Kva betyr den bindande fristen?

Svaret du får på tilvisinga di skal innehalde:

  • fristdato for når helsehjelpa seinast skal starte
  • tidspunkt for første oppmøte, eller informasjon om når behandlingsstaden planlegg å kalle inn til første oppmøte

Fristdatoen du får er ein juridisk bindande frist for behandlingsstaden. Den skal vere sett til eit konkret tidspunkt, og seier noko om kor lenge det er forsvarleg å la deg vente på å starte opp med utgreiing eller behandling.

Det andre tidspunktet er tidspunktet du skal møte til første timeavtale. Dette tidspunktet er ikkje bindande, men må vere sett opp før bindande fristdato for start av helsehjelp går ut.

Korleis blir fristen bestemd?

Når fristdato skal settast, tar spesialisthelsetenesta utgangspunkt i Helsedirektoratet sin prioriteringsrettleiarar. Her står det anbefalte maksimumsfristar for ulike tilstandar og diagnosar vurdert på gruppenivå. Alle tilvisingar blir likevel vurderte individuelt. Ventetida på oppstart av utgreiing eller behandling vil derfor variere mellom pasientar.

Den juridiske fristen for seinast oppstart skal ikkje bli styrt av kapasiteten i spesialisthelsetenesta. Ventetida for helsehjelp kan likevel avhenge av kapasiteten ved behandlingsstaden. Ventetida skal uansett vere forsvarleg og alltid vere sett innanfor den juridiske fristen.

Kva kan du gjere om du er ueinig i fristen som er sett?

Om du er ueinig i fristen for seinaste oppstart av helsehjelpa kan du:

  • undersøke om andre offentlege behandlingsstadar har kortare ventetid
  • kontakte ein allmennlege, gjerne fastlegen din, og spørje om ei ny vurdering 

Kva gjer du om fristen blir broten eller utsett?

Om du ikkje får timeavtale for første oppmøte for utgreiing eller behandling innan den bindande fristen går ut, skal behandlingsstaden kontakte Helfo. Dei kan hjelpe deg å finne eit alternativt behandlingstilbod ein annan stad, innan juridisk frist.

Du kan òg velje å få helsehjelpa ved den opphavlege behandlingsstaden, sjølv om det inneber at du får helsehjelp etter den juridiske fristdatoen. At fristen brytast betyr ikkje nødvendigvis at det er uforsvarleg å la deg vente utover juridisk frist.

Du kan òg ta kontakt med Helfo sjølv.

Person med headset

Rettane dine ved fristbrot

Har du fått ein frist for helsehjelp og ikkje fått helsehjelpa innan fristen? Då kan Helfo finne eit tilbod til deg ved ein annan behandlingsstad.

Illustrasjon: Morten Rakke / Helfo

Mann som sender inn klage via PC

Rett til å klage

Du har rett til å klage hvis du mener at du ikke har fått oppfylt dine rettigheter, eller at du ikke har mottatt de helsetjenestene du har krav på.

Illustrasjon: Eugenio Marongiu / Johnér Bildbyrå AB

Pasient- og brukarombodet

Pasient- og brukarombodet hjelper deg med spørsmål om helsetenester, og gir råd og rettleiing om rettane dine.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Rett til bindande frist. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 2. april 2024 [henta torsdag 26. februar 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/rettigheter/sykehus-og-spesialist/bindande-frist/

Sist oppdatert 2. april 2024