Typar ventetider for utgreiing og behandling

Forskjellige typar behandling kan ha ulik ventetid. Her får du informasjon om kva typar ventetider du må ta omsyn til når du skal velje behandlingsstad.

Kor lang ventetida er for å få behandling kjem an på kvar du skal bli behandla og kva slags behandling du er tilvist. På Vel behandlingsstad finn du ventetider for ei rekke undersøkingar og behandlingar innan:

  • fysisk helse
  • psykisk helse
  • rusproblematikk
  • habilitering
  • rehabilitering

Innenfor desse helseområda er det ulike typar ventetider du må ta omsyn til.

Kva er ventetid?

Ventetid er tida det tek frå behandlingsstaden får tilvisinga di og til du kan kome til utgreiing eller behandling. Ventetida som står oppført på kvar behandlingsstad i tenesta Vel behandlingsstad, er det lengste du må rekne med å vente før du får kome til behandlingsstaden.

Ventetidene er estimert ventetid og ikkje nøyaktig kor lenge du må vente.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Typar ventetider for utgreiing og behandling. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 20. september 2023 [henta måndag 20. mai 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/velg-behandlingssted/ventetider/

Sist oppdatert onsdag 20. september 2023