Fødsel ved hjelp av tang eller vakuum

Det kan oppstå situasjonar under fødselen som gjer at legen må hjelpe deg med å få barnet ut ved å bruke vakuum eller fødselstang.

Baby etter fødsel

Når må ein bruke vakuum eller tang?

Det finnes fleir grunner til at ein må bruke tang eller vakuum under fødselen.

Det kan oppstå situasjonar som krev at barnet blir hjelpt ut fortare enn ved at du sjølv trykker barnet ut:

  • Dersom barnet viser teikn på stress eller det er mistanke om at tilførsel av oksygen til barnet ikkje er optimal.
  • Dersom barnet har stilt seg inn i fødselskanalen på ein måte som gjer at fødselsprosessen stoppar

Det kan oppstå situasjonar som krev at du treng assistanse for å presse barnet ut, som ved:

  • Langvarig utdrivningstid – lang trykketid
  • Sjeldnere og svakere rier
  • Sjukdom hos mor, til dømes hjartesjukdom, høgy blodtrykk eller svangerskapsforgiftning

Etter å ha undersøkt deg vil legen bestemme kva slags forløysingsmetode som er best for deg og barnet ditt.

Vakuum

Vakuum blir òg kalla sugekopp eller kopp. Dette er ein metall- eller gummikopp som blir festa på hovudet til barnet ved hjelp av vakuum. Legen vil hjelpe ved å trekke barnet nedover i fødselskanalen, samstundes som du trykker.

Etter fødselen vil barnet ofte ha eit merke og heving i huda på hovudet der kor vakuumet blei festa. Hevinga går raskt ned, men nokre barn kan òg få eit blåmerke som forsvinn gradvis i løpet av få dagar.

Tang

Ein tang blir òg kalla fødselstang. Denbestår av 2 like armar (bransjar) som er forma slik at dei er tilpassa hovudet til barnet. Tangarmane sluttar seg rundt barnehovudet utan at hovudet blir klemt. Når tanga er sett på vil legen trekke barnet nedover i fødselskanalen samstundes som du trykker.

Det finst ulike typar fødselstenger. Tanga blir òg brukt ved setefødsel, for å hjelpe hovudet til barnet ut. Etter ein fødsel ved hjelp av tang, kan du ofte sjå raude merker i huda på barnet sitt kinn. Desse forsvinn raskt etter fødselen.

Nokre gonger lukkast vi ikkje med å forløyse barnet sjølv om vi bruker vakuum eller tang. Då vil det bli gjennomført keisarsnitt.

Zanzu

Informasjon om graviditet, fødsel og barseltid på arabisk, engelsk, farsi, fransk, norsk, polsk, somali, tigrinja og tyrkisk retta mot innvandrarar og andre med kort butid.

Sisdoalu lea almmuhan Helse Bergen HF

Helse Bergen HF. Fødsel ved hjelp av tang eller vakuum. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2022 geassemánnu 13, vuossárga [vižžon 2024 cuoŋománnu 20, lávvardat]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/fodsel/fodsel-med-tang-eller-vakuum/

Maŋimusat ođastuvvon 2022 geassemánnu 13, vuossárga