Vanlege utfordringar i kvardagen
Å kjenne seg uroleg og bekymre seg mykje i periodar er heilt normalt. Nokre gonger er det openberre årsaker til plagene, andre gonger er det vanskeleg å finne ei årsak til bekymringane.
For dei fleste vil bekymringar gå over av seg sjølv. Dersom det ikkje går over, kan det hjelpe å snakke med nokon.
Dersom du bekymrar deg så mykje at det avgrensar deg i kvardagen, kan du ha ei angstliding.
Det et heilt normalt å kjenne seg nedstemt og trist i periodar i livet. Det er også vanleg at kjenslene svingar frå dag til dag, eller over tid.
Å vere nedstemt kan arte seg ulikt frå person til person. Somme blir triste, trøytte eller tiltakslause. Andre blir urolege, irritable og rastlause. Somme vil ha trøyst og støtte, andre vil berre vere i fred.
Går nesten alltid over av seg sjølv
Sjølv om det er vanskeleg medan det står på, går periodar der ein er nedstemt og trist nesten alltid over av seg sjølv. Vanlegvis treng du inga behandling, men det kan hjelpe å søkje støtte hos andre.
Ikkje det same som depresjon
Det å kjenne seg nedstemt eller trist er ikkje det same som å ha ein depresjon. Ein depresjon er ein sjukdomstilstand som påverkar humør, tankar og kjensler, oppleving av deg sjølv, etevanar og søvn over tid. Har du det vanskeleg over veker eller månader, er det viktig å be om hjelp.
Alle vil oppleve å kjenne seg stressa i periodar i livet, utan at det treng å påverke den psykiske helsa.
Stress er ein fysisk og kjenslemessig reaksjon som oppstår naturleg når vi opplever fare eller utfordrande situasjonar. Kortvarig stress kan faktisk vere positivt. Det hjelper oss å fokusere betre, jobbe meir effektivt og meistre utfordrande situasjonar. Som regel klarer vi fint å handtere stressande situasjonar på eiga hand, eller ved hjelp og støtte frå andre.
Stress over tid kan derimot føre til både psykiske og fysiske plager. Usunt stress oppstår gjerne når du står overfor situasjonar eller utfordringar som verkar uoverkomelege, og som krev meir av deg enn du eigentleg maktar.
Kva slags symptom på stress bør du vere merksam på?
Langvarig stress kan gjere deg overbelasta og utmatta. Du kan bli irritabel, engsteleg og nedstemt. Stress kan også føre til at du trekkjer deg tilbake frå sosiale settingar, og at du søv dårleg. Mange opplever også å få fysiske plager som hovudverk, muskelspenningar, kvalme og uro. Dersom du har det sånn, er det viktig å ta tak i problemet.
Les meir om stress på jobb og kva grep du kan ta for å få det betre.
Dersom du kjenner deg einsam, skal du vite at du ikkje er åleine om å ha det slik. Dei aller fleste vil oppleve einsemd i periodar i livet.
Einsemd er ei kjensle av ufrivillig mangel på nær kontakt med andre menneske, eller eit sakn etter å kjenne seg sett og forstått. Det er altså ikkje det same som å vere åleine. Du kan ha mange menneske rundt deg, men framleis kjenne deg einsam.
Her finn du råd som kan hjelpe deg å kome ut av einsemda.
Dei aller fleste opplever periodar i livet der søvnen er forstyrra. Så mange som éin av tre har kvar veke problem med søvnen, og omtrent éin av ti slit med alvorlege og langvarige søvnproblem.
Søv du lite og dårleg, kan det påverke livskvaliteten din, og mange opplever at dårleg søvn påverkar den psykiske helsa på ein negativ måte. Det er også slik at psykiske lidingar kan gje søvnforstyrringar eller endra søvnmønster, som gjer at du anten søv for mykje eller for lite.