Vaksine vernar mor og barn

Vaksinane som blir tilrådde i svangerskapet har vist å hindre alvorleg sjukdom for mor og barn, utan å auka risiko for komplikasjonar som abort, for tidleg fødsel eller skadar på fosteret.  

Ved vaksinasjon vil mor lage antistoff, som deretter blir overført til barnet i magen. Barnet blir då fødd med beskyttande antistoff. På denne måten vernar vaksinar både mor i svangerskapet, og barnet etter fødsel, mot alvorleg sjukdom.

Kikhostevaksine til gravide

Kikhostevaksine til gravide er tilrådd først og fremst for å verne det nyfødde barnet mot alvorleg kikhostesjukdom. Spedbarn har større risiko for å bli alvorleg sjuke av kikhoste enn større barn og vaksne, og må oftare leggjast inn på sjukehus. 

FHI tilrår kikhostevaksinen til: 

  • Gravide, uavhengig av når dei sist vart vaksinerte, og i kvart svangerskap 

Du får tilbod om vaksinen i veke 24, men den kan også bli gitt seinare i svangerskapet. 

Vaksinasjon i svangerskapet vernar barnet ditt mot kikhoste frå fødsel og fram til barnet får første vaksinedose ved 3-månaders alder . Gravide som tek kikhostevaksine lagar antistoff mot kikhoste som blir overført til fosteret via morkaka. Barnet blir fødd med desse beskyttande antistoffa, som hindrar alvorleg kikhoste fram til første vaksinedose. 

Éin vaksinedose i svangerskapet er nok. Vaksinen som blir tilboden er ein kombinasjonsvaksine som også vernar mot difteri og stivkrampe (tetanus). 

Norske gravide har fått tilbod om gratis kikhostevaksine sidan 2024, medan andre land har hatt tilbod om kikhostevaksine til gravide sidan 2010. Vaksinasjon av gravide mot kikhoste har ikkje vist å gi uheldige utfall i svangerskapet for verken mor eller barn.

Meir om kikhostevaksinen (fhi.no)

Meir om innføring av kikhostevaksine til gravide (fhi.no)

Influensavaksine til gravide

Influensa kan gi alvorleg sjukdom hos både mor og barn. Gravide frå 2. trimester, eller som nyleg har fødd, har høgare risiko for komplikasjonar og alvorleg sjukdom enn andre ikkje-gravide kvinner på same alder. Det kan komma av endringar i immunsystemet og at du får større belastning på hjarte og lunger etter kvart som barnet i magen veks.  

Om du blir alvorleg sjuk av influensa, utgjer dette også ein fare for barnet i magen. Dersom du samtidig har andre risikofaktorar, som til dømes fleirlingsvangerskap eller underliggjande sjukdom, aukar risikoen ytterlegare. Det gjeld heile svangerskapet.  

Spedbarn har større risiko for å bli alvorleg sjuke av influensa enn større barn og vaksne, og må oftare leggjast inn på sjukehus. 

FHI tilrår influensavaksinen til:

  • Gravide som er i 2. eller 3. trimester i influensasesongen
  • Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko
  • Gravide i 1. trimester som tilhøyrer ei av dei andre målgruppene for vaksinasjon (nærkontakt, svinerøkter, helsepersonell)

Influensasesongen er oftast mellom november og mars. For å få best mogleg vern bør du vaksinerast ved starten av sesongen når vaksinen blir tilgjengeleg på hausten, men du har nytte av vaksinasjon så lenge det er influensa i omløp. 

Influensavaksinen blir gitt i éin dose. Den inneheld ikkje-levande delar av influensavirus og kan derfor ikkje gi influensasjukdom.

Meir om influensavaksinen.

RSV-vaksine til gravide

RSV-vaksine til gravide er tilrådd først og fremst for å verne det nyfødde barnet mot alvorleg sjukdom. RSV kan gi pusteproblem hos små barn, og 1 til 2 prosent av alle barn under eitt år blir lagde inn på sjukehus på grunn av RSV-infeksjon.  

FHI tilrår at spedbarn blir verna mot RSV ved hjelp av anten vaksine til gravide eller eit langtidsverkande antistoff som blir gitt til barnet etter fødsel. Det langtidsverkande antistoffet er førebels ikkje tilgjengeleg i Noreg, og einaste alternativ er derfor å vaksinera mor i svangerskapet.  

FHI tilrår RSV-vaksine til:

  • Gravide fra veke 24

Det bør gå minst to veker mellom vaksinen mot kikhoste som blir gitt ved svangerskapskontrollen i veke 24, og vaksine mot RSV.  

Vaksinen er ikkje ein del av dei offentleg finansierte vaksinasjonsprogramma, og du må sjølv betale for vaksinen. Vaksinen krev resept frå lege. Éin vaksinedose i svangerskapet er nok.

Generelt om biverknader av vaksinar

Dei fleste vaksinar kan gi: 

  • ømheit, raudheit og hevelse på stikkstaden 
  • feber, lett sjukdomskjensle og muskelsmerter 

Alvorlege biverknader og allergiske reaksjonar er svært sjeldan. 

Biverknadene er kortvarige og går over i løpet av éin til to dagar. kvar enkelt vaksine kan ha noko ulike kjende biverknader og det er spesifisert i pakningsvedlegget.  

Det er ingen haldepunkt for at vaksinane tilrådd til gravide påverkar kvinners fruktbarheit eller svangerskapsforløpet, verken for mor eller barnet i magen. 

Kan du ta fleire vaksiner samtidig?

Om du har behov for fleire vaksinar kan det vera formålstenleg å ta desse samtidig. Snakk med legen eller jordmora di om kva tilrådde vaksinar til gravide som kan takast samtidig. 

Det bør gå to veker mellom RS-vaksine og kikhostevaksine til gravide, men influensavaksine kan bli gitt samtidig med dei andre vaksinane.  

Blir det framleis tilrådd å vaksinera seg mot koronainfeksjon?

For gravide som ikkje tilhøyrer ei risikogruppe, er risikoen for alvorleg koronasjukdom no svært låg. Dei fleste gravide som blir smitta har få eller ingen symptom, og føder friske barn. Det er også sjeldan at spedbarn blir alvorleg sjuke av korona. Frå og med hausten 2025 er derfor friske gravide ikkje lenger tilrådd koronavaksine. 

Gravide som tilhøyrer ei risikogruppe, bør likevel følgja FHI sine tilrådingar. Dei kan ta koronavaksinen gjennom heile svangerskapet.

Meir om koronavaksine til gravide (fhi.no)

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Folkehelseinstituttet

Folkehelseinstituttet. Tilrådde vaksinar i svangerskapet. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 1. desember 2025 [henta måndag 11. mai 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/vaksinasjon/anbefalte-vaksiner-i-svangerskapet/

Sist oppdatert 1. desember 2025

Fann du det du lette etter?