Har du vært til behandling, kan du søke om å få støtte til reisen. Trenger du tilrettelagt transport for å komme til behandling, kan du ha rett til å få en organisert reise.
Hvis du på grunn av helsen din eller trafikale årsaker har behov for en organisert pasientreise, kan du få en reiseattest og bestille reisen din selv.
Vil du sjå kva samtykke du har gitt, eller endre samtykket, kan du gjere det under Personverninnstillingar.
Du kan gi nokon fullmakt til å søke, eller vere i kontakt med Pasientreiser, på dine vegner. Du kan også gi fullmakt til å bestille, endre og avbestille reiser som er organisert av Pasientreiser.
Kven må ha fullmakt?
Personar, utan foreldreansvar eller verjemål, som skal handle på vegner av deg.
Institusjonar som søker om reisestøtte i samband med pasientreiser for deg. Til dømes eit asylmottak eller ein skule som har lagt ut for reiseutgifter for deg, og søker om å få tilbake utgiftene.
Institusjonar som handterer organiserte reiser på vegner av deg. Til dømes skule, SFO eller asylmottak.
Ein person med foreldreansvar eller verjemål treng ikkje fullmakt for å handle på vegner av personen vedkomande er ansvarleg for.
Korleis gir du fullmakt på Helsenorge?
Du kan gi andre personar fullmakt til å bruke Helsenorge på dine vegner. Det gjer du ved å logge deg inn, og velje fullmakter under «Profil og innstillingar». Her kan du enten legge til ein familiemedlem frå lista, eller registrere ein annan person du vil skal ha fullmakt for deg. Du bestemmer om digital fullmakt skal gjelde for ein avgrensa eller uavgrensa periode.
For at andre skal kunne bruke tenesta Pasientreiser på vegner av deg, må du gi fullmakt til tenesteområde nummer 3: Digitale helsetenester.
Personen får då fullmakt til å:
søke om reisestøtte
bestille, bekrefte, endre og avbestille organiserte reiser
Personar, utan foreldreansvar eller verjemål, som skal søke eller handle på vegner av deg.
Institusjoner som søker om reisestøtte i samband med ei pasientreise. Til dømes eit asylmottak eller ein skule som har lagt ut for reiseutgifter for deg, og søker om å få igjen desse utgiftene.
Institusjonar som handterer organiserte reiser på vegner av deg, til dømes skule, SFO eller asylmottak.
Personar med foreldreansvar eller verjemål treng ikkje fullmakt for å søke eller handle på vegner av personen vedkomande er ansvarleg for.
Fullmakt for reiser som blir organisert av Pasientreiser
Dersom du vil gi nokon fullmakt til å kontakte Pasientreiser på dine vegner for å bestille, bekrefte, endre og avbestille organiserte reiser, kan du sende ei fullmakt til Pasientreiser.
Fullmakt for organiserte reiser kan sendast i posten til Pasientreiser i helseføretaket ditt eller via ei sikker meldingsteneste på nettsidene til helseføretaket.
Dersom du sender ei fullmakt i posten eller via ei sikker meldingsteneste, må det kome klart fram i dokumentet at det er ei fullmakt.
Det er nødvendig å ha med namn, kontaktinformasjon og fødselsnummer til den som gir fullmakt, og til personen som får fullmakt. Du må også skrive kva fullmakta gjeld, og kor lenge den er gyldig.
Fullmakt for søknader om reisestøtte kan sendast i posten saman med søknaden, og blir liggande i saka som eit vedlegg. Fullmakta må leggast ved kvar gong du sender ein søknad til Pasientreiser.
Du kan bruke denne tenesta på vegner av barn under 12 år som du har foreldreansvar for.
For barn mellom 12-16 år, får foreldre berre full tilgang til tenesta dersom barnet er manglande samtykkekompetent og forelder har ei fullmakt for dette.
For foreldre utan fullmakt er det berre
søk om pengar etter reise og
dine søknadar og vedtak
som er tilgjengelege.
Velg profilen til barnet frå Pasientreiser-tenesta etter at du er logga inn.
Hemmeleg adresse blir ofte kalla «fortruleg adresse» eller «adressesperre».
Denne tenesta er ikkje tilgjengeleg for personar med fortruleg adresse (kode 7) og strengt fortruleg adresse (kode 6).
Om du bur på fortruleg eller strengt fortruleg adresse, kan du ikkje bruke Helsenorge på vegner av andre. Andre kan heller ikkje bruke Helsenorge på dine vegner.
Pasientreiser ønsker å informere deg som er pasient, følgeperson eller pårørande om kva du kan vente deg i møte med dei.