Mat og overnatting

Du kan ha rett på pengar for utgifter til mat og overnatting når du har vore på reise til eller frå behandling.

Mat og drikke

Du har rett til å få støtte til mat og drikke (kostgodtgjersle) frå Pasientreiser, om du må vere borte heimanfrå lengre enn 12 timar, og ikkje får dette på behandlingsstaden. Det er berre tida det tar å reise til og frå behandling, og sjølve behandlingstida, som er med i berekninga av om du kan få støtte til mat. 

Støtte til mat og drikke blir gitt etter faste satsar, og du treng ikkje å dokumentere desse utgiftene når du søker.

Overnatting

Du kan få støtte til overnatting frå Pasientreiser etter ein fast sats, men berre når overnatting er nødvendig på sjølve reisa.  

I desse tilfella kan du få støtte til overnatting i samband med reisa: 

  • Overnatting på reisa på grunn av lang reiseveg eller tidleg behandling: Om du til dømes ikkje kan ta offentleg transport, eller køyre sjølv, utan å overnatte for å rekke ei behandling, kan du få ein fast sats til overnatting. Du må hugse å beskrive dette i søknaden din og legge ved kvittering på overnatting. 
  • Overnatting på reisa på grunn av helsa di: Om du til dømes må overnatte på reisa fordi du ikkje klarar å gjennomføre reisa på éin dag, eller fordi helsetilstanden din kan forverrast om du ikkje overnattar på reisa, kan du òg få ein fast sats til overnatting. I desse tilfella må behandlaren din dokumentere at overnatting er nødvendig, og du må legge ved kvittering på overnattinga når du søker.

Dersom det er nødvendig for deg å ha med følgesperson på reisa, kan òg følgespersonen få støtte til overnatting. Då må behandlaren din dokumentere at du må ha med ein følgesperson på reisa på grunn av helsa di.  

Viss behandlingsstaden seier at du må opphalde deg i nærleiken av behandlingsstaden før eller etter at du har hatt ei behandling, får du ikkje støtte til overnatting av Pasientreiser. Då må du kontakte behandlingsstaden, og det er eventuelt dei som skal gi deg overnattinga.  

Om du overnattar privat når du skal til behandling, får du ikkje pengar til overnatting av Pasientreiser.    

Om du har fleire behandlingar etter kvarandre i løpet av ein kort periode, kan du velje å overnatte ved behandlingsstaden i staden for å reise heim mellom behandlingane. Då reknar Pasientreiser ut kor mykje det ville kosta for deg å køyre heim mellom kvar behandling, og du kan få støtte opp til dette beløpet. 

Sjå kva satsar som gjeld.

Kontakt Pasientreiser

05515

Kontakt oss ved spørsmål om utfylling av reiserekningsskjema, dekning av reiseutgifter eller bestilling av pasientreisa di.

pasientreiser.no

Er du helsepersonell eller transportør? Gå til pasientreiser.no

Loga pasieantamátkkiid birra sámegillii

Innhaldet er levert av Pasientreiser HF

Pasientreiser HF. Mat og overnatting. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert mandag 17. mars 2025 [henta tirsdag 1. juli 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/pasientreiser/om/kost-og-overnatting/

Sist oppdatert mandag 17. mars 2025