Såpebobler

Såpebobler er lite farlege å smake på. Ved søl i auga kan det gi irritasjon. Gi litt drikke eller skyl auga. Ved milde symptom kan ein sjå an situasjonen heime.

Gutt iført gul t-skjorte og blå bukse, som blåser såpebobler i en grønn eng

Såpebobler er lite farleg å smake på, men kan gje lette og forbigåande symptom frå magen ved svelging.

Kva inneheld såpeboblevatn?

Såpeboblevatn inneheld for det meste såpestoff (tensid), og er lite farleg å smake på.

Symptom som kan komme etter uhell med såpeboblevatn

Ved svelging av såpeboblevatn kan det oppstå

  • kvalme
  • oppkast
  • diaré

Såpebobleprodukt kan verke mildt irriterande på slimhinner og auge. Dersom du får såpeboblevatn i auga kan det gi symptom som

  • raudne
  • svie
  • tåreflod

Kva gjer du etter uhell med såpeboblevatn?

Ved svelging av såpeboblevatn

  • Skyl munnen.
  • Gi litt drikke.
  • Kontakt lege ved langvarige eller kraftige symptom.

Ved såpeboblevatn i auget

  • Skyl auga med lunka rennande vatn i nokre minutt.
  • Kontakt lege dersom irritasjonen i auga varar ved.

Giftinformasjonen er tilgjengeleg ved behov

22 59 13 00

Døgnopen telefon

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Såpebobler. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 19. april 2024 [henta torsdag 30. mai 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/produkter-og-kjemikalier/sapebobler/

Sist oppdatert fredag 19. april 2024