Øyre-nase-hals-lege

Om du har problem med høyrsla, kan fastlegen vise deg til ein øyre-nase-hals-lege. Denne legen kan finne årsaka til høyrsleproblemet ditt. Det kan vere ulike årsaker til nedsett høyrsle, og det er viktig å avklare årsaka.  

Dersom du har ein øyresjukdom, kan det krevje at du får behandling. 

Sykdommer og plager i ørene

En rekke sykdommer og skader kan gi plager i ørene. Noen kan også gi nedsatt hørsel. Prat med legen din hvis du opplever ubehag eller smerter i ørene.

Audiograf

Ein audiograf har kunnskap om høyrselfunksjon, førebygging, audiologisk utgreiing og behandling av ulike høyrselutfordringar. Audiografar kan formidle høyreapparat dersom det er nødvendig og føremålstenleg for å oppretthalde god funksjon, og kan gi råd og rettleiing om andre høyrselstekniske hjelpemiddel. 

Audiografene sine arbeidsoppgåver er å:  

Audiopedagog 

Ein audiopedagog er ein spesialpedagog med kunnskap om høyrsle, kommunikasjon, pedagogikk og språk. Audiopedagogar jobbar med menneske som har ulike utfordringar med høyrsla, og vanskar med språk og kommunikasjon.    

Ein audiopedagog kan hjelpe deg med:  

  • rettleiing til barnehage og skule om tilrettelegging for barn og elevar med høyrselstap  
  • rettleie foreldre til barn med nedsett høyrsle  
  • rettleie personar med nedsett høyrsle eller andre høyrsleutfordringar  
  • kartlegge lytte- og språkutvikling, samt ferdigheiter og strategiar for kommunikasjon  
  • lyttetrening for barn og vaksne med høyreapparat og cochlea-implantat  
  • rettleiing og behandling for tinnitus, oversensibilitet for lydar (hyperakusis), misofoni og fonofobi. 

For å få time hos audiograf, øre-nese-hals-lege eller audiogpedagog må du prate med fastlegen din.  

Hva er nedsatt hørsel?

Hvis du har problemer med å høre og oppfatte lyder som det menneskelige øret normalt skal fange opp, kan du ha nedsatt hørsel.

Slik kan du leve betre med nedsett høyrsle

Har du nedsett høyrsle, kan det vere krevjande å kommunisere i kvardagen. Her finn du råd om korleis du kan bruke høyreapparat og enkle tilretteleggingar for å høyre betre, forstå meir og delta i samtalar.

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Kven behandlar høyrsla di?. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 2. juli 2027 [henta søndag 26. juli 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/horsel/hvem-behandler-horselen-din/

Sist oppdatert 2. juli 2027

Fann du det du lette etter?