Kvardagsteknologi når du har nedsett syn

Du kan tilpasse telefonar, nettbrett, Mac og PC slik at du kan bruke dei sjølv om du er svaksynt eller blind.

Kva er kvardagsteknologi?

Det er viktig å skilje mellom synshjelpemiddel og kvardagsteknologi.  

Kvardagsteknologi er vanlege digitale produkt som mobil, PC og nettbrett. Dette er produkt du må kjøpe sjølv. 

Telefonar, nettbrett, Mac og PC kan du tilpasse slik at du kan bruke dei sjølv om du er svaksynt eller blind. Du kan til dømes:   

•    auke skriftstorleik og bevisst forstørre opp det du ønskjer å sjå på skjermen  

•    velje kontrastfargar som gjer det lettare for deg å sjå   

•    bruke skjermlesarar, som VoiceOver eller Talkback 

•    få hjelp av digitale assistentar, som Siri eller Google Assistent 

Det finst også mange appar som er interessante å bruke viss du er svaksynt eller blind. Les meir om appane for svaksynte og blinde, på kunnskapsbanken.net

Synshjelpemiddel er hjelpemiddel du kan søkje om frå NAV Hjelpemiddelsentral. 

Opplæring i kvardagsteknologi

Mange kommunar gir opplæring i bruk av kvardagsteknologi. Opplæringa får du av vaksenopplæringa eller av helsetenestene i kommunen. Norges blindeforbund har også kompetanse om korleis kvardagsteknologi kan bli brukt på ein god måte.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Kvardagsteknologi når du har nedsett syn. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 23. februar 2024 [henta torsdag 16. mai 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/syn/syn-hverdagsteknologi/

Sist oppdatert fredag 23. februar 2024