Du treng tilvising frå lege, psykolog eller barnevernsleiar for å få dekt utgifter. Utan tilvising kan du få dekt utgifter til opptil tre utgreiingssamtalar.
For at du skal ha rett til stønad frå folketrygden, må psykologen din ha avtale om direkte oppgjer med Helfo. Du må forsikre deg om dette før undersøking og behandling startar. Psykologen har plikt til å informere deg som pasient dersom han/ho ikke har direkte oppgjer med Helfo, slik at du får vite, før behandlinga startar, om du må betale heile regninga sjølv. Denne plikta følgjer av helsepersonelloven paragraf 6.
For at du skal få dekt utgifter, må psykologen ha avtale om driftstilskot med eit regionalt helseføretak. Du kan finne ut om psykologen har fått driftstilskot, ved å spørje psykologen direkte eller gå til nettstaden til det regionale helseføretaket du høyrer til.
Dersom du går til ein psykolog utan driftstilskot, må du betale alle kostnader sjølv.
Du kan oppsøkje i EU/EØS-området, leggje ut for utgiftene og sende søknad til Helfo om å få dekt delar av utgiftene, i etterkant.
Betaling av eigendel hos psykolog
Du må betale ein fast eigendel for kvar behandlingstime hos psykologen.
Eigendelen varierer avhengig av kor lenge konsultasjonen varer. Det går fram av forskrift til folketrygdlova § 5-7 kva som er godkjend eigendel.
Psykolog | Egenandel |
---|---|
Ordinær egenandel (1/2 eller 1 time) | 386 kroner |
Sesjon 1,5 time | 579 kroner |
Sesjon 2 timer | 772 kroner |
Sesjon 2,5 timer | 965 kroner |
Sesjon 3 timer | 1158 kroner |
Gruppeterapi, minst 2 timer | 386 kroner |
Gruppeterapi, minst 3 timer | 579 kroner |
Eigendelen tel med i grunnlaget for frikort for helsetenester.
Du vil få tilsendt ein SMS eller e-post når vedtaket om frikort er fatta, avhengig av kva varselval du har gjort på Helsenorge.
Har du betalt for mykje, får du automatisk tilbake det du har krav på.
Barn og unge slepp eigendel hos psykolog
Dersom du meiner at psykologen krev for høg eigendel, bør du ta dette opp med psykologen. Du kan òg ta opp saka med det regionale helseføretaket.
Psykologar med avtale om driftstilskot
Her finn du lenker til nettsidene i kvar helseregion med oversikt over psykologar som har inngått avtale om driftstilskot med eit regionalt helseføretak:

Psykolog
En psykolog kan hjelpe deg med ulike psykiske problemer, fra lettere og avgrensede livsproblemer til alvorlige psykiske lidelser.
Illustrasjon: LightField / Mostphotos (illustrasjonsbilde)