Veiledning helsenorge.no
23 32 70 00Hverdager kl. 08:00 - 15:30
Du kan i enkelte tilfelle få støtte til ulike formål gjennom den såkalla bidragsordninga.
Illustrasjon: Morten Rakke / Helfo
Du kan få bidrag til
Bidragsordninga for dei øvrige reseptpliktige legemidla på kvit resept er avvikla for nye brukarar. Berre dei som fekk utbetalt refusjon etter bidragsordninga for legemiddel kjøpt i åra 2017, 2018, 2019, 2020, 2021 og 2022, kan fortsatt få bidrag.
Dette gjeld berre for dei legemidla det allereie er utbetalt refusjon for. For å få utbetalt refusjon for kjøp i 2023 må du ha fått utbetalt refusjon for kjøp i 2022. Legemidlet må framleis vere omfatta av ordninga.
Fell du utanfor bidragsordninga, kan legen din vurdere å søkje om individuell stønad på blå resept.
Dersom du fortsatt har krav på refusjon, sender du ein søknad til Helfo på vanleg måte (sjå avsnittet «Send søknad digitalt til Helfo»).
Andre bidragsformål blir ikkje ramma av endringa.
Helfo kan i enkelte tilfelle gje bidrag til utgifter til helsetenester som ikkje blir dekt gjennom andre ordningar. Kva tenester dette er, går fram av rundskriv til folketrygdlova § 5-22.
Når du har betalt over 2070 kroner i 2023 (2010 kroner i 2022) i eit kalenderår, kan du sjølv søkje til Helfo om å få dekt 90 prosent som overstig denne summen (eigenbetalinga). Kor stor denne summen er, varierer frå bidragsområde til bidragsområde.
Desse områda er og ein del av bidragsordninga:
Dersom du forsørgjer ektefelle (sambuar / registrert partnar) og/eller barn under 18 år, kan utgifter de har hatt i kalenderåret til bidragsformål, slåast saman. Utgiftene kan òg slåast saman dersom fleire forsørgde barn under 18 år i same familie har utgifter til bidragsformål.
Dette gjeld berre utgifter til
Kvart familiemedlem sine utgifter til kvart enkelt bidragsformål oppført over, må ha nådd minstebeløpet på 2070 kroner (i 2023) før dei kan slåast saman. Familien betaler då samla berre eit minstebeløp i kalenderåret på 2070 kroner.
Dersom eit familiemedlem har utgifter til eit bidragsformål som ikkje overstig minstebeløpet, kan ikkje beløpet reknast med.
Du kan søkje om å få refundert utgifter som er omfatta av bidragsordninga, ved å bruke digitalt skjema. Hugs å lese om rettar og dokumentasjonskrav for kvart enkelt bidragsformål.
Du må sende søknaden og kvitteringar til Helfo seinast innan 30. juni året etter at du hadde utgiftene.
Sakshandsamingstida til Helfo er inntil åtte veker for desse sakene.
Papirskjema
Dersom du ikkje kan bruke det digitale skjemaet vårt, kan du i staden fylle ut og sende inn originale, spesifiserte kvitteringar saman med
til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.
Det kan vere lurt å ta ein kopi av originalkvitteringane før du sender dei inn.
PS: Dersom du fyller ut skjema på vegner av barn under 16 år, er det barnet sine personopplysningar du skal fylle inn. Det er derimot foreldre/føresette som skal skrive under på skjemaet.
Kontaktar du Helfo på vegne av nokon andre, må du ha fullmakt.
Hverdager kl. 08:00 - 15:30
Innholdet er levert av Helfo
Sist oppdatert søndag 1. januar 2023