Helsenorge skal levere relevante offentlege helsetenester til befolkninga i Noreg. Målet er at du skal ha høve til å oppleve samanheng og kvalitet i møte med helsetenesta.

Tenestene og innhaldet er levert av ulike aktører i helsesektoren. 

Kven eig Helsenorge?

Helsenorge er eit offentleg samarbeid for å ha helseinformasjon og helsetenester samla på ein stad. Norsk helsenett eig Helsenorge. Norsk helsenett er eit statsføretak eigd av Helse- og omsorgsdepartementet. 

Sjølvbeteningstenester

Ved å logge deg inn på Helsenorge får du tilgang til ei rekke sjølvbeteningstenester. Du kan og sjå helseinformasjon som er registrert om deg. Du kan blant anna byte fastlege, sjå journaldokument, få oversikt over reseptane dine og sjekke vaksinane dine. Dersom fastlegen din brukar Helsenorge, kan du bestille timar hos hen. Du kan òg velje kva opplysninger om deg du vil dele med helsepersonell. Du kan gjere innstillingar og sjå kva slags tenester du kan bruke ved å logge inn. 

Du kan og bruke Helsenorge på vegner av barna dine eller den du har fullmakt for.

Kvalitetssikra helseinformasjon

Helsenorge er den offentlege hovudkanalen for kvalitetssikra innhald om helse, livsstil, sjukdom, behandling og rettar.

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av offentlege helseaktører, til dømes sjukehus, Helsedirektoratet, Helfo og Folkehelseinstituttet. Liste over samarbeidspartnarar finn du her.

All informasjon blir jamleg oppdatert minst kvart tredje år. Du kan vere sikker på at informasjonen du finn på Helsenorge er forskningsbasert, korrekt og i tråd med nasjonale råd og retningslinjer.

Ansvar for innhaldet

Helsedirektoratet har utgivaransvaret for informasjonsinnhaldet på Helsenorge, og står etisk og rettsleg ansvarleg. Det rettslege ansvaret gjeld blant anna forskrift om universell utforming, åndsverkslova, straffelova og mållova. Utgivar er òg ansvarleg for verkemiddel for å få aktørane i helsesektoren til å bidra med informasjonsinnhald.

Norsk helsenett er produkteigar for Helsenorge, og har ansvaret for vidareutvikling og applikasjonsforvaltning. Norsk helsenett er ansvarleg for drift av plattforma.

Redaktør

Norsk helsenett har redaktøransvaret for Helsenorge og er ansvarleg for å følge lover, reglar og retningslinjer for kvalitet. Norsk helsenett har ansvar for å følge blant anna forskrift om universell utforming, åndsverkslova, straffelova og språklova. 

Norsk helsenett har ansvaret for at innhaldet blir utvikla i tråd med produktstrategi og innhaldsstrategi for Helsenorge. Norsk helsenett er òg ansvarleg for presentasjon av innhaldet på Helsenorge, og har ansvar for at dei lokale redaktørene som leverer innhald til Helsenorge er kjent med innhaldsstrategien og retningslinjene for kvalitet.

Databehandling

Norsk helsenett er behandlingsansvarleg. Det betyr at Norsk helsenett er ansvarleg for behandling av personopplysningar på Helsenorge sine opne sider. Norsk helsenett er også ansvarleg for drift og vedlikehald av nettsida.

Dersom ikkje anna er opplyst, vil dei innsamla opplysningane bli lagra på serverar som er drifta av Norsk helsenett.

Kontaktpunkt

Rettleiing helsenorge.no
Ring 23 32 70 00
Måndag - fredag klokken 08:00-15:30

Personvernombod
NHNs personvernombod finn du kontaktinformasjon til på denne sida.

Datatilsynet
Datatilsynet er tilsynsorgan og kontrollerer at lover og forskrifter som gjeld for behandling av personopplysningar blir følgde.
Telefonnummer: 22 39 69 00
E-post: postkasse@datatilsynet.no
Organisasjonsnummer: 974761467
datatilsynet.no

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Norsk helsenett

Norsk helsenett. Om Helsenorge. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert 2026 guovvamánnu 27, bearjadat [henta 2026 miessemánnu 24, sotnabeaivi]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/se/om-helsenorge-no/

Sist oppdatert 27. guovvamánnu 2026

Fant du det du lette etter?