Kva er chemsex?

Chemsex er bruk av rusmiddel i samband med sex, oftast gruppesex. Chemsex kan vere skadeleg, både psykisk og fysisk, derfor er det viktig å vite kva du kan gjere for å få minske risikoen, og kvar du kan få hjelp.

Chemsex inneber å bruke rusmiddel før eller under sexakta for å auke seksuelt uthald, auke lystkjensla eller forsterke seksuell nyting. Rusmidla blir også brukte for å gje auka sjølvtillit og for å redusere hemmingar i risikosituasjonar, eller for å leve ut sider ved seksualitet som blir opplevde skamfulle. Det blir ikkje rekna som chemsex dersom du vanlegvis rusar deg og tilfeldigvis har sex medan du er rusa.

Omgrepet "chemsex" blir hovudsakleg brukt om gruppa menn som har sex med menn, men har i seinare tid også fått ei utvida tyding. Chemsex blir ofte brukt om festar og samanhengar der gruppesex er hovudføremålet.

Den tradisjonelle definisjonen på chemsex inkluderer stoffa GHB, mefedron og metamfetamin. I nokre miljø bruker ein også ketamin, kokain, amfetamin og MDMA/Ecstasy. Psykedelika blir også brukt av somme i samband med chemsex.

Måtar å ta inn rusmiddel på

Det er ulike måtar å ta inn rusmidla på. Enkelte rusmiddel tek ein inn gjennom munnen. Det kan vere i form av væske, pulver eller krystallar som ein blandar ut i vatn eller pakkar inn i papir og svelgjer. Rusmiddel kan også takast inn ved å puste pulver eller damp inn gjennom nasen (sniffing). Nokre rusmiddel kan løysast i vatn og førast inn i anus. Å sniffe rusmiddel eller ta dei inn gjennom anus gjev ein raskare og kortare rusverknad enn om ein svelgjer dei. Enkelte rusmiddel, slik som crystal meth (ein variant av metamfetamin), kan også røykjast. Metamfetamin, amfetamin, MDMA og kokain kan også injiserast. Å injisere rusmiddel gjev også ei raskare og kortare rusoppleving.

Sjølv om chemsex kan gje auka seksuell nyting, er det også forbunde med fleire risikofaktorar som påverkar fysisk, psykisk og seksuell helse negativt.

Innverknad på seksuell helse

Dersom du bruker rusmiddel i ein seksuell samanheng, har du vesentleg auka risiko for å bli smitta av hiv, hepatitt B, hepatitt C, og andre seksuelt overførbare infeksjoner (soi). Rusmidla som blir brukte i chemsex-miljøet har det til felles at dei kan gje auka impulsivitet og seksuell opphissing samtidig som dei kan gje redusert risikomedvit og svekt vurderingsevne. Denne kombinasjonen kan føre til risikosex som ubeskytta samleie med mange partnarar samtidig.

Det er fleire grunnar til at du har auka risiko for å bli smitta av soi når du praktiserer chemsex. For det første er det meir soi i chemsex-miljø enn i miljø som ikkje praktiserer chemsex. Det er dermed høgare sannsyn for at ein av sexpartnarane dine har ein soi.

Chemsex-praksis kan føre til sår og rifter som gjer at hiv, hepatitt og andre SOI smittar lettare seksuelt. Til dømes kan rusmidla som blir brukte til chemsex redusere følsemda og gjere det vanskelegare å få orgasme. Dette kan føre til lange sexøkter. Å ha sex i mange timar i strekk gjev auka risiko for skadar i endetarmen og på penis. Fleire av rusmidla verkar dessutan bedøvande, slik at du ikkje oppdagar sår og rifter som oppstår under chemsex-seansane. Hiv og hepatittar kan også smitte gjennom ureint brukarutstyr (inkludert snifferøyr).

I tillegg til å bli smitta av soi kan chemsex føre til seksuelle problem. Mange av rusmidla som blir brukte til chemsex, fører til at blodet trekkjer seg tilbake frå dei ytre blodårene og gjer det vanskelegare å få og halde ved lag ein ereksjon. Det er derfor vanleg å bruke potensmiddel saman med rusmidla for å motverke denne effekten. Merk at det kan vere farleg å kombinere potensmiddel med enkelte rusmiddel, slik som poppers (kan føre til alvorleg blodtrykksfall) og sentralstimulerande rusmiddel som kan gje auka påkjenning på hjarte- og karsystemet. Mange som praktiserer chemsex regelmessig, opplever at dei får ereksjonsproblem også i edru tilstand.

Slik kan du beskytte deg sjølv og andre mot hiv og soi

For å beskytte deg sjølv og andre mot hiv og SOI bør du:

  • Bruke kondom og vassbasert/silikonbasert glid
  • Bruke hanskar ved fisting, vask hender og byt hanskar mellom partnarbyte
  • Desinfisere dildoar og anna sexleiketøy i kloring i 5 minutt mellom partnarbyte
  • Bruke PrEP (preeksponeringsprofylakse) dersom du er hiv-negativ
  • Teste deg regelmessig for hiv, hepatitt og andre soi, og bidra til god smittesporing
  • Ta vaksine mot hepatitt A og B

Dersom du får ein blackout og ikkje kan hugse om du har hatt ubeskytta sex, bør du oppsøkje legevakta for PEP (post eksponeringsprofylakse), med mindre du alt bruker PrEP eller er om du er hivpositiv. Du bør også vurdere å bruke PrEP dersom du deltek på chemsex-festar regelmessig.

Chemsex-festar som varer i fleire døgn, kan gje søvnunderskot og nedsett minne. Det kan bli vanskelegare å hugse på å ta PrEP-behandlinga til fast tidspunkt. Ha alltid med deg PrEP på chemsex-festar, og set ein alarm på mobilen din for å minne deg på å ta PrEP til fast tidspunkt.

Chemsex og samtykke

Rusmidla som blir brukte til chemsex, kan påverke evna til å gje samtykke til sex og å forhandle om kondombruk. Dette medfører auka risiko for seksuelle overgrep og valdtekt, eller kan føre til at du har ubeskytta sex med personar du vanlegvis ville brukt kondom med. Enkelte rusmiddel kan også gjere det vanskelegare å tolke signal frå andre, og føre til meir grenseoverskridande åtferd, noko som kan gjere at du gjer overgrep mot andre.

Bruk av rusmiddel kan føre til kortare og lengre periodar av medvitsløyse. Har du sex med ein medvitslaus person, kan du ikkje vere sikker på at du har samtykke frå partnaren til sex. Forsikre deg om at du har samtykke frå partnaren til sex ved regelmessig å spørje partnar om korleis hen har det og om de skal halde fram. Still spørsmål som krev meir enn ja eller nei til svar. Slik får du evaluert i kva grad den andre er til stades og har samtykkekompetanse.

Enkelte prøver bevisst å utføre seksuelle overgrep. Rusmiddel kan løysast i glidemiddel og drikke for å ruse andre utan at dei er klar over det. Dette kallar vi "spiking". For å unngå å bli utsett for seksuelle overgrep i samband med chemsex, bør du ta kontroll med rusmidla du tek inn. Du bør alltid bruke ditt eige glidemiddel, og du bør ikkje ta imot drinkar på fest utan å vere sikker på kva som er i dei. Dersom du skal praktisere chemsex i ein samanheng der det er folk du ikkje kjenner særleg godt, kan det vere lurt å gå med ein ven eller partnar du stoler på, slik at de kan passe på kvarandre.

Innverknad på psykisk helse

For nokon er chemsex ein måte å handtere låg seksuell sjølvtillit på. Dette kan kome av kjensla av ikkje å leve opp til kroppsideal, problem med å akseptere seksuell tiltrekking til andre menn eller vanskar med å slappe av seksuelt etter ein hivdiagnose. Dersom dette er ein del av din motivasjon for å praktisere chemsex, kan det vere lurt å oppsøkje hjelp for å betre den seksuelle sjølvtilliten din.

For ein del chemsex-brukarar er depresjon, einsemd og kjensla av tomheit drivande faktorar for å halde fram med chemsex trass i negative opplevingar og skadeverknader. Å akseptere og anerkjenne at chemsex fyller ei einsemd og ei tomheit, er for mange ein veg ut av ein problematisk chemsex-praksis.

Rusopplevinga kan gje ei kjensle av seksuell nyting og glede. Nokon kan likevel oppleve motsett effekt. Enkelte rusmiddel kan forsterke sinnsstemninga du er i når du tek stoffet. Har du angst eller er deprimert, kan desse kjenslene forsterkast. Rusmidla kan også gjere det vanskeleg å regulere kjensler, og føre til at du blir desorientert, forvirra, engsteleg eller aggressiv. Har du opplevd traume eller er i ein vanskeleg livssituasjon, kan vanskelege tankar og minne kome opp i dagen som du kanskje ikkje er førebudd på å handtere.

Nokre stoff kan føre til akutte angstanfall, paranoia eller akutt psykose. Går ein av partnarane dine inn i ein rusutløyst psykose, er det beste du kan gjere å opptre roleg og prøve å trygge personen. Tilkall hjelp frå helsepersonell om nødvendig. Det er viktig å ete og drikke riktig under chemsex. Dette vil motverke rusutløyste psykosar og bidra til at nedturen blir mildare.

Dersom du praktiserer chemsex ofte, kan det verke negativt inn på jobbprestasjonen, yrkesdeltaking og karriereutsikter. Medan det er relativt få som går på jobb i ruspåverka tilstand, er det ofte etterverknaden av rusen som viser seg på arbeidsplassen. Er du stadig trøytt, sliten, uopplagt og ukonsentrert, vil det kunne påverke korleis du utfører arbeidet ditt.

Sex bør opplevast godt også i etterkant. Ein del chemsex-brukarar opplever anger etter å ha delteke på festar. Angrar du i etterkant, anten det er mengda stoff du tok, talet på menneske du hadde sex med eller type sex du var med på, kan det vere eit teikn på at du bør gjere nokre endringar. Kjenner du på skam eller anger fordi du har hatt sex med andre menn, kan det vere nyttig å søkje hjelp for avklare den seksuelle orienteringa di.

Innverknad på fysisk helse

Chemsex kan føre til ei rekkje fysiske helseproblem. Utmatting som følgje av søvnmangel og dehydrering er vanlege, men forbigåande, problem. Å gløyme å ta faste medisinar kan gje meir alvorlege helsekonsekvensar. Sentralstimulerande middel, slik som kokain og amfetamin/metamfetamin, kan gje auka risiko for hjarte- og karsjukdom, slik som hjarteinfarkt. Svært høge dosar kan dessuten leie til overoppheting, organsvikt, overdose og død.

Rusmidla og reseptbelagde medisinar kan ha negativ effekt på kvarandre. Dette kallar vi interaksjonar. Du kan lære meir om interaksjonar og chemsex her. Til dømes kan hivmedisinar føre til ei forseinka nedbryting av rusmiddel, og gje ein utilsikta overdose. Snakk med legen din om moglege interaksjonar dersom du bruker faste medisinar. Legen har teieplikt, så du risikerer ikkje å bli meldt for å bruke ulovlege rusmiddel.

Å sniffe krystalliserte stoff kan føre til skadar i nasen og lunger. Nokre stoff fører til tanngnissing som skader tennene. Andre stoff fører til uønskt vektnedgang og muskelsvinn som følgje av redusert appetitt og feilernæring.

Å injisere rusmiddel gjev auka risiko for avhengnad samanlikna med andre inntaksmetodar på grunn av den intense og akutte rusopplevinga. Injisering gjev også auka risiko for blodpropp dersom rusmiddelet ikkje blir filtrert godt nok. For å unngå å smitte kvarandre med infeksjonar som hiv og hepatitt C er det viktig ikkje å dele injiseringsutstyr.

Slik kan du forminske risiko ved injeksjonar

Å ta rusmiddel med sprøyte i chemsex-samanheng er kjent som "slamming". Risikoen for overdose er langt høgare ved injeksjon enn ved sniffing, røyking og oralt inntak. Dersom du deler sprøyter, er det dessutan ein vesentleg auka risiko for å bli smitta av hiv og hepatittar. I tillegg kan skadar som sår, abscessar, arrdanningar og øydelagde blodårer oppstå ved feil bruk. Dersom du slammar, gjer det med så låg risiko som mogleg.

Ha god injeksjonsteknikk

Injiserer du riktig, unngår du å få sår, abscessar, arrdanningar og på sikt øydelagde blodårer. Få rettleiing i god injeksjonsteknikk frå erfarne chemsex-deltakarar, gjennom Chemfriendly Norge, eller tren heime med fysiologisk saltvatn.

Ikkje bruk nåler om att

Nåler blir fort uskarpe/sløve. Bruker du nye nåler kvar gong, reduserer du risikoen for helseskadane som er skildra over.

Ikkje del med andre

Beskytt deg sjølv og andre ved å bruke eige utstyr. Bruker du pumper og nåler i forskjellige fargar, kan du lett identifisere kven som er dine. Du kan bestille gratis brukarutstyr for slamming frå Chemfriendly Norge og www.brukerutstyr.no. Alle kommunar skal også ha ordningar som gjer brukarutstyr for injeksjon og røyking gratis og enkelt tilgjengeleg.

Beskytt deg sjølv og andre mot blodsmitte

Ta med eige brukarutstyr på treff:

  • eingongs-snifferøyr
  • saltvatn
  • målepumpe/målebeger
  • eingongssprøyter
  • reine nåler
  • bomullsdottar/filter
  • kokekar
  • filter
  • askorbinsyre
  • røykjefolie

Overdose/forgifting

Det er viktig å ha god kunnskap om rusmidla du tek inn. Lær meir om rusmidla du bruker, på rusopplysningen.no.

Overdosar og forgiftingar er eit stort problem ved chemsex. Nokre stoff er vanskeleg å dosere riktig, andre blir farlege dersom ein tek dei samtidig. Feil dosering og å kombinere ulike typar stoff kan føre til medvitsløyse og død. Ikkje legg deg åleine på eit rom dersom du kjenner deg veldig trøytt etter å ha teke inn til dømes GHB, men ver saman med andre, og ikkje legg ein person i ein GHB-relatert overdose i eit anna rom.

Les meir om forgiftningar med rusmiddel, og om rusvettreglar på rusopplysningen.no og chemfriendly.no.

Førstehjelp ved medvitsløyse

Dersom ein chemsex-deltakar er medvitslaus og ikkje lèt seg vekkje ordentleg, må du ringje 113 for førstehjelpsråd. Ikkje la deg skremme av at de har teke ulovlege stoff. Både dei tilsette ved alarmsentralen og ambulansepersonell har teieplikt, og vil ikkje melde dykk til politiet for ulovleg rusmiddelbruk.  

Legg den medvitslause personen i stabilt sideleie og pass på at vedkomande har frie luftvegar til ambulansen kjem.

Å vere medvitslaus på ein chemsex-fest aukar risikoen for å bli utsett for overgrep og valdtekt. Ver saman med personen til helsevesenet tek over, og pass på at ingen har sex med hen.

Treng du hjelp?

Chemfriendly Norge er ein brukarorientert og likepersonsbasert organisasjon som arbeider skadeførebyggjande overfor chemsexdeltakarar. Hos Chemfriendly kan du få tilgang på gratis brukarutstyr og få svar på spørsmål om rusmiddel og risikoreduksjon. Chemfriendly har også ei rådgjevingsteneste for chemsexdeltakarar, i samarbeid med HivNorge. Chemfriendly kan også kople deg til psykoterapeut ved behov. Hos Chemfriendly kan du få snakke med både likepersonar og helsepersonell. Kontakt Chemfriendly via Facebook eller profilen deira på Gaysir.no.

Kontakt næraste overgrepsmottak dersom du har vorte valdteken på chemsex-fest. Er det vanskeleg å kome seg til eit overgrepsmottak, kan du oppsøkje næraste legevakt. Ring 116 117 for informasjon om kvar næraste legevakt er.

Synest du rusbruken din er problematisk, eller er du i tvil om du har eit problem? Her er det nokre stader du kan oppsøkje for å få hjelp med rusproblem.

Hos Helseutvalget kan du ta ein livsstiltest som gjev deg ei tilbakemelding på rusvanane dine i form av grønt, gult eller raudt resultat. Du kan også chatte anonymt med frivillige likepersonar om uteliv, rus og sex.

Hos Foreningen FRI, Skeiv Ungdom og Skeiv Verden kan du få støtte, informasjon og eit sosialt fellesskap med andre menn som har sex med menn.

Hos HivNorge og Aksept kan du snakke med andre hivpositive og få hjelp til å leve godt med hiv.

finnensexolog.no kan du få hjelp til å få betre seksuell sjølvtillit og eit avklart forhold til den seksuelle orienteringa di.

Finn ut kvar du kan teste deg gratis for seksuelt overførbare infeksjonar.  

Bourne A, Reid D, Hickson F, Torres Rueda S, Weatherburn P. The Chemsex study: drug use in sexual settings among gay and bisexual men in Lambeth, Southwark and Lewisham. Tilgjengelig fra: https://researchonline.lshtm.ac.uk/id/eprint/2197245/

​Folkehelseinstituttet. Personer som tar stoff med sprøyter og smittevern - veileder for helsepersonell. Smitteveilederen. [Internett]. FHI; 2020 [hentet 2021-05-14]. Tilgjengelig fra: https://www.fhi.no/nettpub/smittevernveilederen/temakapitler/personer-stoff-med-sproyter/

Drückler S, van Rooijen MS, de Vries HJ. Chemsex among men who have sex with men: a sexualized drug use survey among clients of the sexually transmitted infection outpatient clinic and users of a gay dating app in Amsterdam, the Netherlands. Sexually transmitted diseases. 2018 May;45(5):325. Tilgjengelig fra: https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pmc/articles/PMC5908259/ 

Haugstvedt Å, Amundsen E, Berg RC. Chemsex among men–a questionnaire study. Tidsskrift for Den norske legeforening. 2018 Sep 4. Tilgjengelig fra: https://tidsskriftet.no/en/2018/09/originalartikkel/chemsex-among-men-questionnaire-study

Macfarlane A. Sex, drugs and self-control: Why chemsex is fast becoming a public health concern. Journal of Family Planning and Reproductive Health Care. 2016 Oct 1;42(4):291-4. Tilgjengelig fra: https://srh.bmj.com/content/42/4/291

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Kva er chemsex? . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 29. april 2021 [henta tysdag 23. juli 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sex-og-samliv/hva-er-chemsex/

Sist oppdatert torsdag 29. april 2021