Eigendelar hos psykolog

Du kan få dekt delar av utgiftene til behandling hos psykolog som er spesialist i klinisk psykologi. Du må vanlegvis betale ein eigendel som tel med i oppteninga til frikort for helsetenester.

Kvinne snakker

Sjekk eigendelar og finn frikortet

Eigendelstak for frikort

Du får frikort for helsetenester innan tre veker etter at du har betalt over 3165 kroner i godkjende eigendelar.

Behandlarar og tenesteytarar har ansvar for å rapportere alle godkjende eigendeler til Helfo minst kvar 14. dag. Desse eigendelane vert registrert automatisk på deg. Les meir om kva som skjer når du har fått frikort eller har betalt over eigendelsgrensa.

Finn frikort og sjekk eigendelar

Her kan du finne frikortet ditt, sjå registrerte eigendelar og endre kontonummeret ditt.

Du treng tilvising (henvisning) til psykolog

Du treng tilvising frå lege, psykolog eller barnevernsleiar for å få dekt utgifter.

Utan tilvising kan du få dekt utgifter til opptil tre utgreiingssamtalar.

Psykolog

En psykolog kan hjelpe deg med ulike psykiske problemer, fra lettere og avgrensede livsproblemer til alvorlige psykiske lidelser.

Psykologen må ha avtale med Helfo og regionalt helseføretak

For at du skal ha rett til stønad frå folketrygda, må psykologen din ha

  • avtale om direkte oppgjer med Helfo
  • avtale om driftstilskot med eit regionalt helseføretak

Dersom du går til ein psykolog utan driftstilskot, må du betale alle kostnader sjølv. Les meir om vilkåra for behandling om psykolog her.

Vanlege eigendelar hos psykolog

Du må betale ein fast eigendel for kvar behandlingstime hos psykologen. Det er berre godkjende eigendelar som tel med i oppteninga til frikort for helsetenester.

Eigendelen varierer avhengig av kor lenge konsultasjonen varer. Det går fram av forskrift til folketrygdlova § 5-7 kva som er godkjend eigendel.

Psykolog Eigendel
Ordinær eigendel (1/2 eller 1 time) 403 kroner
Sesjon 1,5 time 604 kroner
Sesjon 2 timer 806 kroner
​Sesjon 2,5 timer ​1008 kroner
Sesjon 3 timer 1209 kroner
Gruppeterapi, minst 2 timer 403 kroner
Gruppeterapi, minst 3 timer 604 kroner

Barn og unge slepp eigendel hos psykolog

Barn og ungdom under 18 år slepp å betale eigendel hos psykolog.

Dersom du meiner at psykologen krev for høg eigendel, bør du ta dette opp med psykologen. Du kan òg ta opp saka med det regionale helseføretaket.

Krav om avtale om direkteoppgjer og driftstilskot

Du må forsikre deg om psykologen har avtale om direkteoppgjer med Helfo før undersøking og behandling startar.

Psykologen har plikt til å informere deg som pasient dersom hen ikkje har direkte oppgjer med Helfo, slik at du får vite, før behandlinga startar, om du må betale heile rekninga sjølv. Denne plikta følgjer av helsepersonelloven paragraf 6. 

For at du skal få dekt utgifter, må psykologen i tillegg ha avtale om driftstilskot med eit regionalt helseføretak. Du kan finne ut om psykologen har fått driftstilskot, ved å spørje psykologen direkte eller gå til nettstaden til det regionale helseføretaket du høyrer til.

Psykologar med avtale om driftstilskot

Her finn du lenker til nettsidene i kvar helseregion med oversikt over psykologar som har inngått avtale om driftstilskot med eit regionalt helseføretak:

Psykolog og pasient snakker sammen

Psykolog i EU/EØS

Du kan få dekket psykolog i EU/EØS-området etter norske regler. Du legger ut for behandlingen, og søker Helfo om refusjon i etterkant.

Illustrasjon: Morten Rakke / Helfo

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Eigendelar hos psykolog. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 2. september 2024 [henta torsdag 24. oktober 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/betaling-for-helsetjenester/betaling-hos-psykolog/

Sist oppdatert måndag 2. september 2024