Eigendelar på laboratorium og røntgeninstitutt

Du kan få dekt delar av utgiftene dine til nødvendige undersøkingar ved private laboratorie- og røntgeninstitutt. Vanlegvis må du betale ein eigendel.

Illustrasjon: Morten Rakke / Helfo

Du får dekt fleire typar undersøkingar, der eigendelane vil telje med i oppteninga til frikort for helsetenester. 

Finn frikortet og sjekk egenandeler

Her kan du finne frikortet ditt, se registrerte egenandeler og endre kontonummeret ditt.

Radiologiske undersøkingar

For at du skal få dekt utgifter til røntgenundersøkingar, MR, CT og ultralyd, må du ha tilvising frå lege, tannlege, kiropraktor eller manuellterapeut.

Det private røntgeninstituttet må ha avtale med regionalt helseføretak. Spør legen din eller det regionale helseføretaket om kva røntgeninstitutt du kan bruke.

Du kan òg bruke eit institutt som ikkje har nokon avtale, men du må då bere alle kostnadene sjølv.

Laboratorieprøvar og undersøkingar

Laboratorieprøven må vere rekvirert av lege, tannlege eller jordmor. Mange fastlegar og spesialistar har utstyr til å utføre laboratorieundersøkingar sjølv.

Legen kan òg sende prøven til eit privat laboratorium. Det private laboratoriet må ha inngått ein avtale med eit regionalt helseføretak for at du skal få dekt utgiftene. Spør legen din eller det regionale helseføretaket om kva laboratorium du kan bruke.

Du kan òg bruke legar og laboratorieinstitutt som ikkje har avtale, men då må du bere alle kostnadene sjølv.

Kontakt det regionale helseføretaket for å få ei oversikt over kven dei har avtale med.

Betaling av eigendel

Godkjende eigendelar tel med i grunnlaget for frikort for helsetenester. Dette gjeld berre røntgen- og laboratorieinstitutt som har avtale. Dei som ikkje har avtale, kan fritt fastsetje ei pasientbetaling. Denne tel ikkje med i grunnlaget for frikort.

Du får tilsendt ein SMS eller e-post når vedtaket om frikort er fatta, avhengig av kva varselval du har gjort på helsenorge.no.

Har du betalt for mykje, får du automatisk tilbake det du har krav på.

To frikort blir til eitt

Frå 1. januar 2021 er det berre ei frikort-ordning i Noreg, i staden for to ordningar, som tidlegare.

Det betyr at du no kan nytte eitt frikort for helsetenester i dei ulike tenestene som gjev opptening til frikort.

Med frikort for helsetenester slepp du å betale eigendelar resten av kalenderåret. Det vil vere eitt felles eigendelstak for alle tenestene som i dag inngår i frikort-ordninga. Det nye frikortaket er på 2460 kroner. 

Målet med samanslåinga er å gjere ordninga enklare for innbyggjarane, og å skjerme dei brukarane som i dag har dei høgste utgiftene.

Dei tenestene som tidlegare ga deg opptening til frikort for helsetenester, vil framleis gje opptening.

Du finn frikortet ditt, kan sjekke registrerte eigendelar og endre kontonummeret ditt på helsenorge.no. Husk at dei fleste behandlarane kan sjekke om du har frikort ved å bruke Helsedirektoratets spørjeteneste.

I dag kan eigendelar frå behandling hos lege, fysioterapeut, psykolog, poliklinikk, laboratorium og røntgeninstitutt gje opptening til frikort. Det kan og eigendelar for legemiddel på blå resept, enkelte tannbehandlingar, enkelte rehabiliteringsopphold og enkelte behandlingsreiser til utlandet.

Fritak for eigendelar

Nokre pasientgrupper får fritak frå å betale eigendel. Det gjeld mellom anna: