Oppfølginga i barseltida vil som regel avhenge av
- kor mykje hjelp du og barnet treng for å komme godt i gang med amminga
- vektutviklinga til barnet
- inngrep og komplikasjonar i samband med fødsel eller hos det nyfødde barnet, som kan forlenge barselopphaldet på sjukehuset og kreve ekstra oppfølging
På barselavdelinga
På barsel er det ønskeleg at mor, partnar og barn skal få vere mest mogleg saman. Er barnet friskt, er det alltid hos foreldra sine.
På barselavdelinga har de fleire samtalar med helsepersonell. De får informasjon og rettleiing dei første dagane etter fødselen.
Oppfølginga omfattar det som er viktigast i denne tida:
- amming og spedbarnsmat
- helsa til mor og barnet
- sovestillinga til barnet
- stell av det nyfødde barnet
- aktivitet, kvile og hygiene
Varigheita av opphaldet vil variere etter behov, men det vanlegaste er at mor og barn er på barselavdelinga frå 1 til 3 døgn etter fødselen.
Viss alt er normal etter fødselen, er det mogleg å reisa heim berre timar etter fødselen om du ønsker det. Fleire kommunar tilbyr heimebesøk av jordmor 1-3 dagar etter heimkomst.
Før heimreise er det tid for ein ny samtale med helsepersonell. I tillegg til punkta over vil denne samtalen også handle om:
- gjennomgang av fødselen
- kvar de kan gå ved behov for hjelp
- heimebesøk av jordmor eller helsesjukepleiar
- timeavtale hos fastlege eller sjukehus ved behov for ekstra oppfølging
Det er viktig at du kjenner deg trygg på å dra heim frå sjukehuset. Er du uroleg, usikker eller har spørsmål, anten på barselavdelinga eller når du kjem heim, ta kontakt med jordmor eller fastlegen.
Oppfølging etter heimkomst
Når de forlèt sjukehuset, skal de ha ein plan om oppfølging. Sjukehuset har ansvar for å gi beskjed til helsestasjonen, fastlegen og jordmortenesta om at mor og barn reiser heim. Dette kan ta nokre dagar, så det er ein fordel om du/de sjølv kontaktar helsestasjonen ved heimreise og seier frå om at de har komme heim. Ved helg eller heilagdag er helsestasjonen stengd. Då kan du anten ringe helsestasjonen frå barselavdelinga før helg eller heilagdag, eller første arbeidsdag etter heimreise.
Du bør tilbydast eit heimebesøk av jordmor dei tre første døgna etter heimreise.Du får besøk av helsesjukepleiar den sjuande til tiande dagen etter fødselen.
Om du har behov for oppfølging før avtalt tid for heimebesøk, ta direkte kontakt med helsestasjonen i kommunen din, eller med sjukehuset der du fødde.
Kontroll av mor 4 til 8 veker etter fødsel
Du som har fødd har rett på ein gratis kontroll 4 til 8 veker etter fødselen hos jordmor på helsestasjonen, eller hos fastlegen. Denne kontrollen er retta inn mot helsa di, og omfattar informasjon og tilbod om prevensjon. Du må sjølv bestille denne kontrollen.
Av og til vil det vere behov for time hos fastlegen tidlegare, anten fordi sjukehuset har tilrådd det, eller du sjølv ønsker det.

Helsestasjon for barn 0-5 år
Helsestasjonen gir tilbod om vidare oppfølging av barnet fram til skulestart. Dette skal skje etter eit fast program.
Illustrasjon: Rebecca Ravneberg / Helsedirektoratet
Bruke Helsenorge på vegner av barn
På Helsenorge kan du blant anna bestille time til barnet hos fastlege og helsestasjon, fornye reseptar og sende meldingar. Du kan bruke Helsenorge på vegner av barnet ditt fram til det er 16 år.
Be om hjelp og still spørsmål
Den viktigaste informasjonen som helsepersonell får om mor, barn og familien, er dei opplysningane de gir sjølv. For å få rett hjelp og oppfølging er det viktig at de stiller helsepersonellet spørsmål om de er usikre. Før ein samtale kan de notere ned spørsmål som de ønsker å stille.
Det er fleire måtar å få informasjon på, både skriftleg, i samtale éin til éin, eller som undervisning i grupper. Kva som blir tilbode der du bur, får du vite ved å vende deg til helsestasjonen.
Kroppen og den første tida rett etter fødselen
Dei fleste vil få nokre kroppslege og kjenslemessige plager i etterkant av fødselen, sjølv etter ein ukomplisert fødsel.
Gode råd for å ta vare på spedbarnet
Les om spedbarnsmat, omsorg for barnet og oppfølging på helsestasjonen.
