Helfo gir ingen stønad til behandling som berre har eit kosmetisk føremål.
Krav for at Helfo skal gje stønad
Desse krava må vere oppfylt for at Helfo skal kunne gje stønad:
- For at pasienten skal ha rett til stønad, må behandlinga vere påbegynt seinast det året pasienten fyller 20 år.
- Kjeveortopeden må ha direkte oppgjer med Helfo. Med direkte oppgjer blir stønaden utbetalt direkte til kjeveortopeden, slik at pasienten berre må betale eigenandelen.
Du må rekne med ei eigenbetaling
Kjeveortopedar har fri prissetting, og kan derfor ta meir betalt for behandlinga enn det stønaden frå Helfo dekker.
Det betyr at pasientane må rekne med å måtte betale ein del av behandlinga sjølv, også dei som har rett til 100 prosent stønad.
Treng barnet/ungdommen tannregulering?
Foreldre som lurer på om barnet deira treng tannregulering, må gå via tannlege eller tannpleier i den offentlege tannhelsetenesta for å få ei vurdering.
Det same gjeld unge vaksne som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret. Tannlegen eller tannpleiaren skal gjere ei sjølvstendig vurdering av behandlingsbehovet, og eventuelt tilvise (henvise) videre til kjeveortoped.
Det er kjeveortopeden som avgjer om barnet treng behandling, og i så fall kva for behandling.
Utvida stønad for familiar med fleire enn eitt barn
Familiar med fleire enn eitt barn med behov for kjeveortopedisk behandling kan ha krav på utvida stønad (søskenmoderasjon), etter nærare fastsette vilkår. Den føresette må opplyse kjeveortopeden om at det er fleire søsken i familien med tannregulering, og dokumentere at behandlinga av det første barnet har påført familien faktiske utgifter.
Ordninga med utvida stønad til utgifter til kjeveortopedisk behandling gjeld familiar der fleire enn eitt barn har behov for slik behandling. Utvida stønad gjeld frå det neste barnet (med behov for tannregulering) og dei påfølgjande søskena.
- Heilsøsken, halvsøsken og fostersøsken blir definerte som søsken.
- Stesøsken blir ikkje definerte som søsken i denne samanhengen.
Sjå eventuelt informasjon frå Nav om bidrag frå den andre forelderen til særlege utgifter som tannregulering, konfirmasjon og briller.
Tannregulering for vaksne
Hovudregelen er at vaksne må betale for tannbehandlinga dei har behov for, men i nokre tilfelle kan pasienten få stønad frå Helfo til tannregulering, uavhengig av alder. Dette kan vere tilfelle ved:
- rehabilitering ved tanntap som følgje av marginal periodontitt
- tannagenesi (medfødd manglande tann-anlegg)
- tannskadar ved godkjend yrkesskade
- tannskade ved ulukke som ikkje er yrkesskade
Vaksne som lurer på om dei kan ha krav på stønad frå Helfo til tannregulering, må ta kontakt med tannlegen sin.
Tannlegen kan vurdere om de fell inn under nokon av tilstandane/tilfella som kan gje rett til stønad frå Helfo.

Hvem betaler tannlegeregningen?
Barn får gratis tannbehandling i den offentlige tannhelsetjenesten. Voksne må i utgangspunktet betale selv, men det finnes mange unntak.
Illustrasjon: Morten Rakke / Helfo