Legemiddel på kvit resept
Du kan få bidrag til
- infertilitetsbehandling
- legemiddel ved høsting av sæd av medisinske årsaker
- prevensjonsmiddel for ungdom opp til 22 år
Andre formål i bidragsordninga
Helfo kan i enkelte tilfelle gje bidrag til utgifter til helsetenester som ikkje blir dekt gjennom andre ordningar. Kva tenester dette er, går fram av rundskriv til folketrygdlova § 5-22.
Når du har betalt over 2293 kroner i 2026 (2213 kroner i 2025) i eit kalenderår, kan du sjølv søkje til Helfo om å få dekt 90 prosent som overstig denne summen (eigenbetalinga). Kor stor denne summen er, varierer frå bidragsområde til bidragsområde.
Desse områda er og ein del av bidragsordninga:
- bandasjemateriell / medisinsk forbruksmateriell samt reseptfrie legemiddel til bruk i sårbehandlinga av kroniske og alvorlege sår og fistlar
- reseptfrie salver, kremar og oljer til behandling av alvorlege og kroniske hudlidingar
- elektrisk brystpumpe dersom barnet har leppe-kjeve-ganespalte
- hårfjerning (elektrolyse/voksbehandling)
- kurs/samlingar i utlandet for foreldre med barn med medfødde sjeldne tilstandar
- ridefysioterapi
- tandemsykkel
- madrass- og puteovertrekk
- kurssenter (blinde/svaksynte og kreft/Montebello)
- lån av spesialvogn til barn med hoftelidingar
- reiseutgifter i samband med behandling som blir dekt av bidragsordninga
Spesielle reglar for delar av bidragsordninga
Dersom du forsørgjer ektefelle (sambuar / registrert partnar) og/eller barn under 18 år, kan utgifter de har hatt i kalenderåret til bidragsformål, slåast saman. Utgiftene kan òg slåast saman dersom fleire forsørgde barn under 18 år i same familie har utgifter til bidragsformål.
Dette gjeld berre utgifter til
- bandasjemateriell / medisinsk forbruksmateriell samt reseptfrie legemiddel til bruk i sårbehandlinga av kroniske og alvorlege sår og fistlar
- reseptfrie salver, kremar og oljer til behandling av alvorlege og kroniske hudlidingar
- legemiddel på kvit resept for dei som fortsatt er omfatta av ordninga
Kvart familiemedlem sine utgifter til kvart enkelt bidragsformål oppført over, må ha nådd minstebeløpet på 2293 kroner i 2026 før dei kan slåast saman. Familien betaler då samla berre eit minstebeløp i kalenderåret på 2293 kroner.
Dersom eit familiemedlem har utgifter til eit bidragsformål som ikkje overstig minstebeløpet, kan ikkje beløpet reknast med.
Send søknad til Helfo
Du kan søkje om å få refundert utgifter som er omfatta av bidragsordninga, ved å bruke digitalt skjema. Hugs å lese om rettar og dokumentasjonskrav for kvart enkelt bidragsformål.
Du må sende søknaden og kvitteringar til Helfo seinast innan 30. juni året etter at du hadde utgiftene.
Sakshandsamingstida til Helfo er inntil åtte veker for desse sakene.
Papirskjema
Dersom du ikkje kan bruke det digitale skjemaet vårt, kan du i staden fylle ut og sende inn originale, spesifiserte kvitteringar saman med
til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.
Det kan vere lurt å ta ein kopi av originalkvitteringane før du sender dei inn.
PS: Dersom du fyller ut skjema på vegner av barn under 16 år, er det barnet sine personopplysningar du skal fylle inn. Det er derimot foreldre/føresette som skal skrive under på skjemaet.
Fullmakt ved Helfo-henvendelser
Kontaktar du Helfo på vegne av nokon andre, må du ha fullmakt.
Les meir om fullmakt ved Helfo-henvendelser.
Saksbehandlingstid for refusjon av helseutgifter og svar på søknad
Saksbehandlingstida i Helfo for søknad om refusjon av helseutgifter i utlandet er normalt inntil 12 veker.
Saksbehandlingstida i Helfo er normalt inntil 4 veker dersom du søker om førehandstilsagn for dekning av helseutgifter i utlandet.
Helfo sender deg vedtak som gjeld saka di til innboksen din på Helsenorge (eller i di digitale postkasse, om du heller bruker Digipost eller e-Boks). Om du ikkje bruker digitale løysningar, sender vi post til den folkeregistrerte adressa di.
Saksbehandlingstid for refusjon av helseutgifter og svar på søknad
Saksbehandlingstida i Helfo for søknad om refusjon av helseutgifter i utlandet er normalt inntil åtte veker.
Helfo sender deg vedtak som gjeld saka di til innboksen din på Helsenorge (eller i di digitale postkasse, om du heller bruker Digipost eller e-Boks). Om du ikkje bruker digitale løysningar, sender vi post til den folkeregistrerte adressa di.
Ettersending av dokumentasjon
Du må legge ved alle nødvendige opplysningar når du sender inn søknaden. Då behandlar Helfo saka di så raskt vi kan.
- Har Helfo har bedt deg ettersende dokumentasjon, eller har du har gløymt å sende oss viktige opplysningar? Send kvitteringar, erklæringar, fullmakter eller liknande via lenka under.
- Det er svært viktig at du fyller inn i Altinn saksnummeret til di eksisterande sak. Då kan vi behandle saka di raskare. Saksnummeret kan for eksempel sjå slik ut: «26/0000».
