Kva er psykisk helse?

Psykisk helse handlar  om  korleis du oppfattar deg sjølv og andre, korleis du har det i kvardagen og korleis du taklar utfordringar.

Alle har ei psykisk helse

På same måte som alle har ei fysisk helse, har vi også ei psykisk helse. Medan den fysiske helsa dreier seg om kva slags tilstand kroppen din er i, handlar den psykiske helsa om tankane og kjenslene dine, og om korleis du har det med deg sjølv, i møte med andre og i kvardagen. Fysisk og psykisk helse er tett i samband med kvarandre, og påverkar kvarandre gjensidig.

Psykisk helse blir brukt som eit overordna omgrep, og dekkjer alt frå god psykisk helse og livskvalitet til psykiske plager og lidingar.

Kva er god psykisk helse?

God psykisk helse kan vi forstå som at du trivst i kvardagen din, at du kjenner tilhøyrsle og meining i livet, og at du taklar vanlege utfordringar som dukkar opp.

Korleis du har det psykisk, kan endre seg frå dag til dag, og over tid. Dei fleste vil oppleve at den psykiske helsa varierer gjennom livet.

Vanlege psykiske plager og utfordringar

Det er heilt normalt å oppleve psykiske utfordringar i løpet av livet. At du har psykiske utfordringar frå tid til anna, tyder ikkje nødvendigvis at du har dårleg psykisk helse eller at du har ei psykisk liding.

Psykiske lidingar

Har du psykiske utfordringar som varer over fleire veker, og som i stor grad påverkar evna di til å fungere i kvardagen, bør du kontakte helsetenesta.

Omgrepet psykiske lidingar er ei samlenemning for sjukdomar og tilstandar som over tid påverkar tankar, kjensler, åtferd og evna til å fungere sosialt. I Noreg er det berre legar og psykologar som kan gje deg ein slik diagnose.

Mange vil oppleve å få ei psykisk liding i løpet av livet

Omtrent halvparten av den norske befolkninga vil få ei psykisk liding i løpet av livet. Cirka 25 prosent vil oppleve å få ei angstliding, og 20 prosent vil oppleve ein depresjon.

Her kan du lese meir om ulike psykiske lidingar og diagnosar.

Når bør eg søkje hjelp?

Du bør søkje hjelp når tankane, kjenslene eller handlingane dine gjer at det over lengre tid blir vanskeleg å vere saman med vener og familie, eller gjere ting du vanlegvis gjer i kvardagen. Dersom du merkar at du ikkje klarer å gjere grep for å endre på dette sjølv, bør du syte for å få hjelp.

Nokre gonger kan kroppen reagere på at du ikkje har det godt psykisk. Du kan til dømes få hovudverk, magesmerter eller sove dårlegare. Har du slike kroppslege symptom over ein lengre periode eller oftare enn vanleg, bør du oppsøkje hjelp.  

Kven kan du snakke med?

Det kan vere vanskeleg å snakke om psykiske plager. Nokre trur dei er åleine om å synast ting er vanskeleg. Andre kjenner på skam og redsel for kva folk tenkjer, og vil helst klare seg sjølv.

Sjølv om det er vanskeleg, bør du snakke med nokon du stoler på om korleis du har det. Å snakke om plagene du har, er ofte det første skrittet for å få det betre.

Snakk med nokon du stoler på

Ofte kan det halde å snakke med nokon du kjenner om korleis du har det. Det kan vere ein i familien din eller ein ven. Du kan også ta kontakt med nokon andre du har tillit til – til dømes ein kollega eller ein lærar.

Snakk med fagpersonar

Nokre gonger er det nødvendig med hjelp frå profesjonelle. Ta kontakt med fastlegen, helsesjukepleiar, helsestasjon eller legevakt. Dersom det er nødvendig, kan legen tilvise deg vidare til dømes til psykolog.

Mange kommunar har lågterskeltilbod, som til dømes rask psykisk helsehjelp. Sjekk nettstaden til kommunen din for informasjon om tilbod nær deg.

Hjelpetelefonar og chat

Chat på sidetmedord.no eller soschat.no

Ved behov for akutt hjelp – ring 113

Les mer om hjelpetilbud og hvem du kan kontakte

Folkehelseinstituttet. Folkehelserapporten - Helsetilstanden i Norge. [Internett]. Oslo: Folkehelseinstituttet; 2018 [hentet 2022-02-11]. Tilgjengelig fra: https://www.fhi.no/nettpub/hin/

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Kva er psykisk helse? . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 4. mars 2022 [henta tysdag 23. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/psykisk-helse/hva-er-psykisk-helse/

Sist oppdatert fredag 4. mars 2022