Sex etter fødsel

Ein fødsel treng ikkje å påverke seksuallivet, men for nokre kan aktiviteten og lysta bli endra fordi ein er trøtt og døgnrytmen vert forstyrra.

Lysten på sex for et par etter fødselen kan være mindre

Illustrasjon: Johnér

For kvinna kan skjeden kjennest vid, tørr og øm etter fødselen. På grunn av infeksjonsfare kan det vere klokt å vente med å ha vaginalt samleie til blødingane etter fødselen har stoppa.

Vi tilrår at de brukar kondom så lenge kvinna har blødingar, eller dei seks første vekene etter fødsel.​ Dette gjeld også for kvinner som har sex med kvinner (f.eks. dersom ein brukar sexleiketøy).

Du kan bli gravid før du får tilbake menstruasjonen

Dersom du ammar får du som regel ikkje normal menstruasjon før ammeperioden er slutt. Hugs at eggløysinga skjer før første menstruasjonen kjem attende, du kan derfor bli gravid utan å ha fått den første blødinga etter svangerskapet. Jordmødrer og legar kan tilby samtalar etter fødsel med prevensjonsrettleiing.

Glidemiddel når du har tørr skjede

Dersom skjeden kjennest tørr når du har samleie, noko som er svært vanleg særleg når du ammar, kan det vere ein god idé å bruke glidemiddel. Når du brukar kondom må glidemiddelet vere vatn- eller silikonbasert – oljebasert glidemiddel kan øydelegge kondomet.

Mange kvinner føler at amming forsterkar femininiteten og seksualiteten. Enkelte opplever eit seksuelt overskot og har eit godt samliv denne perioden.

Gode prevensjonsalternativ

Langtidsverkande prevensjon, som hormonspiral og p-stav, blir rekna som den prevensjonsmetoden som gir høgast grad av tryggleik mot graviditet. Mange kvinner vel helst denne prevensjonsmetoden. Koparspiral er eit godt alternativ for dei som ikkje vil tilsetje kroppen ekstra hormon.

P-sprøyte er trygg prevensjon, men har kortare verknad. Kondom kan også brukast, men gir lågast grad av tryggleik mot graviditet. Kondom blir tilrådd dei første seks vekene etter fødsel for å førebygge infeksjon. Kondom vernar mot seksuelt overførbare sjukdomar.

Lege, jordmor eller helsesjukepleiar kan informere deg om prevensjonsmiddel. Helsesjukepleiarar og jordmødrer kan også skrive ut alle typar prevensjonsmiddel til alle kvinner over 16 år. Dei som har fått opplæring i dette kan i tillegg setje inn p-stav og spiral.

Amming og p-piller

Helsepersonell har tradisjonelt vore tilbakehaldne med å tilrå enkelte p-piller (kombinasjonspreparat) til ammande mødrer, fordi østrogen kan redusere melkeproduksjonen og endre samansetnaden i mjølka i tillegg til at små mengder steroid går over i morsmjølka.

For å hindre eventuell verknad på det nyfødde barnet, blir det tilrådd å vente 6 veker etter fødsel eller keisarsnitt før ein byrjar med p-piller.

Amming og minipiller

Minipiller (gestagenpreparat) blir ikkje tilrådd som første val for kvinner som ammar og vil ha hormonell prevensjon. Årsaka er risiko for brukarfeil fordi ein må ta minipiller på same tidspunkt kvar dag. Ved inntak er det berre rom for nokre timar avvik/tidsvariasjon, og det passar ofte dårleg saman med ein ustabil døgnrytme hos det nyfødde barnet og mora.

For å hindre eventuell verknad på det nyfødde barnet, blir det tilrådd å vente 6 veker etter fødsel eller keisarsnitt før ein byrjar med minipiller.