Nytt nordisk kunnskapsgrunnlag vart lansert juni 2023. Dei norske kostråda vil bli oppdatert i løpet av 2024.
Slik følger du kostrådet
Vel brød og andre kornprodukt med høgt innhald av fiber og fullkorn, og lågt innhald av feitt, sukker og salt. Bruk Nøkkelhullet og Brødskala'n som hjelpemidler.
Kor mykje bør du ete av grovt brød og fullkornprodukt?
Dei grove kornprodukta bør til saman gi omtrent 70–90 gram sammale mjøl eller fullkorn per dag.
Ein person som er fysisk aktiv og har eit høgt energiforbruk, kan gjerne ete meir av grove kornprodukt. Det finst likevel ingen klar dokumentasjon på kor mykje grove kornprodukt eller fullkorn som gir optimal helsegevinst. Minst halvparten av det totale inntaket av kornprodukt bør vere i form av fullkorn (altså heilkorn).
Brød inneheld ulike mengder sammale mjøl eller fullkorn, alt etter kor mykje som er brukt i oppskrifta. Vekta til brødskivene varierer etter type brød og kor tjukke skiver ein vel, men ei skive grovt brød veg gjerne rundt 40 gram.
Kva må du ete for å få i deg 70–90 gram sammale mjøl eller fullkorn?
Her er fire eksempel på korleis du kan dekke denne mengda på ein dag:
- Fire brødskiver med ein stor del sammale mjøl, for eksempel merkt ekstra grovt i Brødskalaen.
- Éin tallerken grov kornblanding og to skiver ekstra grovt brød.
- Éin tallerken havregraut og éin porsjon fullkornpasta eller fullkornris.
- To tallerkenar havregraut.
Nøkkelholet stiller krav til både minimumsinnhald av kostfiber og sammale mjøl (fullkorn) og krav til maksimumsinnhald av feitt, salt og sukker. Brød merkt med Nøkkelholet skal innehalde minst 25 prosent fullkorn, og knekkebrød skal innehalde minst 50 prosent fullkorn.
Helseeffektar av å ete grove kornprodukt
For mange er grovt brød ein sjølvsagd del av kvardagen. Det er bra, fordi grove kornprodukt er sunnare enn fine kornprodukt.
Kostrådet om grove kornprodukt er basert på nasjonal og internasjonal forsking, som konkluderer med at det å ete fullkorn, grove kornprodukt og fiberrike matvarer førebygger hjarte- og karsjukdommar, type 2-diabetes og kreft i tjukk- og endetarmen. Grove kornprodukt kan òg bidra til å halde vekta stabil.
-
Fullkorn og kostfiber reduserer risiko for hjarte- og karsjukdommer.
-
Kostfiber reduserer risiko for type 2-diabetes.
-
Fiberrike matvarer reduserer risiko for kreft i tykk- og endetarm.
-
Matvarer som inneheld folat, reduserer risiko for hjarte- og karsjukdommar og kreft i bukspyttkjertelen.
-
Matvarer som inneheld selen, reduserer risiko for prostatakreft.
-
Å ete mykje av matvarer med låg energitettleik (få kaloriar) reduserer risiko for overvekt og fedme.
-
Frukt, grønnsaker og fullkorn reduserer risiko for metabolsk syndrom.
Kostfiber, folat, selen og energi er tekne med fordi kornprodukt er ei viktig kjelde til desse næringsstoffa.
Det er hevda at kornslag som spelt og bygg er sunnare enn andre kornslag. Dette er ikkje stadfesta i vitskaplege studiar. Førebels er det ikkje nok kunnskap til å kunne gi tilrådingar om at eit bestemt kornslag er sunnare enn andre kornslag.