Eigendelar hos psykolog

Du kan få dekt delar av utgiftene til behandling hos psykolog som er spesialist i klinisk psykologi. Du må vanlegvis betale ein eigendel.

Kvinne snakker

Du treng tilvising (henvisning) til psykolog

Du treng tilvising frå lege, psykolog eller barnevernsleiar for å få dekt utgifter.

Utan tilvising kan du få dekt utgifter til opptil tre utgreiingssamtalar.

Psykologen må ha avtale med Helfo og regionalt helseføretak

For at du skal ha rett til stønad frå folketrygden, må psykologen din ha avtale om direkte oppgjer med Helfo. Du må forsikre deg om dette før undersøking og behandling startar. Psykologen har plikt til å informere deg som pasient dersom han/ho ikke har direkte oppgjer med Helfo, slik at du får vite, før behandlinga startar, om du må betale heile regninga sjølv. Denne plikta følgjer av helsepersonelloven paragraf 6. 

For at du skal få dekt utgifter, må psykologen ha avtale om driftstilskot med eit regionalt helseføretak. Du kan finne ut om psykologen har fått driftstilskot, ved å spørje psykologen direkte eller gå til nettstaden til det regionale helseføretaket du høyrer til.

Dersom du går til ein psykolog utan driftstilskot, må du betale alle kostnader sjølv.

Betaling av eigendel hos psykolog

Eigendelstak for frikort

Du får frikort for helsetenester innan tre veker etter at du har betalt over 3165 kroner i godkjende eigendelar.

Du må betale ein fast eigendel for kvar behandlingstime hos psykologen. 

Finn frikort og sjekk eigendelar

Her kan du finne frikortet ditt, sjå registrerte eigendelar og endre kontonummeret ditt.

Eigendelen varierer avhengig av kor lenge konsultasjonen varer. Det går fram av forskrift til folketrygdlova § 5-7 kva som er godkjend eigendel.

Psykolog Eigendel
Ordinær eigendel (1/2 eller 1 time) 403 kroner
Sesjon 1,5 time 604 kroner
Sesjon 2 timer 806 kroner
​Sesjon 2,5 timer ​1008 kroner
Sesjon 3 timer 1209 kroner
Gruppeterapi, minst 2 timer 403 kroner
Gruppeterapi, minst 3 timer 604 kroner

Eigendelen tel med i grunnlaget for frikort for helsetenester.

Det er berre godkjende eigendelar som tel med i oppteninga til frikort for helsetenester. 

Frikortet og vedtaksbrevet finn du når du logger deg inn på Helsenorge.

Du vil få tilsendt ein SMS eller e-post når vedtaket om frikort er fatta, avhengig av kva varselval du har gjort på Helsenorge.

Har du betalt for mykje, får du automatisk tilbake det du har krav på.

Barn og unge slepp eigendel hos psykolog

Barn og ungdom under 18 år slepp å betale eigendel hos psykolog.

Dersom du meiner at psykologen krev for høg eigendel, bør du ta dette opp med psykologen. Du kan òg ta opp saka med det regionale helseføretaket.

Psykologar med avtale om driftstilskot

Her finn du lenker til nettsidene i kvar helseregion med oversikt over psykologar som har inngått avtale om driftstilskot med eit regionalt helseføretak:

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Eigendelar hos psykolog. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 1. januar 2024 [henta onsdag 24. juli 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/betaling-for-helsetjenester/betaling-hos-psykolog/

Sist oppdatert måndag 1. januar 2024