Fødselen

Fødselen startar som oftast med rier og består av tre fasar: opningstid, utdrivingstid og etterbyrdstid. Kor lang tid fødselen vil ta, vil variera frå kvinne til kvinne.

Kvinne i fødsel

Teikn på at fødselen er i gang

Fødselens start, forløp og korleis kvinner opplever fødselen er veldig individuelt. Du kan òg oppleve din første og andre fødsel forskjellig.

Dei fleste fødslar startar spontant mellom 37. og 42. svangerskapsveke. Oftast startar fødselen ved at livmora begynner å trekkje seg saman og du får rier, men du kan også oppleve andre teikn på at fødselen snart skal skje.

Fødselsrier

Fødselsrier er smertefulle samantrekningar av livmora som kjem oftare enn kvart 10. minutt, og som varer i 45-60 sekund.

Riene kjem som oftast med fleire minutts mellomrom og er kortvarige i starten, for så å auke i hyppigheit, varigheit og intensitet. Dei fleste kjenner smerten i nedre del av magen og korsryggen.

Ta kontakt med sjukehuset når du meiner at riene er etablert, eller kjem med ein intervall på ca. kvart 5.-6. minutt.

Har du lang veg til sjukehuset, har fødd raskt tidlegare, hatt komplikasjonar i tidlegare svangerskap eller fødslar, eller du er usikker - ta kontakt når riene startar.

Høygravid kvinne

Når fostervatnet går

Mistenker du at fostervatnet har begynt å lekke, skal du alltid ta kontakt med fødeavdelinga der du skal føde

Illustrasjon: iStockphoto

Fødselens ulike stadium

Når fødselen er i gang, gjer fødselsriene at livmorhalsen blir endra. Han begynner å trekkje seg til side og gi plass for at barnet kan passere gjennom fødselskanalen.

Fødselskanalen består av:

  • Bekkenet – den beinete delen av fødselskanalen
  • Muskulaturen i bekkenet
  • Skjeden - den mjuke delen av fødselskanalen

Bekkenet er forma som ei trakt, og storleiken er forskjellig i dei ulike nivåa av bekkenet. Dette gjer at barnet må utføre ein del rotasjonar under fødselen for å kunne tilpasse seg og passere gjennom bekkenet.

Tre fasar

Fødselen blir delt inn i tre stadium med opningstid, utdrivingstid og etterbyrdstid. Opningstida er den lengste fasen, medan utdrivingstida varer frå ein halv til ein time - og etterbyrdstida varer frå nokre minutt til opp mot ein time.

Det er fleire faktorar som har betydning for kor lang tid fødselen tar:

  • Om du har fødd tidlegare eller ikkje. Den første fødselen tar oftast lengst tid.
  • Kor ofte og kor effektive riene dine er, kan ha mykje å seie for fødselsarbeidet. Regelmessige og effektive rier er heilt avgjerande for at fødselsprosessen skal gå framover; barnet blir pressa nedover i bekkenet og livmorhalsen/mormunnen opnar seg.
  • Aktiv fødsel til ein førstegongsfødande varer frå 4 til 16 timar. Hos fleirgongsfødande vil fødselen oftast vare frå 2 til 11 timar. Dette vil variere frå kvinne til kvinne ogfrå fødsel til fødsel.

Opningstid

Den første delen av fødselen blir kalla opningsfasen. I denne fasen skal livmorhalsen (mormunnen) trekke seg til sides og opne seg for å gi plass til at barnet kan passere ned i bekkenet og bli født.

Opninga på mormunnen går frå å vere lukka til 10 centimeter (full opning). Først når mormunnen er heilt open, kan barnet bli født.

Etter kvart som mormunnen opnar seg, vil det kome ein del blodtilblanda utflod, såkalla teikningsbløding. Dette er eit teikn på at mormunnen blir påverka av riene og presset frå barnehovudet. Fostervatnet kan gå i alle fasar av fødselen, men som oftast skjer dette i den aktive fasen av opningstida.

Latensfasen - første del av opningstida

Den første delen av opningstida, latensfasen, er den lengste fasen av fødselen. Denne fasen startar frå du får regelmessige rier med mindre enn 10 minutts intervall. Riene begynner som oftast med langt intervall mellom kvar ri, og etter kvart aukar dei gradvis i styrke og kjem med kortare intervall.

Når mormunnen har opna seg til ca. 4-5 centimeter, går fødselen over i den aktive fasen. Riene blir meir effektive og mormunnen opnar seg raskare.

Undersøkingar

Jordmor kontrollerer framgangen i fødselsprosessen ved å kjenne på magen din korleis riene er. Ved underlivsundersøking kontrollerer jordmora kor stor livmoropninga er, og kor langt barnet har kome ned i fødselskanalen.

Det er ikkje uvanleg å gjere slike undersøkingar fleire gonger i løpet av fødselen, og du vil bli informert om dette undervegs. Du vil også bli orientert om utviklinga og framgangen i fødselsarbeidet.

Aktivitet og kvile under fødselen

I opningsfasen av fødselen bør du veksla mellom aktivitet og kvile. Bevegelse og aktivitet hjelper barnet med å rotere og passere gjennom bekkenet. Dei fleste opplever også at riene er mindre smertefulle om dei er i aktivitet, enn om dei ligg roleg i ei seng. Jordmor vil hjelpe deg med å veksle mellom gode kvilestillingar og å vere i aktivitet.

Video om fødestillinger som hjelper barnet ned i bekkenet

I opningstida er ei av dei viktigaste oppgåvene til jordmor å hjelpe deg med å finne stillingar som bidrar til å få barnet ditt til å kome seg nedover i fødselskanalen. I denne fasen av fødselen vil dei at du bruker tyngdekrafta og er i bevegelse samstundes som du er avslappa i kroppen.

Fødselsarbeid krev mykje energi. Du bør derfor tilføre kroppen energi ved å drikke og ete lette måltid. Du vil få tilbod om mat og drikke.

Utdrivingsfasen

Kvar ri blir no brukt til å trykke ut barnet. Saman med krafta frå riene, trykker du barnet ri for ri ned i skjeden og ut. Du må finne fødestillingar som gjer at du greier å trykke når du har ri, og kvile mellom riene.

Det er ofte gunstig å variere mellom ulike fødestillingar i denne fasen av fødselen. Det kan hjelpe barnet å rotere og trenge nedover i bekkenet. Jordmor vil hjelpe deg med å finne fødestillingar som er gode for deg og som er gunstig for framgang i fødselen.

Jordmor vil fortelje deg korleis du bør trykke i det barnets hovud og kropp blir fødd. Du og jordmor må då samarbeide slik at sjølve fødselen kan skje så varsomt som mogeleg for barnet, og for å skåne vevet ditt og førebygge riftar. Jordmor vil støtte og halde i mot når barnets hovud og kropp blir fødd.

Video som viser fødestillinger som hjelper deg å presse barnet ut.

Fødselssmerter

Fødselssmerter kjem av at livmora, som er ein stor muskel, trekker seg saman og dette fører til strekk og trykk på musklar, sener og nervar. Smertene endrar seg både i styrke, varigheit og lokalisering i løpet av fødselen.

I starten er det som oftast nokre minutt mellom kvar ri, mens mot slutten av fødselen kjem riene oftare og er meir smertefulle. Som oftast vil du ha pausar utan smerte, der du kan puste ut og lade opp til neste ri.

Når barnet passerer gjennom fødselskanalen, vil det trykke mot vev og nervar. Mot slutten av fødselen vil trykket frå barnet føre til trykk og spreng i skjeden og mot endetarmen, og dette vil utløyse ein sterk trong til å trykke.

Korleis fødselssmertene blir opplevd er veldig ulikt frå kvinne til kvinne. Kvar kvinne møter fødselen med sine føresetnader, tidlegare opplevingar, erfaringar og kulturelle bakgrunn, noko som kan ha betydning for korleis fødselen og fødselssmerten blir opplevd.

Tilbodet om smertelindring kan variere, og ikkje alle fødeavdelingar kan tilby alle former for smertelindring. Snakk med jordmor eller lege på svangerskapskontrollen om kva tilbod som finst på avdelinga der du skal føde.

Baby etter fødsel

Tang eller vakuum under fødsel

Det kan oppstå situasjonar under fødselen som gjer at legen må hjelpe deg med å få barnet ut ved å bruke vakuum eller fødselstang.

Illustrasjon: Mostphotos

Barnet er fødd

Barnet er fødd, men fødselen er ikkje heilt over enno. Morkaka og fosterhinnene skal også kome ut. Vanlegvis skjer dette kort tid etter at barnet er fødd eller innan ca. ein time. Morkaka og fosterhinnene løyser seg då frå livmorveggen.

Når morkaka løyser seg, kan du kjenne ei svak ri og det kan kome litt blod frå skjeden. Når morkaka har løyst seg frå livmorveggen, trykker du ho ut slik du gjorde då barnet skulle fødast. Dette kan vere litt ubehageleg, men er ikkje smertefullt.

Der morkaka var festa i livmorveggen, blir det ei sårflate. Det er viktig at livmora no trekk seg saman for å hindre kraftig blødning.Etter fødselen må jordmor også undersøke om det har kome rifter i fødselskanalen. Dersom det har oppstått rifter som må bli sydd, vil du få lokalbedøving. Tråden som brukast til å sy med, vil løyse seg opp av seg sjølv og skal ikkje fjernast.

Straks barnet er fødd, får du barnet ditt til deg. Etter fødselen søker barnet raskt etter mor sitt bryst. Det er no viktig at barnet og du, og den andre forelderen eller følgeperson får tid til å vere uforstyrra saman. Derfor er det fint å vente ein stund før du bruker mobiltelefon.

Du treng ro til å puste ut etter fødselsarbeidet og den store opplevinga. Barnet treng ro og dykkar fulle merksemd for å finne fram til brystet og sitt første måltid. Dette er ei viktig tid som ikkje bør bli unødvendig forstyrra, for eksempel av mobiltelefon.

Etter fødselen

Kor lenge du blir på barselavdelinga etter ein fødsel er individuelt og tilpassa behovet til mor og barn. Etter keisarsnitt, ligg kvinna vanlegvis i 3-4 dagar.

Jordmor undersøker barnet rett etter fødselen. I løpet av dei første dagane etter fødselen blir barnet undersøkt av barnelege. Då er det fint om ein av foreldra er til stades.

Under barnelegens undersøking kan du kan stille spørsmål og ta opp ting du meiner det er viktig at barnelegen kjenner til. Før heimreise får du informasjon om kor og kven du kan ta kontakt med om du treng rettleiing, råd eller hjelp etter heimkomsten.

Målet for barselomsorga er i størst mogleg grad å leggje denne til rette ut frå den enkelte kvinne, barn og familie sine behov, ressursar og situasjon.

Kroppen og den første tiden rett etter fødsel

De fleste kvinner har noen kroppslige og følelsesmessige plager, selv etter en normal fødsel. Dette er de vanligste.

Om fødselen ikkje starter av seg sjølv

Utgangspunktet for all fødselshjelp er å fremje ein naturleg fødsel. At fødselen startar spontant mellom svangerskapsveke 37 og 42, hos ei frisk mor etter eit ukomplisert svangerskap, er det beste for mor og barn. Men det er ikkje slik for alle. Det kan vere faktorar både hos mor, barnet eller hos begge som gjer at det beste er å framskunde fødselen.

Igangsetting av fødselen (induksjon) blir alltid gjort på bakgrunn av ei grundig vurdering, og blir berre gjort når dette blir vurdert som den beste behandlinga for mor og / eller barn.

Her sjekkar en sjukepleier ei gravid kvinne.

Igangsetting av fødselen

Nokon gonger må fødselen bli sett i gang. ​Det er legen som bestemmer kva slags metode som er best å bruke for å framskunde fødselen.

Illustrasjon: Haukeland universitetssjukehus

Zanzu

Informasjon om graviditet, fødsel og barseltid på arabisk, engelsk, farsi, fransk, norsk, polsk, somali, tigrinja og tyrkisk retta mot innvandrarar og andre med kort butid.

Innhaldet er levert av Helse Bergen HF

Helse Bergen HF. Fødselen. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 13. juni 2022 [henta søndag 15. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/fodsel/fodselens-ulike-faser/

Sist oppdatert mandag 13. juni 2022