Meir om tenesta
Denne tenesta krev samtykke til tilgangsnivå Basis eller høgare.
Du kan sjå og endre samtykket ditt under personverninnstillingar.
For å kunne nytte denne tenesta på vegner av andre som du ikkje har foreldreansvar for, må dei gi fullmakt til tenesteområde nummer 1: Innsyn i opplysningar registrert om deg.
Den som gir fullmakta kan velje å skjule enkeltdokument for andre, sjølv om dei har fullmakt.
Du kan nytte denne tenesta på vegner av barn under 16 år som du har foreldreansvar for, men berre dersom minst éin av foreldra er folkeregistrert på same adresse som barnet:
- Dersom ein eller fleire av foreldra er folkeregistrert på same adresse som barnet, vil begge foreldra kunne representere barnet.
- Dersom ingen av foreldra er folkeregistrert på same adresse som barnet, vil ingen av dei kunne representere barnet.
Du vil ikkje kunne sjå dokument som kjem frå ei teneste som:
- ikkje kan nyttast på vegner av barnet
- du ikkje har samtykt til
Her finn du meir informasjon om å representere barn på Helsenorge.
Hemmeleg adresse er ofte kalla «fortruleg adresse» eller «adressesperre».
Denne tenesta er tilgjengeleg for personar med fortruleg adresse (kode 7) og strengt fortruleg adresse (kode 6).
Dersom delar av denne tenesta inneheld informasjon frå andre tenester som på grunn av fortruleg adresse ikkje er tilgjengeleg for deg, vil du heller ikkje sjå det her.
Dersom du bur på fortruleg adresse vil du ikkje kunne representere andre på Helsenorge, og andre vil heller ikkje kunne handle på dine vegner.