Kva er jernmangelanemi?

Jernmangelanemi betyr at du har for lite hemoglobin i blodet, på grunn av jernmangel. Hemoglobin er eit stoff som fraktar oksygen i raude blodlekamar frå lungene og ut til cellene i kroppen.  

Lågt jerninnhald i kroppen vil på sikt føre til utvikling av anemi, det vil seie låg blodprosent eller blodmangel. Då fraktar blodet mindre oksygen enn vanleg. Dette kan føre til at du blir fortare sliten, andpusten eller svimmel.

Symptom på jernmangelanemi

Vanlige symptom på jernmangelanemi er at du føler deg: 

  • trøytt og sliten over tid, utan kjend årsak 
  • lettare andpusten  
  • hurtig puls og nedsett fysisk yteevne 
  • svimmel og ør 

Du kan også få: 

  • bleik hud eller bleike slimhinner 
  • sår tunge 
  • hovudverk
  • håravfall 
  • tynne negler 
  • frysing på hender og føter 
  • uro i beina, særleg om kvelden eller natta  
  • svart eller mørk avføring (På grunn av blødingar i mage-tarmkanalen. Ved langvarige småblødingar kan avføringa verke heilt normal). 

Bestill time hos fastlegen om du trur du kan ha jernmangelanemi. Dersom jernmangelanemien utviklar seg langsamt, kan det hende du ikkje kjenner nokon symptom.

Årsaker til jernmangelanemi

Dei vanlegaste årsakene til jernmangelanemi er blodtap, for lite jern i kosthaldet eller dårleg opptak av jern i tarmen.

Blodtap 

Mistar du blod, mistar du også jern. Hos vaksne er blodtap den vanlegaste årsaka til jernmangelanemi. Jernmangel kan kome gradvis. Vanlege årsaker er kraftige menstruasjonsblødingar eller små blødingar frå magesekken eller tarmen.  

For lite jern i kosthaldet 

Kroppen får vanlegvis nok jern frå det du et og drikk. Et du lite mat som inneheld jern, kan du likevel utvikle jernmangelanemi. 

Gode kjelder til jern er: 

  • fullkornsprodukt, som grovt brød, korn, fullkornsris og -pasta 
  • bønner, linser og erter 
  • nøtter og frø 
  • grøne bladgrønsaker 
  • potetar 
  • kjøt, fugl, fisk og egg 

Barn og gravide har auka behov for jern, og hos dei kan jernmangel oppstå ved for lågt inntak gjennom kosthaldet. Er du gravid, bør du følge råda du får frå jordmor eller lege etter blodprøver. 

Om du et lite eller ikkje noko kjøt, bør du vere ekstra merksam på å få i deg nok jern via andre kjelder. 

C-vitamin frå frukt, bær og grønsaker kan hjelpe kroppen å ta opp jern frå maten. 

Dårleg opptak av jern i kroppen 

Jern frå maten blir tatt opp i tynntarmen og går over i blodet. Nokre tilstandar kan gjere at kroppen tar opp mindre jern. Det kan til dømes gjelde om du:  

  • har fjerna delar av tynntarmen 
  • har ein tarmsjukdom, som Crohns sjukdom eller cøliaki 
  • brukar medisinar som reduserer mengda magesyre (syrehemmande medisinar) 

C-vitamin kan hjelpe kroppen å ta opp jern. Du kan til dømes ta jerntilskotet saman med appelsinjuice.

Dietary guidelines

The dietary guidelines describe what you should eat in order to stay healthy. Use the dietary guidelines as inspiration on how to put together a healthy diet that suits you.

Undersøking av jernmangelanemi

Legen kan ta ei blodprøve for å finne ut om du har jernmangelanemi. Blodprøvene kan blant anna vise blodprosenten og kor mykje jern kroppen har lagra.  

Nokon kan også trenge avføringsprøve eller undersøking av mage og tarm. Det gjeld særleg vaksne som har jernmangel utan ei tydeleg forklaring. 

Legen vil vurdere om du har behov for tilvising til sjukehus. Der kan dei undersøke tarmen for å utelukke sjukdom. 

Ved menstruasjon med store blødingar (menoragi) kan det vere nødvendig med ei gynekologisk undersøking.

Behandling av jernmangelanemi

Legen vil først og fremst prøve å finne årsaka til jernmangelen. Om legen finn årsaka, bør ho behandlast.  

Det er vanleg å behandle jernmangelanemi med jerntilskot i form av tablettar eller mikstur. 

For å normalisere jernlageret må du ofte ta jerntilskot i ein lengre periode. Kor lenge du treng behandling, avheng blant anna av kor stor jernmangelen er, og om årsaka til jernmangelen framleis er til stades. 

Ta jerntilskot slik legen har anbefalt. Det er best å starte med ein låg dose og ta jerntilskot på tom mage. 

  • kvalme 
  • magesmerter 
  • forstopping 
  • laus mage 
  • mørk avføring (vanleg ved jerntilskot) 

Mange vil oppleve at biverknadane blir mindre over tid. Om du får mageplager, kan legen eller apoteket gi råd om korleis du kan ta det.

Om jerntilskotet ikkje verkar, eller du ikkje toler det, kan legen vurdere anna behandling. Nokre få, til dømes personar med tarmsjukdom, kan trenge jerninjeksjon.

Laster inn

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av The Norwegian Directorate of Health

The Norwegian Directorate of Health. Jernmangelanemi. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert Monday, August 17, 2026 [henta Saturday, November 21, 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/en/sykdom/blod-og-lymfe/jernmangelanemi/

Sist oppdatert 17. August 2026

Did you find what you were looking for?