
Helseskader av snus
Snus inneholder helseskadelige stoffer. Gravide bør ikke snuse. Se hva snus gjør med kroppen.
Illustration: Yauheni Khomich / Mostphotos
Vil du slutte å snuse, kan du bråslutte no eller bruke tid på å førebu deg mot ein sluttedag. Det finst hjelpemiddel som kan gjere det lettare.
Illustration: Jose Manuel Gelpi / Mostphotos
Det kan hjelpe å planleggje og førebu seg mot ein sluttedato. Om du i dag bestemmer deg for ein sluttedato 2–4 veker fram i tid, er sjansen stor for at du får det til.
Du kan velje om du snusar som vanleg fram til sluttedatoen, eller om du prøver å endre på nokre av vanane. Dersom du endrar på nokre av snusvanane i framkant, blir du meir medviten om kva situasjonar som kan bli utfordrande når du skal slutte.
Du kan:
Spør deg sjølv:
Snus inneholder helseskadelige stoffer. Gravide bør ikke snuse. Se hva snus gjør med kroppen.
Illustration: Yauheni Khomich / Mostphotos
Fordi du er avhengig, vil du mest sannsynleg kjenne på litt tvil når sluttedagen kjem. Ikkje la tvilen overtale deg til å utsetje å slutte eller tillate deg å snuse litt. Kutt snusen heilt – det er aller viktigast for å lykkast!
Om du får abstinensplager når du sluttar å snuse, er det fint å vite at slike plager er verst dei første 2–3 dagane. I løpet av 2–4 veker er abstinensplagene over for dei fleste. Det vanlegaste er å kjenne seg svimmel, ukonsentrert, rastlaus eller i dårleg humør.
Nikotinsug og abstinens er vanleg når du skal slutte å snuse eller røyke. Hald ut. Det verste er over etter kort tid, og det finst råd som hjelper.
Illustration: Mostphotos
Nikotinlegemiddel og reseptbelagde legemiddel berekna for røykjeslutt ser ut til å kunne vere til hjelp på kort sikt. Det er så langt ikkje forska nok på langtidseffekten på snusslutt. Reseptpliktige legemiddel kan dempe suget etter snus og minske sjansen for vektauke så lenge behandlinga går føre seg. For meir informasjon om legemiddel, snakk med apotek eller lege.
Slutta-appen kan brukast som din personlege hjelpar og motivator når du skal slutte å røykje eller snuse. Appen viser deg også kor mykje du sparer på å slutte.
Det er enklere med litt hjelp. Bruk Slutta-appen, snakk med helsepersonell eller apotek, bruk legemidler, sjekk tilbudet på kommunens frisklivssentral.
Illustration: Helsedirektoratet
Get help to stop smoking or using snuff with the app Slutta.
See what happens in your body when you stop smoking.
With this test you can get a pointer.