
Nettryggleik
Med enkle grep kan du som nettbrukar sjølv hindre at uvedkommande får tak i passord og personopplysningar.
Illustrasjon: Johnér Bildbyrå AB
Du kan bruke BankID, BankID på mobil, Buypass ID på smartkort, Buypass ID i mobil, Commfides e-ID og Helsenorge-appen for å logge inn til tenestene i Helsenorge.
Du kan bruke BankID, BankID på mobil, Buypass ID, Commfides e-ID og Helsenorge-appen for å logge inn til helsenorge.no og nytte tenester som Legemiddel, Frikort og eigendelar, Byte fastlege osv.
Fleire av tenestene på Helsenorge inneheld personlege helseopplysningar og krev derfor høgaste tryggleiksnivå når du loggar inn.
Du kan logge inn til tenester med høgaste tryggleiksnivå med BankID. Du kan bruke alle typar BankID, også BankID på mobil.
For å bestille BankID, må du kontakte banken.
Vi ser at enkelte forvekslar det å ha kodebrikke med å ha BankID. Sjølv om du har kodebrikke til nettbanken din, betyr ikkje det at du automatisk har BankID.
Dersom du ikkje har BankID, vil du få ei feilmelding når du prøver å logge inn.
Dersom du ikkje får logga inn med BankID kan det vere noko som er feil med innstillingane på datamaskina di. Du kan teste innstillingane dine på denne sida. Dersom du ikkje finn feil, tilrår vi at du tek kontakt med banken din. Dei kan hjelpe.
Alternativt kan du ta kontakt med brukarstøtta for ID-porten eller Rettleiing helsenorge.no (23 32 70 00). Dei kan også gi deg svar.
BankID-app + kodebrikke + smarttelefon/nettbrett | Ja |
BankID på mobil + mobil | Ja (BankID på mobil er klar for ID-porten (difi.no)) |
BankID + kodebrikke + datamaskin | Ja |
For å logge inn med Buypass på smartkort må du ha ein smartkortlesar kopla til datamaskina. Du må også ha installert nødvendig programvare som følger med kortlesaren. Hugs å ha oppdatert versjon av Java.
Smartkort og kortlesar frå Buypass kan du bestille på Buypass sine nettsider. Kortet er gyldig i 3 år.
Har du Altinn-kort med Buypass-akseptansemerke, kan også dette nyttast til innlogging. Spelarkort frå Norsk Tipping er også eit Buypass-kort, og kan nyttast til innlogging. Har du bestilt spelarkortet på internett, er det klart for bruk i sjølvbeteningsløysingar som krev høgaste tryggleiksnivå. Har du kjøpt kortet hos ein kommisjonær, må du oppgradere kortet før du kan bruke det til innlogging.
Dersom du allereie brukar Buypass ID på smartkort, er det enkelt å lage Buypass ID i mobil. Du berre går til tenesta du vil logge inn i og vel Buypass ID i mobil, så får du rettleiing vidare.
Dersom du ikkje har brukt Buypass på smartkort tidlegare, må du registrere deg som kunde før du kan bruke Buypass ID i mobil.
Commfides e-ID er ein personleg elektronisk ID på høgaste tryggleiksnivå.
Commfides e-ID blir levert som ein sikker USB-pinne med 8G minne. Du loggar deg på ved hjelp av USB-pinnen og ein PIN-kode.
For å ta i bruk Commfides e-ID må du ha eit norsk fødselsnummer eller D-nummer. Hugs å ha oppdatert versjon av Java.
Du kan logge deg på tenestene via Helsenorge-appen.
Appen gjer deg snarvegar til alle tenestene du har tilgang til på helsenorge.no. Tenestene opnast direkte i mobilens nettlesar.
Du kan logge på appen med ansiktsgjenkjenning, fingeravtrykk eller personleg kode. Du treng ikkje å bruke ID-porten kvar gong du skal bruke tenestene.
Når du loggar inn på Helsenorge må du kontrollere at du er på ID-porten hos Difi. Starten på adressa er https://idporten.difi.no og tilkoplinga skal då vere sikker.
Du ser eit hengelåsikon på adresselinja. Det betyr at nettlesaren din sender data kryptert. Du kan klikke på ikonet i adresselinja for å vise detaljar om tryggleiken og sertifikatet. Kontroller at sertifikatet til sidene er gyldig og utferda til Direktoratet for forvalting og IKT. Dei fleste nettlesarane viser grøn bakgrunn på hengelåsen i adresselinja og nokre viser namnet på sertifikateigar, i andre lesarar må du klikke på hengelåsen for å kontrollere informasjonen.
Slik kan sertifikatet til ID-porten hos Difi sjå ut når du skal logge deg inn på helsenorge.no:
Med enkle grep kan du som nettbrukar sjølv hindre at uvedkommande får tak i passord og personopplysningar.
Illustrasjon: Johnér Bildbyrå AB
Du må ha fylt 16 år for å bruke tenestene på helsenorge.no. Når du blir 16 år kan du bestemme alt om eiga helse utan at foreldra dine, eller andre som har foreldreansvar for deg, treng å vite om det.
Du har rett til å vere med å bestemme og du kan sjølv ta kontakt med helsetenesta på andre måtar enn gjennom Helsenorge.
Ta i bruk tjenester og styr hvem som ser hva om deg. Fra du er 13 år kan du logge inn i Helsenorge-appen med MinID. Fra du er 16 år kan du styre det meste selv.
Illustrasjon: VH-Studio/Mostphotos
Dersom du har fått nytt fødselsnummer er det ikkje lenger mogleg å logge inn med det gamle fødsels- eller D-nummeret.
Lurer du på noko som gjeld fødselsnummeret ditt kan du kontakte Skatteetaten.
Du kan ikkje bruke MinID til å logge på helsenorge.no. Det er fordi MinID er ein elektronisk ID som ikkje har høgt nok tryggleiksnivå.
Skal du logge inn til helsenorge.no må du ha høgaste tryggleiksnivå, som er nivå 4. Norske styresmakter har vurdert at ein treng elektronisk ID på høgste tryggleiksnivå for å få tilgang til tenester som inneheld helseopplysningar.
Hverdager kl. 08:00 - 15:30
Innholdet er levert av Norsk helsenett
Sist oppdatert onsdag 6. januar 2021