Nedsett syn - råd til pårørande

Det er mange omsyn å ta når du er pårørande til ein med nedsett syn. Her får du nokon råd som kan gjere livet litt enklare for deg og personen med nedsett syn.

Når du skal prate med ein som har nedsett syn 

  • Vend deg direkte til personen og ikkje til følgesperson. 
  • Si frå når du kjem og går. 
  • Når du legg noko i handa, fortel kva du gir. Gi gjerne ei beskriving. 
  • Ver konkret når du skal beskrive retningar. Unngå ord som "dit" og "der”. 
  • Unngå alarm-uttrykk om det ikkje er fare på ferde. Til dømes: "pass deg!". 
  • Når du følger, hjelper du best ved å tilby ein avslappa arm som heng rett ned og gå eit halvt steg framfor. 
  • Ikkje ta tak i handa og dra med deg ein person som ikkje ser. 
  • Understrek kroppsspråk med ord. 
  • Bruk språket ditt, snakk og fortel så mykje som mogleg om kva du gjer og kva de opplever saman. 
  • Kvar i rommet du plasserer deg kan ha noko å seie for den som ikkje ser. Tenk på motlys og andre lysforhold. 
  • Ikkje forlat personen på ein ukjend stad. 
  • Spør personen om hen treng hjelp, før du eventuelt hjelper til med noko. 

Om du ikkje kjenner personen 

Gi deg til kjenne og presenter deg med namn. Det er greitt med berøring om du ikkje veit namnet på vedkomande. Nemn namnet på personen når du pratar til dei. 

Forsøk å få vite kva slags syn vedkomande har, så du kan tilpasse deg. 

Orden i heimen 

Orden, struktur og faste plassar til gjenstandar er viktig for at den som ikkje ser kan orientere seg og finne ting. 

Bruk av kontrastar og punktbelysning kan bidra til lettare orientering for den som har nedsett syn. 

Slik kan du leve bedre med nedsatt syn

Ha faste plasser til tingene dine, og sørg for riktig belysning rundt deg. Fortell dine nærmeste og andre du omgås om at du har nedsatt syn.

Illustrasjon: Nejron / Mostphotos

Avlasting

Dersom du har tyngande omsorgsoppgåver, kan du ha rett på avlasting. Det kan vere avlasting i barnebustad eller avlasting på sjukeheim. Dette søker du om i kommunen eller bydelen di

Kva kan du gjere om den du kjenner ikkje er klar over at hen har nedsett syn? 

Still opne spørsmål, slik at personen tenker gjennom sin eigen situasjon. Har personen utfordringar i kvardagen på grunn av nedsett syn? 

Du kan oppfordre personen til å prate med fastlegen sin eller ein optikar. Der får personen avklart om hen har utfordringar med synet. Viss fastlegen eller optikaren ser at det er nødvendig vil personen få ei tilvising til vidare oppfølging hos ein augelege. 

Kurs og informasjon til pårørande

Norges Blindeforbund har eit variert kurstilbod gjennom året. Les meir om tilbod til pårørande, på blindeforbundet.no. 

Det kan òg vere kurs i kommunen eller bydelen du bur i. Desse kursa kan variere ut frå

  • kapasitet 
  • kompetanse 
  • rammar 
  • ressursar 

Norges Blindeforbund har pårørandekontaktar du kan snakke med. Om du ønsker å prate med ein pårørandekontakt, kan du ta kontakt med rehabiliteringsavdelinga til Norges Blindeforbund på telefon 23 21 50 00.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Nedsett syn - råd til pårørande. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert mandag 4. mars 2024 [henta mandag 21. juli 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/syn/nedsatt-syn-parorende/

Sist oppdatert mandag 4. mars 2024