Sex når du er gravid

I eit normalt svangerskap er sex ufarleg både for fosteret og den gravide. Dersom du opplever blødigar bør du unngå samleie og ta kontakt med lege.

Kjærester på soverommet

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​For mange gravide og deira partnarar vil ikkje sexlivet endrast i vesentleg grad under ein graviditet.

Mange kan derimot ha ekstra stor glede av seksuallivet. Dei høge nivåa av kjønnshormon gir ekstra blodgjennomstrøyming og fukt til skjeden, som kan føre til at den gravide blir ekstra kåt. Kvinner som tidlegare ikkje har opplevd orgasmar, kan oppleve dei under graviditeten.

Ein del gravide kan oppleve redusert sexlyst under graviditeten. Det kan vere at andre behov er viktigare, som nærleik og kos. Det er viktig å snakke med partnaren om dette.

Manglande sexlyst kan henge saman med at du kjenner deg kvalm, trøytt og uopplagd. Dette gjeld særleg i dei tre første og de tre siste månadene av svangerskapet. Mot slutten av svangerskapet kan også endringa i kropp og rørsler verke hemmande på sexlysta.

Personlege og kulturelle faktorar kan også påverke kva innstilling ein har til sex under graviditeten og dette er gjerne forskjellig frå par til par.​​

Sex i siste trimester

Mot slutten av svangerskapet minskar ofte den seksuelle aktiviteten.

Magen kan være i vegen for nokre stillingar, men så lenge lysta er til stades hos begge partar finst det mange ulike samleiestillingar du kan prøve.

Den gravide kan sitje øvst, partnaren kan stå bak, eller du kan ha samleie frå sida. Oralsex kan ein nyte under heile svangerskapet, så sant ingen av partane har opne munnsår.

Redsle for å skade fosteret kan være ein medverkande faktor til redusert lyst og seksuell aktivitet hos både den gravide og partnaren.

Er sex i svangerskapet farleg?

Penis kan ikkje skade barnet. Når den gravide får orgasme trekker livmora seg saman og magen blir hard som ein ball. Dette er heller ikkje skadeleg for barnet.

Barnet ligg godt beskytta inne i magen og slimproppen i livmorhalsen fungerer som ein barriere mot infeksjonar. Dersom du opplever blødingar under svangerskapet bør du unngå samleie og ta kontakt med jordmor, lege eller fødeavdeling.

Det er ikkje uvanleg at det kjem ei lita sporbløding etter samleie. Dette skuldast stor tilførsel av blod til livmortappen og skjeden, og slimhinner som er meir oppsvulma og dermed blør lettare. Ta uansett kontakt med jordmor eller lege dersom du får blødingar.

Dersom du har opplevd spontanabort fleire gonger, skal vaginalt samleie under svangerskapet drøftast med lege.​

Sex for å setje i gang fødselen

​Det finst ingen god medisinsk dokumentasjon på at sex kan setje i gang fødselen. I tida rundt termin vil kroppen likevel gjere seg klar for å føde, men det er ingenting som står i vegen for å prøve.

Sædcellene inneheld prostaglandiner, som kan gjere livmorhalsen mjukare. Den gravide sin eigen produksjon av oxytocin kan auke ved stimulering av brysta og eventuell orgasme. Oxytocin kan bidra til å setje i gang samantrekningar i livmora.

På grunn av infeksjonsfare blir samleie ikkje tilrådd dersom fostervatnet har gått.

Sexleiketøy når du er gravid

I Danmark tilrår den Danske Miljøstyrelsen å ikkje bruke sexleiketøy (dildo, vibrator, vaginalkuler osv.) når du er gravid eller ammar, på grunn av innhaldet av hormonforstyrrande kjemiske stoff (ftalater) i nokre av produkta.

Det finst lite dokumentasjon på at bruk av vibrator kan vere risikabelt/farleg under svangerskapet. Ved all bruk av sexleiketøy er det viktig å reingjere utstyret grundig før og etter bruk, og vere ekstra forsiktig dersom noko kjennest ubehageleg eller smertefullt.

Zanzu

Information about pregnancy, childbirth and the postnatal period in Arabic, English, Farsi, French, Norwegian, Polish, Somali, Tigrinya and Turkish aimed at immigrants and others with a short period of residence.

Content provided by The Norwegian Directorate of Health

The Norwegian Directorate of Health. Sex når du er gravid. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Friday, January 6, 2023 [retrieved Saturday, April 20, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/pregnancy-and-maternity-care-in-norway/sex-nar-du-er-gravid/

Last updated Friday, January 6, 2023