med svært svakt immunforsvar, som ved hiv/aids eller ved kreftbehandling, og for nokre spedbarn som er fødd for tidleg.

Vondt i munnen hos barn

Når barn klager over vondt i munnen, kan det skyldes smerter i tennene eller sår i munnen.

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Trøske . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tirsdag 13. oktober 2026 [henta søndag 15. november 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/munn-tenner-kjeve/troske/

Sist oppdatert 13. oktober 2026

Fann du det du lette etter?