Ventetider for utgreiing og behandling

Ventetid er tida det tek frå behandlingsstaden får tilvisinga di og til du kan kome til utgreiing eller behandling.

På Vel behandlingsstad finn du ventetider for ei rekke undersøkingar og behandlingar innan:

  • fysisk helse
  • psykisk helse
  • rusproblematikk
  • habilitering
  • rehabilitering

Ventetida som står oppført på kvar behandlingsstad er det lengste du må rekne med å vente før du får kome til behandlingsstaden. Ventetidene er estimert ventetid og ikkje nøyaktig kor lenge du må vente.

Ventetida er individuell

Når tilvisinga er send til sjukehus eller behandlingsinstitusjon, skal behandlingsstaden svare deg innan 10 yrkedagar. I svarbrevet står det om du har fått rett til helsehjelp eller ikkje. Dersom du har fått rett til helsehjelp, vil du få brev med informasjon om når utgreiing eller behandling seinast skal starte. Du kan velje mellom alle behandlingsstadane i oversikta du finn på Vel behandlingsstad. 

Alle tilvisingar blir vurderte individuelt, og pasientar med same diagnose kan få ulike ventetider. Kor lenge du må vente er blant anna avhengig av:

  • kor alvorleg sjukdomen er
  • din helsetilstand
  • din medisinbruk
  • om du blir behandla for fleire diagnosar samstundes

Vi gjer merksam på at ventetida som er oppgitt ikkje er ei garantert ventetid for kvar enkelt pasient, men ei skjønsmessig vurdering av kapasiteten ved behandlingsstadane.

Medisinske forhold, som tilleggssjukdomar hos pasienten eller andre individuelle faktorar, kan føre til at nokre pasientar må vente lenger enn oppgitt tid.

Ventetidene blir oppdaterte kvar månad

Kvar behandlingsstad har sjølv ansvar for at ventetider som blir publiserte i informasjonstenesta alltid er oppdaterte, relevante og korrekte. Ventetidene skal oppdaterast kvar månad eller oftare.

Ventetider for fysisk helse

Dersom du treng utgreiing eller behandling for fysisk sjukdom, kan det vere nødvendig å sjå på tre typer ventetid.

  1. Utgreiing: Ventetid frå behandlingsstaden tek imot ei tilvising til pasienten kan kome til utgreiing. Det inkluderer undersøking.
  2. Dagbehandling: Ventetid til pasienten kan få utført behandlinga. Inkluderer all behandling som ikkje er innlegging, også poliklinisk behandling.
  3. Innlegging: Ventetid til pasienten kan få utført behandlinga.

Dette gjeld for pasientar som skal overnatte. Der ventetid til innlegging ikkje er oppgitt, kan det av medisinske årsaker likevel vere aktuelt med innlegging.

Ventetider for psykisk helse

Dersom du treng utgreiing eller behandling innan psykisk helse, avhengig av kva type behandling du ventar på, kan det vere tre typar ventetider.

  1. Poliklinisk utgreiing/behandling: Ventetid frå behandlingsstaden tek imot ei tilvising til pasienten kan kome til utgreiing eller behandling.
  2. Poliklinisk gruppebehandling: Ventetid frå behandlingsstaden tek imot ei tilvising til pasienten kan starte i ei gruppe.
  3. Innlegging: Ventetid frå innlegging blir aktuelt, til pasienten kan få døgnplass.

Ventetider for rusproblematikk

Dersom du treng utgreiing eller behandling for rusproblematikk, kan det vere tre typar ventetider.

  1. Poliklinisk utgreiing/behandling: Ventetid frå behandlingsstaden tek imot ei tilvising til pasienten kan kome til utgreiing eller behandling.
  2. Avrusing: Ventetid frå behandlingsstaden tek imot ei tilvising til pasienten kan kome til avrusing.
  3. Innlegging: Ventetid frå behandlingsstaden tek imot ei tilvising til pasienten blir innlagt.

Ventetider for habilitering og rehabilitering

Dersom du treng utgreiing eller behandling innan habilitering eller rehabilitering, er det fleire typar ventetider.

Habilitering barn og unge

  1. Poliklinisk utgreiing og behandling: Ventetid frå behandlingsstaden tek imot ei tilvising til pasienten kan kome til poliklinisk utgreiing eller behandling.
  2. Gruppetilbod med individuell oppfølging: Ventetid frå behandlingsstaden tek imot ei tilvising til pasienten kan starte gruppetilbod med individuell oppfølging.

Habilitering vaksne

  1. Poliklinisk utgreiing, behandling, rettleiing: Ventetid frå behandlingsstaden tek imot ei tilvising til pasienten kan kome til poliklinisk utgreiing, behandling eller rettleiing.

Rehabilitering

  1. Dag/poliklinikk, individuelt tilbod: Ventetid frå behandlingsstaden tek imot ei tilvising til pasienten kan kome til utgreiing eller behandling.
  2. Innlegging, individuelt tilbod: Ventetid frå behandlingsstaden tek imot ei tilvising til pasienten kan kome til utgreiing eller behandling.
  3. Dag/poliklinikk, gruppebasert tilbod: Ventetid frå behandlingsstaden tek imot ei tilvising til pasienten kan kome til utgreiing eller behandling.
  4. Innlegging, gruppetilbod: Ventetid frå behandlingsstaden tek imot ei tilvising til pasienten kan kome til utgreiing eller behandling.

Dersom du har spørsmål om ventetidene eller val av behandlingsstad, kan du ringe Rettleiing Helsenorge på telefon 23 32 70 00 og be om å bli sett over til ein pasientrådgivar. Du kan også rådføre deg med fastlegen din.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Sist oppdatert onsdag 4. november 2020