Førebuingar til å bli gravid

Dersom du planlegg å bli gravid, kan det hende du treng å gjere nokre endringar i livsstil, medisinbruk eller andre forhold knytte til helsa di.

Det er ein del forholdsreglar og grep ein kan ta for å auke sjansen for å bli gravid og sikre ein trygg start på graviditeten. 

Mange veit ikkje at de er gravide før det har gått nokre veker. Ein del ting du skal passe på når du er gravid, bør du derfor begynne å tenkje på allereie når du startar å prøve.

Røyk, snus, alkohol og andre rusmiddel

Det beste er om du unngår å drikke alkohol medan du prøver å bli gravid. Alkohol kan redusere fruktbarheita både hos kvinna og mannen og auke risikoen for spontanabort. 

Ver ekstra påpasseleg i tidsrommet etter eggløysing og fram til du skal ha neste menstruasjon. Du kan ha vorte gravid i denne perioden. 

Røyking svekkjer fruktbarheita hos både menn og kvinner, og mykje tyder på at også snus gjev dårlegare fruktbarheit. Du reduserer risikoen for spontanabort ved å vere røykfri.  

Bruk av narkotika gjer deg mindre fruktbar og er skadeleg for fosteret. Dersom du bruker narkotika eller medisinar som ein del av legemiddelassistert rehabilitering for ruspasientar (LAR), er det viktig å få hjelp av helsepersonell dersom du ønskjer å bli gravid, og under graviditeten. 

Snus, røyk og graviditet

Om du ikkje røyker eller snusar når du er gravid, gir du barnet ditt betre moglegheiter for god vekst og utvikling. Røyk og snus aukar risikoen for komplikasjonar.

Kosthald og kosttilskot

Pass på at du får i deg sunn og næringsrik mat når du prøver å bli gravid.  

Alle kvinner som planlegg å bli gravide, bør ta tilskot som inneheld folat, minimum ein månad før befruktning og i dei første tre månadene av svangerskapet. God folatstatus når du blir gravid og tidleg i svangerskapet kan bidra til å førebyggje alvorlege skadar som ryggmargsbrokk hos barnet. 

Dersom du et lite fisk og meieriprodukt, eller har eit vegetarisk eller vegansk kosthald, bør du ta eit multivitamin-mineraltilskot dagleg i tida før du blir gravid. Tilskotet bør innehalde minimum folat (400 mikrogram), D-vitamin, vitamin B12 og jod. I tillegg bør du ta eit tilskot av omega- 3-feittsyra dokosaheksaensyre (DHA).  

Det går fint å ha eit sunt kosthald utan fisk, meieriprodukt eller andre matvarer frå dyreriket (som i eit vegansk kosthald), òg når du planlegg svangerskap, er gravid eller ammar. Plantebaserte kosthald kan være rike på næringsstoff, men det er enkelte vitamin og mineral du bør passe ekstra godt på at du får nok av.  

Det beste for eit sunt svangerskap og ein ukomplisert fødsel er om du har normal vekt før svangerskapet. Er du overvektig, er det derfor ein fordel om du greier å gå ned i vekt før du blir gravid.

Fysisk aktivitet

Fysisk aktivitet reduserer stress og kan dermed gjere det lettare for deg å bli gravid. Dersom du trenar mykje, er det viktig at du får i deg nok mat og dermed meir energi, slik at du ikkje mistar menstruasjonen. Les meir om tilrådingane frå Helsedirektoratet for fysisk aktivitet her.

Arbeidslivet

Det er få arbeidsplassar det er farleg å jobbe ved når du er gravid eller planlegg å bli gravid. Nokre typar arbeidsmiljø må likevel leggje til rette for dei som ønskjer å bli gravide. Du kan lese meir om dette på arbeidstilsynet sine nettsidar.

Snakk med helsetenesta om sjukdomar og medisinar

Har du slite med eteforstyrringar eller psykiske lidingar, er det ein fordel at du tek kontakt med lege når du prøver å bli gravid. 

For dei som har kroniske lidingar som diabetes, epilepsi, høgt eller lågt stoffskifte eller andre sjukdomar som påverkar hormonbalansen, eller der du har behov for medisinar, er det også tilrådd å prøve å planleggje ein graviditet i samråd med lege. 

Det same gjeld om du har hiv eller hepatitt som kan overførast til barnet, bør du planleggje graviditeten saman med legen din, helst i framkant av graviditeten. 

Dersom du bruker faste legemiddel, bør du snakke med legen din om at du planlegg graviditet. Legen vil vurdere om inntaket bør endrast fordi du planlegg graviditet. 

Du bør ikkje slutte å ta legemiddel utan at dette er planlagt saman med legen din. Det kan vere skadeleg både for deg og fosteret. 

Gravid som tar medisiner

Graviditet og legemidler

Noen medisiner kan brukes av gravide fordi de ganske sikkert ikke skader fosteret. Se hvilke medisiner du kan og ikke kan bruke i graviditeten.

Illustrasjon: Andrey Popov / Mostphotos

Slit du med å bli gravid?

Dei fleste par i fruktbar alder som prøver å få barn, blir gravide innan om lag eitt år. Rundt 10 til 15 prosent av para lukkast likevel ikkje innan eit år. 

Par som har prøvd i eitt år utan å bli gravide, blir rekna som ufrivillig barnlause. Men fleire av desse para vil lukkast, også etter at eitt år har gått. Dersom du og partnaren din ikkje lukkast med å bli gravid etter eitt år, kan de kontakte fastlegen som tilviser til ein spesialist i spesialisthelsetenesta. Utgreiing for ufrivillig barnløyse er alltid ei utgreiing av eit par. Det kan vere aktuelt med assistert befruktning om du ikkje blir gravid. 

Er kvinna meir enn 35 år, kan ein søkje legehjelp alt etter eit halvt års forsøk utan å ha vorte gravid. Ved best moglege forhold reknar ein med at det berre er 20 prosent sjanse for å bli gravid ved kvar eggløysing.

Er du ufrivillig barnløs?

Hvis dere har prøvd å få barn i ett år uten å lykkes, kan dere få diagnosen infertilitet. Det finnes behandling som kan hjelpe.

Mattilsynet

Råd om trygg mat og drikke under svangerskapet, og informasjon om amming.

Trygg mammamedisin

Få råd frå fagfolk om trygg medisinbruk ved graviditet og amming. Tenesta er gratis. 

Zanzu

Informasjon om graviditet, fødsel og barseltid på arabisk, engelsk, farsi, fransk, norsk, polsk, somali, tigrinja og tyrkisk retta mot innvandrarar og andre med kort butid.

Nasjonal faglig retningslinje for svangerskapsomsorgen, Helsedirektoratet 06.06 2018.​    

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Førebuingar til å bli gravid . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 2. mai 2025 [henta onsdag 21. mai 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/gravid/vil-bli-gravid/

Sist oppdatert fredag 2. mai 2025