Halsbrann

Dei fleste får halsbrann eller sure oppstøyt frå tid til anna. Halsbrann kan vere svært ubehageleg, men det finst fleire behandlingar som kan hjelpe.

Kva er halsbrann? 

Magesekken inneheld syre for å fordøye maten du et. Halsbrann oppstår når syre kjem opp i matrøyret frå magesekken. Syra kan av og til komme opp i munn og svelg og irritere luftvegane.

Ein ring av musklar skal normalt stengje av øvst i magesekken og halde syra på plass. Jamleg halsbrann oppstår når lukkemuskelen ikkje fungerer godt nok. Dersom du ofte er plaga av sure oppstøyt, kan du ha ein tilstand som på fagspråket blir kalla gastroøsofageal reflukssjukdom. Dette blir forkorta på engelsk til GORD og på norsk til GØRS. Kronisk halsbrann kan skade matrøyret.

Symptom på halsbrann

Kjenneteikn på halsbrann:

  • ei ubehageleg, brennande kjensle som vanlegvis startar i brystet og bevegar seg opp mot halsen
  • ein sur smak i munnen
  • eventuelt dårleg ande, å vere hås eller få tørrhoste (men uvanleg)

Av og til kan mageproblem og brystsmerter vere teikn på meir alvorleg sjukdom. Dersom du har svart avføring eller kastar opp mykje blod, bør du kontakte lege eller legevakta så snart som mogleg. Symptoma kan komme av blødingar i magesekken eller tarmen. Du bør òg søkje hjelp raskt dersom du

  • har brystsmerter som bekymrar deg
  • får ei kjensle av at maten set seg fast i halsen når du svelgjer
  • går ufrivillig ned i vekt eller kjenner deg trøytt utan grunn

Legen kan då tilvise deg til undersøking av matrøyr og magesekk (gastroskopi).

Undersøkinga skjer med ein tynn slange som forsiktig blir lirka ned i matrøyret og magesekken. Det kan vere ubehageleg, men er ofte raskt å gjennomføre.

Behandling av halsbrann

Kosthald og livsstil

Røyking, overvekt, feit mat, høgt alkohol- eller koffeininntak aukar risikoen for halsbrann. Mange kan derfor oppleve at plagene blir reduserte dersom dei endrar livsstil. Ein liten studie har òg funne at nokon fekk mindre halsbrann om natta dersom dei heva hovudenden av senga med nokre klossar under sengebeina. Eit anna råd er å unngå måltid like før sengetid.

Legemiddel

Har du halsbrann av og til, kan syrenøytraliserende legemidler være tilstrekkelig behandling.

Syrenøytraliserende middel

Syrenøytraliserande legemiddel får du reseptfritt på apoteket og finst som regel som tyggjetablett eller mikstur. Legemidla reduserer irritasjon frå magesyre, og enkelte typar dannar ein barriere som hindrar magesyra i å komme opp i matrøyret. Dette hjelper mot halsbrann. Det finst likevel inga forsking på kor godt syrenøytraliserande verkar på kronisk halsbrann.

Legemidla gir lite biverknader, men dei kan av og til hindre opptak av andre legemiddel dersom dei blir tatt samtidig. Det kan vere lurt å snakke med legen eller apoteket om desse, spesielt dersom du tar syrenøytraliserande middel jamleg eller brukar fleire legemiddel samtidig.

Er du mykje plaga, finst det andre behandlingar som er betre på lang sikt.

Protonpumpehemmarar

Har du halsbrann fleire gonger i veka, vil legen mest sannsynleg tilrå ein type legemiddel som blir kalla protonpumpehemmarar. Desse legemidla verkar ved at dei reduserer mengda syre i magesekken. Nokre eksempel er omeprazol, esomeprazol, lansoprazol og pantoprazol. Omeprazol kan ein òg få i små pakkar og små dosar reseptfritt på apotek.

Det er godt dokumentert at protonpumpehemmarar kan motverke halsbrann. Dersom syre har skadd matrøyret ditt, kan desse legemidla heile skaden. Mange brukar protonpumpehemmarar kontinuerleg. Nokon tar det berre ved behov eller i låge dosar. Dette kan ein prøve ut i samråd med legen.

Dei fleste som tar protonpumpehemmarar, toler dei godt. Men enkelte opplever biverknader som kvalme, diaré, forstopping, hovudverk eller utslett. Nokre studiar har vist at det ved lang tids bruk er auka fare for svekt skjelett og beinbrot.

Sei frå til legen dersom du tar eit blodfortynnande medikament kalla warfarin eller klopidogrel, hjartemedisinen digoksin eller ein medisin for epilepsi kalla fenytoin. Protonpumpehemmarar kan verke inn på kor godt desse legemidla verkar.

Langtidsbruk av protonpumpehemmarar kan senke nivået av magnesium i kroppen. Dette kan ein kontrollere med ein blodprøve.

H2-blokkarar 

Dersom du får plagsame eller alvorlege biverknader av protonpumpehemmarar, kan H2-blokkarar også redusere syremengda i magen. Legemidla kan hjelpe mot halsbrann og irritasjon eller sår i slimhinna i matrøyret. Forsking viser at H2-blokkarar ikkje er så effektive som protonpumpehemmarar. Du kan få låge dosar reseptfritt. Ved store plager på natta kan ein sjeldan gong H2-blokkarar kombinerast med protonpumpehemmarar.

H2-blokkarar gir vanlegvis ikkje alvorlege biverknader, men nokon opplever mellom anna hovudverk eller diaré.

Kirurgi

Kirurgisk behandling (fundoplikasjon) kan vere aktuelt dersom du ikkje ønskjer å ta protonpumpehemmarar over lang tid. Med denne operasjonen vil legen betre funksjonen til lukkemuskelen ved inngangen til magesekken. Operasjonen kan medføre ein liten risiko for komplikasjonar som blodpropp, blødingar og infeksjonar.

Kva skjer vidare?

Har du mild halsbrann, er det sannsynlegvis tilstrekkeleg å ta syrenøytraliserande legemiddel ein gong iblant. Halsbrann kan òg gå over av seg sjølv.

Dersom plagene er store, får dei fleste lindring med langtidsbehandling med protonpumpehemmarar.

Aktivitetshåndboken (PDF)

Mange sykdommer kan forebygges og behandles med fysisk aktivitet. Ofte kan fysisk aktivitet erstatte legemidler eller redusere behovet.

Halsbrann – gastroøsofageal reflukssykdom. Helsebiblioteket.no, 2022.

Heartburn (PDF). Originalbrosjyrer frå BMJ Best Practice. 2021

Sisdoalu lea almmuhan Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Halsbrann. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2022 skábmamánnu 4, bearjadat [vižžon 2024 cuoŋománnu 20, lávvardat]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/sykdom/mage-og-tarm/halsbrann/

Maŋimusat ođastuvvon 2022 skábmamánnu 4, bearjadat