Sex etter fødsel

Ein fødsel treng ikkje å påverke seksuallivet, men for nokre kan aktiviteten og lysta bli endra av ulike årsaker.

Endring i aktivitet og lyst

Det kan vere ulike årsaker til at aktiviteten og lysta blir endra. Det kan vere fordi ein er trøtt og døgnrytmen vert forstyrra. Det kan òg skuldast hormonendringar eller at merksemda blir dratt mot ein nyfødd ein skal ta seg av, som også krev mykje nærheit.

Nokre opplever eit seksuelt overskot og har eit godt samliv denne perioden. Mange mødrer føler at amming forsterkar femininiteten og seksualiteten. Endring i aktivitet og lyst er normalt, og de må føla dykk fram på kva som blir rett for dykk.

Vent med samleie dei første vekene

På grunn av infeksjonsfare kan det vere klokt å vente med å ha vaginalt samleie til blødingane etter fødselen har stoppa. Dette gjeld også dersom du brukar sexleiketøy vaginalt. Dersom de likevel ynskjer å ha samleie når blødingane held fram, eller under dei seks første vekene etter fødsel, er det tilrådd å bruke kondom.

Samleie etter fødsel kan gjere vondt til å begynne med. Dette kan mellom anna skuldast rifter som har oppstått under fødselen. Dersom du opplever smerte, kan du ta kontakt med jordmor eller fastlege for å få rettleiing. Nærleik og intimitet kan vere ein god start inntil du er klar til å ta opp igjen samleie.

Tørr skjede etter fødsel

Nokre kan oppleve at skjeden kjennest tørr og øm etter fødselen. Glidemiddel kan vere ein god idé å bruke dersom skjeden kjennest tørr under samleie. Ein slik tørrleik er svært vanleg i ammeperioden. Når du brukar kondom, må glidemiddelet vere vatn- eller silikonbasert. Oljebasert glidemiddel kan øydelegge kondomet.

Prevensjon etter fødsel

Det er mogleg å bli gravid kort tid etter fødsel. Dersom du ikkje ynskjer ein ny graviditet, bør du starte med ein sikker prevensjonsmetode. Jordmødrer og legar kan tilby samtalar med prevensjonsrettleiing på 6-vekeskontrollen etter fødsel. Ikkje begynn med noko du har liggjande heime, men ta kontakt for rettleiing.

Dei første seks vekene etter fødsel kan det vere lurt å ikkje ha samleie på grunn av infeksjonsfare og blødingar, men dersom de vel å ha sex bør de bruke kondom.

Prevensjon for kvinner som ammar

Amming er ingen fullgod prevensjonsmetode. Dersom du fullammar, får du som regel ikkje normal menstruasjon før ammeperioden er slutt. Hugs at eggløysinga skjer før første menstruasjonen kjem tilbake, du kan derfor bli gravid utan å ha fått den første blødinga etter svangerskapet. Sikkerheita avheng mellom anna av kor mykje du ammar, om du ammar om natta og liknande. Meir informasjon om amming som prevensjonsmetode finn du hos Ammehjelpen.

Ammar du, bør du bruke preparat som minipille, gestagenpille, p-stav, hormonspiral, koparspiral eller kondom. Det er fordi p-piller som inneheld østrogen, ikkje er anbefalt til ammande mødrer.

Prevensjon for kvinner som ikkje ammar

Dersom du ikkje ammar, bør du vente minst 6 veker etter fødsel eller keisarsnitt før du byrjar med vanlege p-piller (kombinasjonspiller), p-plaster eller p-ring. Dette er på grunn av auka fare for blodpropp etter ein fødsel.

Gestagenpiller/minipiller og p-stav kan du starte med raskt etter fødselen, og spiral kan ein vanlegvis legge inn 6-12 veker etter fødsel.

Sterilisering

Sterilisering er ein effektiv prevensjonsmetode både for kvinner og menn. Det er ein liten operasjon som fjernar evna til å få barn. I utgangspunktet er sterilisering eit uoppretteleg inngrep og er ei moglegheit for den som ikkje ønskjer fleire barn.

Zanzu

Informasjon om graviditet, fødsel og barseltid på arabisk, engelsk, farsi, fransk, norsk, polsk, somali, tigrinja og tyrkisk retta mot innvandrarar og andre med kort butid.

Sisdoalu lea almmuhan Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Sex etter fødsel. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2023 ođđajagemánnu 30, vuossárga [vižžon 2024 cuoŋománnu 19, bearjadat]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/etter-fodsel/sex-etter-fodsel/

Maŋimusat ođastuvvon 2023 ođđajagemánnu 30, vuossárga