Årsaker til kløe i underlivet
Det kan vere fleire årsaker til kløen, til dømes
- hudlidingar som eksem, lichen sclerosus eller psoriasis
- infeksjoner i underlivet som soppinfeksjon (candida), bakteriell vaginose (skjedekatarr) eller trikomonas
- irritasjon eller kontakteksem, på grunn av kløing, intimbarbering, friksjon, latex som finnes i klede, vaskemiddel, for stramme klede, allergi mot bind, såpe eller overdriven hygiene
- i sjeldne tilfelle hudkreft
- ukjende årsaker, til dømes i samanheng med overgangsalder
Ofte er meir enn éin av desse faktorane til stades, og det kan derfor vere vanskeleg å finne årsaka til kløen.
Kløe i området rundt kjønnsorgana til kvinna (Pruritus vulvae) skil seg frå vulvodyni, som karakteriserer ein tilstand med meir kronisk brennande plager.
Korleis stiller ein diagnosen kløe i underlivet?
Legen vil undersøke underlivet ditt og kan ta ulike prøvar for å finne ein diagnose.
Legen kan også sjå på hud andre stader på kroppen for å vurdere om du har ei hudliding som kan forklare plagane.
Av og til tar legen ein allergitest for å sjå om kløen er utløyst av kontaktallergi mot til dømes parfyme, medisinar eller andre materiale.
Behandling av kløe i underlivet
Det er ulike behandlingar avhengig av kva som er årsaka til kløen, men nokre generelle råd gjeld for alle:
- Vask deg berre éin eller høgst to gonger dagleg med oljevask (uten såpe). Du kan til dømes bruke lunka vatn og babyolje uten såpe og parfyme og lunka vatn.
- Unngå å klø, sjølv om det er ubehageleg.
- Ver forsiktig ved bruk av tampong og skift bind ofte.
- Bruk laustsitjande undertøy og klede, helst av bomull.
- Nedkjøling kan ha ein lindrande effekt.
Medisinar som kan dempe kløen
Målretta behandling av årsaka til kløen
Dersom legen finn ut kva som gjer at du klør, vil du få behandling retta spesifikt mot den utløysande faktoren. Ofte bruker ein ulike kortisonsalvar i nedtrappande dose, dette vil nesten alltid ha effekt. Kortison reduserer imunsystemet si reaksjon i vevet. Mange treng regelmessig bruk av kortisonkremar for å halde symptoma i sjakk. Plan for bruk gjer du i samråd med legen.
Behandling som kan dempe kløen (men som ikkje fjernar årsaka)
Allergitabelettar kan redusere kløe i startfasen av behandlinga, før kortisonkrem får effekt. Har du alvorleg kløe, kan du bruke allergitablettar eller andre typar roande medikament for å dempe kløen.
Hormonbehandling
Dersom legen mistenker at hud og slimhinner er påverka av hormonmangel i samband med overgangsalder, kan det vere nyttig å prøve lokal eller generell behandling med kvinnelege kjønnshormon (østrogen).
Korleis er forløpet?
Kløe i underlivet kan ofte vere langvarig, men dei aller fleste blir betre eller heilt bra med riktig tilpassa behandling.