Kva er bekkeninfeksjon?

Bekkeninfeksjon er ein betennelsestilstand som oppstår i dei indre kjønnsorgana hos kvinner. Betennelsen kan ramme:

  • livmor
  • eggleiarar
  • eggstokkar
  • bukhinna i underlivet (i enkelte tilfelle)

Tilstanden blir ofte forkorta til PID (pelvic inflammatory disease).

Infeksjonen startar som regel i skjeden eller livmorhalsen før ho spreier seg vidare oppover i forplantningsorgana.

Betennelse i eggleiarane kan gi arrdanning. Det kan gjere det vanskelegare for eit egg å passere eller auke risikoen for graviditet utanfor livmora.

Symptom på bekkeninfeksjon

Symptom på bekkeninfeksjon varierer frå milde plagar til sterke smertar.

Vanlege symptom er:

  • verk eller smerter lågt i magen
  • smerter ved samleie
  • blødningar under eller etter samleie
  • unormal eller illeluktande utflod
  • smertar i nedre del av ryggen
  • kvalme
  • vondt når du tisser
  • du tissar ofte
  • auka smerter rundt menstruasjon eller eggløysing
  • menstruasjonen kjem ikkje
  • feber
  • generell sjukdomskjensle

Alvorleg bekkeninfeksjon kan gi høg feber, oppkast og manglande betring trass påbegynt antibiotikakur.

Årsaker til bekkeninfeksjon

Bekkeninfeksjon kjem av bakteriar som smittar ved seksuell kontakt, eller frå bakteriar som finst i skjeden.

Klamydia er den vanlegste årsaka, men gonoré og andre bakterielle infeksjonar kan óg føre til bekkeninfeksjon.

Risikofaktorar og førebygging

Sjukdommen kan ramme alle kvinner, men er meir vanleg hos seksuelt aktive kvinner under 25 år.

Andre forhold som aukar risikoen:

  • tidlegare seksuelt overførbar infeksjon
  • fleire seksualpartnarar
  • bruk av spiral

Du kan redusere risikoen ved å

  • bruke kondom riktig
  • teste deg for klamydia, særleg ved ny partnar
  • unngå ubeskytta sex

Utgreiing og diagnose

Dersom legen mistenker at du har bekkeninfeksjon, tar hen ei gynekologisk undersøking av deg.

Les meir om kva som skjer under ei gynekologisk undersøking.

Andre vanlege undersøkingar er:

  • blodprøve
  • tempteraturmåling
  • prøve frå livmorhalsen for å påviske bakteriar

Behandlinga blir som regel starta før svara ligg føre dersom symptoma er typiske. I sjeldne tilfelle kan det vere nødvendig med kikòlsoperasjon (laparoskopi) for å finne årsaka.

Legen vurderer òg andre tilstandar som kan likne, til dømes blindtarmbetennelse.

Behandling av bekkeninfeksjon

Mild til moderat bekkeninfeksjon

Mild til moderat bekkeninfeksjon behandlas som regel med to typar antibiotika i tablettform. Det er viktig at du tar medisinen slik legen har føreskrive. Kvalme og diaré er vanlege biverknader.

Ved gonoré får du ein spesifikk injeksjon som en del av behandlinga.

Smertestillande som ibuprofen eller paracetamol kan du bruke ved smertar.

Alvorleg bekkeninfeksjon

Alvorleg bekkeninfeksjon krev ofte behandling på sjukehus med antibiotika direkte i blodet.

Dette gjeld særleg dersom du

  • har høg feber
  • kastar opp
  • ikkje blir betre etter nokre dagar med behandling
  • ikkje kan bruke vanlege antibiotika
  • er gravid

Sjølvhjelp og råd

For å hindre bekkeninfeksjon bør du først og fremst redusere risikoen for seksuelt overførbare infeksjonar. Bruk kondom, unngå mange seksualpartnarar og test deg ved ny partnar.

Har du fått påvist bekkeninfeksjon er det viktig at parnaren din òg sjekkar seg. Ikkje ha samleie før antibiotikakuren er fullført.

Order free condoms

Condoms are the only contraceptive that provide protection against both sexually transmitted infections (STIs) and pregnancy. Read about how to use a condom and the reasons why the condom might split.

Går det over?

Dei fleste blir heilt friske etter antibiotikakuren, enten behandlinga skjer heime eller på sjukehuset. Nokken få treng innlegging for bidare behandling.

Dersom du brukar spiral, kan det vere nødvendig å fjerne han som ein del av behandlinga.

Behandlinga kan ikkje reparere skadar som allereie har oppstått i eggleiarane. 

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Oslo University Hospital

Oslo University Hospital. Bekkeninfeksjon. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert Tuesday, August 18, 2026 [henta Wednesday, August 19, 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/en/sykdom/underliv/bekkeninfeksjon/

Sist oppdatert 18. August 2026

Did you find what you were looking for?