Kven behandlar høyrsla di?

Det er fleire behandlarar som kan hjelpe deg med høyrsla di.

Øyre-nase-hals-lege

Om du har problem med høyrsla, kan fastlegen vise deg til ein øyre-nase-hals-lege. Denne legen kan finne årsaka til høyrsleproblemet ditt. Det kan vere ulike årsaker til nedsett høyrsle, og det er viktig å avklare årsaka. 

Dersom du har ein øyresjukdom, kan det krevje at du får behandling.

Audiograf

Audiografene sine arbeidsoppgåver er å:  

Audiografar jobbar:

  • på høyrslesentralar ved sjukehus  
  • hos avtalespesialistar innan øyre-nase-hals  
  • hos leverandørar av høyreapparat  

Nokon er også tilsette på NAV sine hjelpemiddelsentralar eller jobbar privat.  

Audiopedagog 

Ein audiopedagog er ein spesialpedagog med kunnskap om høyrsle, kommunikasjon, pedagogikk og språk. Audiopedagogar jobbar med menneske som har ulike utfordringar med høyrsla, og vanskar med språk og kommunikasjon.   

Ein audiopedagog kan hjelpe deg med:  

  • rettleiing til barnehage og skule om tilrettelegging for barn og elevar med høyrselstap  
  • rettleie foreldre til barn med nedsett høyrsle  
  • rettleie personar med nedsett høyrsle eller andre høyrsleutfordringar  
  • kartlegge lytte- og språkutvikling, samt ferdigheiter og strategiar for kommunikasjon  
  • lyttetrening for barn og vaksne med høyreapparat og cochlea-implantat  
  • rettleiing og behandling for tinnitus, oversensibilitet for lydar (hyperakusis), misofoni og fonofobi. 

For å få time hos ein audiopedagog, må du prate med fastlegen din.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Kven behandlar høyrsla di?. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 15. desember 2023 [henta onsdag 8. mai 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/horsel/hvem-behandler-horselen-din/

Sist oppdatert fredag 15. desember 2023