Logge inn på Helsenorge
Du kan bruke BankID, BankID på mobil, Buypass ID på smartkort, Buypass ID i mobil eller Commfides e-ID for å logge inn til tenestene i Helsenorge.
Du kan som brukar eller pårørande kontakte eller kommunisere digitalt med kommunale heimetenester på Helsenorge. Denne tenesta er tilgjengeleg i mange kommunar, men ikkje alle.
Litt over halvparten av befolkninga i Noreg har i dag tilgang til å kommunisere med heimetenesta på Helsenorge.
Sjå om din kommune tilbyr å kommunisere med heimetenesta på Helsenorge
Har du tilgang til å kommunisere med heimetenesta på Helsenorge, kan du til dømes sende og ta imot meldingar, sjå avtalar og få varsel om utførte heimebesøk, eller gi andre tilgang til dine Helsenorge-tenester.
Du kan trygt kommunisere med helsekontaktane dine, til dømes fastlege, sjukehus eller heimesjukepleie, når det passar for deg.
Meldingane blir lagra slik at du har oversikt over alle meldingar du sender eller tek imot. Når du får ei melding på Helsenorge, får du varsel på SMS eller e-post.
I kalenderen ser du avtalane dine og kan avbestille dei du ikkje treng.
Du kan sjå avtalar du har med helsetenestene i kommunen på Helsenorge, som til dømes besøk frå heimesjukepleie. Logg inn på Helsenorge, og gå til Timeavtalar for å sjå avtalane.
Du kan velje å få varsel om nye meldingar på Helsenorge. Du kan få varsel på tekstmelding eller e-post. Logg inn på Helsenorge, og klikk på namnet ditt øvst til høgre i biletet, og vel Kontaktinformasjon og varseloppsett.
Du kan gi andre fullmakt til å bruke tilbodet på vegner av deg. Du avgjer sjølv kva personar du ønskjer å gi fullmakt til. Personane du gir fullmakt, må vere 18 år eller eldre. Det er mogleg å trekkje tilbake fullmakta når som helst på Helsenorge.
Slik gir du andre fullmakt på Helsenorge på dine vegne.
Du kan få varsel på e-post eller tekstmelding når eit heimebesøk er utført. Dersom du er pårørande til ein som får heimetenester, kan du enkelt halde oversikt over hjelpa vedkomande får heime.
Slik gjer du det:
Les meir om varsel og tilgangar på Helsenorge
Har du spørsmål om bruk av den digitale løysinga, ring Rettleiing for Helsenorge på 23 32 70 00.
Har du spørsmål om heimetenestene du tek mot, ta kontakt med kommunen din.
Du kan bruke BankID, BankID på mobil, Buypass ID på smartkort, Buypass ID i mobil eller Commfides e-ID for å logge inn til tenestene i Helsenorge.
Her får du informasjon om hvilke helse- og omsorgstjenester kommunene er forpliktet til å tilby sine innbyggere.