Søtningsstoff i kosttilskot
Fleire kosttilskot og vitaminpreparat inneheld søtningsstoff som sorbitol eller xylitol. Større inntak av søtingsstoff kan føre til avførande (lakserande) effekt. Vanlege symptom er
- magesmerter, luftsmerter
 - kvalme og oppkast
 - diaré
 
Symptoma går vanlegvis over av seg sjølv innan kort tid. Kor kraftige symptoma blir er avhengig av mengde og sensitivitet overfor dei kunstige søtingsstoffa.

Vitaminbjørner®
Giftinformasjonen får jevnlig henvendelser om barn som har spist for mange Vitaminbjørner®. Her kan du lese mer om hva du bør gjøre dersom barnet ditt har spist for mange.
Illustrasjon: Orkla©
Tran
Tran inneheld blant anna vitamin A og vitamin D. Vitamina er feittlauslege og kan i store dosar føre til forgifting. Det skal likevel drikkast ei stor mengde tran før det gir akutt forgifting.
Ved gjentekne høge dosar er det fare for forgifting med vitamin A og vitamin D. Kontakt lege for vurdering.
Barn 0-12 månader:
- Enkeltinntak av inntil 375 ml Möller's Tran er lite farleg. Kan føre til forbigåande ubehag i magen.
 - Dersom barnet ditt har fått i seg ei for stor mengde tran ved eit eingongstilfelle, unngå å gi barnet vitamintilskot i inntil ein månad.
 
Barn fra 1 år og oppover
- Enkeltinntak av inntil 500 ml Möller's Tran er lite farleg. Kan føre til forbigåande ubehag i magen.
 - Dersom barnet ditt har fått i seg ei for stor mengde tran ved eit eingongstilfelle, unngå å gi barnet vitamintilskot i inntil ein månad.
 
Multivitamin utan jern
- Eit enkelt stort inntak av multivitamin utan jern utgjer liten fare for akutt forgifting. Det er likevel viktig å gi kroppen tid til å bruke opp overskotet av vitamina som er inntekne.
 - Inntil 20 tablettar multivitamin utan jern er ikkje farleg, sjølv for små barn.
 - Fleire typar multivitamin inneheld søtingsstoff som til dømes sorbitol som kan gi magesmerter, kvalme, oppkast og diaré. Vanlegvis går slike symptom over av seg sjølv.
 - Dersom barnet ditt har fått i seg ei for stor mengde multivitamin, unngå å gi barnet vitamintilskot i inntil ein månad.
 - Kontakt Giftinformasjonen for råd ved større inntak eller dersom preparatet inneheld jern.
 
Multivitamin med jern
Multivitamin som inneheld jern kan gi jernforgifting. Kontakt Giftinformasjonen for råd viss nokon har fått i seg slike preparat ved eit uhell eller ved overdosering.
