Trykksår (liggesår)
Trykksår er ein skade i huda som oppstår når eit område av kroppen blir utsett for langvarig trykk. Du kan få trykksår om du blir liggande for lenge i same stilling utan å bevege deg.
Kva er trykksår?
Trykksår, også kalla liggesår, er skadar i huda og underliggande vev.
Når du sit eller ligg, skiftar du normalt stilling ganske ofte, også når du søv. Nokon er for sjuke til å bevege seg, og kan derfor utvikle trykksår. Eldre, rullestolbrukarar og personar med alvorleg sjukdom er mest utsett.
Trykksår blir danna når vekta til kroppen pressar mot eitt punkt over lang tid. Dette trykket kan redusere blodtilførselen i huda. Hudcellene får då for lite oksygen og næring, og det oppstår opne sår. Det kan ta lang tid før eit trykksår gror.
Hudområda på kroppen som får mykje trykk er mest utsett. Trykksår oppstår derfor ofte på desse stadane på kroppen:
- ved halebeinet
- på hoftene
- bak på hælane
Symptom på trykksår
Trykksår kan vere smertefulle, væske, blø og bli infisert av bakteriar.
Om du har omsorg for nokon som står i fare for å få trykksår, bør du kjenne til symptoma. Si frå til ein lege eller sjukepleiar om du oppdagar vanlege symptom på trykksår:
- misfarging i huda
- hevelse
- blemmer
- hard eller sprokken hud
- hudområde som kjennest uvanleg varme, kalde, glatte eller tørre
Årsaker til trykksår
Hovudårsaka til trykksår er vanlegvis press eller trykk på eit hudområde over tid, som fører til dårleg blodsirkulasjon.
Alle kan få trykksår om dei blir liggande eller sittande for lenge utan å bevege seg, men risikoen aukar om du:
- har høg alder
- har lammingar eller ikkje klarar å bevege deg
- nyleg har vore gjennom ein større operasjon
- er feilernært
- har dårleg blodsirkulasjon
- har redusert kjensle i huda
- har skadd hud eller har hatt trykksår før
Råd for å førebygge trykksår
Det er fleire ting du kan gjere for å redusere risikoen for å få trykksår.
Å endre sitte- eller liggestilling regelmessig, er den beste måten å forhindre trykksår på. Klarar du ikkje dette sjølv, kan ein helsearbeidar eller pårørande hjelpe deg med dette. Huda bør vere beskytta når du endrar stilling. Huda bør ikkje gnidast eller dragast hardt over underlaget.
Om du er i faresona for å utvikle trykksår, bør du ligge på ein spesialmadrass som fordeler vekta betre. Slike spesialmadrassar er tilgjengelege på sjukehus og sjukeheimar, og kan også brukast heime.
Det er også viktig at du eller andre undersøker huda for teikn til begynnande trykksår. Du bør drikke mykje vatn, ete godt og slutte å røyke. Røyking gir dårlegare blodsirkulasjon og sårheiling.
Behandling av trykksår
Forsiktig reingjering, trykkavlasting og bandasjering av såret er vanlegvis alt som trengst for å behandle trykksår. Ved infeksjon i såret må denne bli behandla.
Har du hatt trykksår tidlegare, kan du få råd av ein lege eller sjukepleiar for å unngå at det skjer igjen. Om du har vanskar med å få i deg rett næring, kan du få hjelp til å sette opp ein kosthaldsplan. Eit sunt kosthald er viktig for at trykksår skal gro.
Gjer trykksåret vondt kan du prøve reseptfrie smertestillande som paracetamol og ibuprofen. Ved behov kan legen din skrive resept på sterkare smertestillande medisinar, antibiotika eller smertelindrande kremar som du kan bruke direkte rundt såret.
Ved alvorlege trykksår kan det vere nødvendig å fjerne dødt vev (debridement) hos legen. Har du eit djupt sår som ikkje vil gro, kan du bli anbefalt kirurgisk behandling for å lukke såret.
Prognose
Jo tidlegare trykksår blir oppdaga, jo større er moglegheitene for å hindre at dei blir verre.
Dei fleste trykksår gror etter kvart. Store trykksår kan gro saktare og vere vanskelege å behandle. Nokon sår må behandlast i fleire veker og månadar.
Trykksår oppstår vanlegvis i huda, men i sjeldne tilfelle kan også vev som ligg djupare, som musklar, bli ramma.