Eigendelar på laboratorium og røntgeninstitutt

Du kan få dekt delar av utgiftene dine til nødvendige undersøkingar ved private laboratorie- og røntgeninstitutt. Vanlegvis må du betale ein eigendel som tel med i oppteninga til frikort for helsetenester.

Sjekk eigendelar og finn frikortet

Egenandelstak for frikort

Du får frikort for helsetjenester innen tre uker etter at du har betalt over 3165 kroner i godkjente egenandeler.

Behandlarar og tenesteytarar har ansvar for å rapportere alle godkjende eigendeler til Helfo minst kvar 14. dag. Desse eigendelane vert registrert automatisk på deg.

Treng du å vise frikortet, finn du det digitalt på Helsenorge. Med frikort slepp du å betale eigendeler for resten av kalenderåret.

Finn frikort og sjekk eigendelar

Her kan du finne frikortet ditt, sjå registrerte eigendelar og endre kontonummeret ditt.

Kva slags undersøkingar du får dekka av Helfo, varierer frå røntgeninstitutt til røntgeninstitutt, men kan vere 

  • CT-undersøking
  • MR-undersøking
  • røntgen
  • ultralyd

Laboratoriet/røntgeninstituttet må ha avtale med Helfo

For at du skal ha rett til stønad til undersøkinga frå folketrygda, må laboratoriet eller røntgeninstituttet

  • avtale om direkte oppgjer med Helfo
  • avtale om driftstilskot med eit regionalt helseføretak

Dersom du går til eit laboratorium eller røntgeninstitutt utan avtale med Helfo og regional helseføretak, må du betale alle kostnader sjølv. Les meir om vilkåra for undersøking på laboratorium/røntgeninstitutt.

Du treng tilvising (henvisning) for radiologiske undersøkingar

For at du skal få dekt utgifter til røntgenundersøkingar, MR, CT og ultralyd, må du ha tilvising frå lege, tannlege, kiropraktor eller manuellterapeut.

Dersom du ikkje har tilvising frå lege, tannlege, kiropraktor eller manuellterapeut, og sjølv oppsøker eit privat laboratorium eller røntgeninstitutt, må du dekke alle desse utgiftene sjølv! 

Dersom du har tilvising (henvisning), men vil ha time raskare enn det det offentlege helsevesenet har avtale med dei private røntgeninstitutta om, må du også dekke alle utgiftene sjølv.

Du treng rekvirering for laboratorieprøvar og undersøkingar

Laboratorieprøven må vere rekvirert av lege, tannlege eller jordmor. Mange fastlegar og spesialistar har utstyr til å utføre laboratorieundersøkingar sjølv.

Legen kan òg sende prøven til eit privat laboratorium. Det private laboratoriet må ha inngått ei avtale med eit regionalt helseføretak for at du skal få dekt utgiftene. Spør legen din eller det regionale helseføretaket om kva laboratorium du kan bruke.

Du kan òg bruke legar og laboratorieinstitutt som ikkje har avtale, men då må du dekke alle utgiftene sjølv.

Kontakt det regionale helseføretaket for å få ei oversikt over kven dei har avtale med.

Vanlege eigendelar på laboratorium og røntgeninstitutt

Det er berre godkjende eigendelar som tel med i oppteninga til frikort for helsetenester.

Laboratorium/røntgeninstitutt Eigendel
   
  Laboratorieprøver   64 kroner
   

Undersøking/behandling på røntgeninstitutt (CT,    MR, røntgen, ultralyd)

287 kroner

Eigendelane lista ut over gjeld berre laboratorium og røntgeninstitutt som har avtale med Helfo/helseføretak.

Barn og andre grupper som ikkje betaler eigendelar

Nokre pasientgrupper får fritak frå å betale eigendel. Det gjeld mellom anna

Pasientbetaling hos laboratorium/røntgeninstitutt som ikkje tel med i frikort-ordninga

Nokre behandlingar må du betale heilt eller delvis sjølv. Laboratorium/røntgeninstitutt som ikkje har avtale med Helfo/helseføretak, kan fritt fastsetje ei pasientbetaling.

Det spelar heller inga rolle om du har frikort eller er friteken frå å betale eigendelar.

Gebyr dersom du ikkje møter opp

Dersom du ikkje kjem til timen du har fått, og du ikkje har gitt beskjed seinast 24 timar i førevegen, må du betala eit gebyr på 1125 kroner.

Denne tel ikkje med i grunnlaget for frikort.

Krav om avtale om direkteoppgjer med Helfo og avtale med helseføretak

Laboratoriet eller røntgeninstituttet har plikt til å informere deg som pasient dersom det ikkje har direkte oppgjer med Helfo, slik at du får vite, før undersøkinga startar, om du må betale heile rekninga sjølv. Denne plikta følgjer av helsepersonelloven paragraf 6.

Det private røntgeninstituttet må ha avtale med regionalt helseføretak. Spør legen din eller det regionale helseføretaket om kva røntgeninstitutt du kan bruke.

Mann på vei inn i en CT-maskin

Laboratorieprøver og røntgen i EU/EØS

Du kan få refundert deler av utgiftene til laboratorieprøver og radiologiske undersøkelser i et annet EU/EØS-land. Du legger ut for behandlingen, og søker Helfo om refusjon i etterkant.

Illustrasjon: Morten Rakke / Helfo

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Eigendelar på laboratorium og røntgeninstitutt. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 1. juli 2024 [henta torsdag 24. oktober 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/betaling-for-helsetjenester/betaling-pa-laboratorier-og-rontgeninstitutt/

Sist oppdatert måndag 1. juli 2024