Sterilisering

Sterilisering er ein liten operasjon som fjernar evna til å få barn. Hovudregelen er at alle som bur i Noreg og har fylt 25 år, kan bli steriliserte dersom dei ønskjer det.

Effektiv prevensjonsmetode

Sterilisering er ein effektiv prevensjonsmetode både for kvinner og menn, og det er svært sjeldan han sviktar. I utgangspunktet er sterilisering eit uoppretteleg inngrep. Kvinner er sterile med ein gong etter operasjonen, medan menn først er sterile etter tre månader. Undersøkingar viser at dei aller fleste steriliserte er veldig godt nøgde med avgjerda. Du kan lese meir om korleis ein gjer inngrepet, i brosjyren Informasjon om sterilisering (PDF).

Det er den som ikkje ønskjer fleire barn, som bør la seg operere. Sidan dette er ei avgjerd med konsekvensar for mange år, bør det ikkje takast omsyn til at operasjonen er enklare eller rimelegare for mannen.

Ein må søkje om sterilisering

Hovudregelen er at alle som bur i Noreg og har fylt 25 år kan bli sterilisert om dei ønskjer det.​​​​​ Det er eit avgrensa tilbod om mannleg sterilisering innan den offentlege helsetenesta.

Den som ønskjer å bli sterilisert, må fylle ut skjemaet. Begjæring om sterili​sering (PDF) der vedkomande også stadfester at han/ho har fått nødvendig informasjon. Legen sender skjemaet saman med søknaden til sjukehus eller spesialist som utfører slike inngrep. Det er ikkje nødvendig med samtykke frå ektefelle eller samlivspartnar.

Unntak frå pasientbetaling

Dersom steriliseringsinngrepet blir utført medan personen er innlagd ved sjukehus for anna behandling eller årsak, til dømes i samband med fødsel, er det ikkje høve for sjukehuset å krevje pasientbetaling for inngrepet.

Det er også innført unntak frå regelen om forhøgja pasientbetaling for sterilisering dersom inngrepet kjem av såkalla «medisinsk indikasjon». Unntaket gjeld kvinner som av medisinske årsaker ikkje bør bli gravide (der det er fare for liv og helse), kvinner som ikkje tolererer annan prevensjon og dei som er omfatta av spesielle vilkår for sterilisering etter særskilt løyve, det vil seie ved inngrep etter vedtak i steriliseringsnemnd.

99 % av alle steriliseringane blir utførte etter eiga oppmoding. Om lag 20–30 søknader blir årleg behandla i steriliseringsnemndene.

Sterilisering ved særskilte tilfelle

I kvart fylke er det ei steriliseringsnemnd. Nemnda avgjer blant anna søknader om sterilisering frå personar under 25 år og personar med ei alvorleg sinnsliding eller utviklingshemming, og i tillegg personar som er psykisk svekte.

Søknaden om sterilisering blir send statsforvaltaren i fylket der den som ønskjer å bli sterilisert, er busett. Det er utarbeidd ei sjekkliste for legar ved oversending av søknad om sterilisering (PDF).

Olafiaklinikken

Senter for rådgiving, undersøkelse og behandling av seksuelt overførbare infeksjoner ved Oslo universitetssykehus.

Sex og samfunn

Senter for ung seksualitet. Hos Sex og samfunn kan du som er under 25 år, blant annet få veiledning og resept på prevensjon og teste deg for seksuelt overførbare infeksjoner.

Ung.no

Det offentliges informasjonskanal for ungdom.

Prevensjonsguiden på flere språk

Oversikt over alle prevensjonsmidler, tilgjengelig på norsk, engelsk, urdu, polsk, somali, arabisk og tigrinja.

Zanzu

Informasjon om sex og samliv på arabisk, engelsk, farsi, fransk, norsk, polsk, somali, tigrinja og tyrkisk, rettet mot innvandrere og andre med kort botid.

Sisdoalu lea almmuhan Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Sterilisering. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2021 ođđajagemánnu 28, duorasdat [vižžon 2024 cuoŋománnu 16, maŋŋebárga]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/sex-og-samliv/prevensjon/sterilisering/

Maŋimusat ođastuvvon 2021 ođđajagemánnu 28, duorasdat