Kostråd om kjøt og kjøtprodukt

Kostråd: Vel magert kjøt og magre kjøtprodukt. Avgrens mengda tilarbeidd kjøt og raudt kjøt.

Kostråd: velg magert kjøtt

Slik følgjer du kostrådet

  • Vel kvitt kjøt, reint kjøt og magre kjøtprodukt med lite salt.
  • Avgrens mengda av tilarbeidde kjøtprodukt som er røykte, salta eller konservert med nitrat eller nitritt, for eksempel bacon eller spekepølse.
  • Avgrens mengda raudt kjøt og tilarbeidde produkt av raudt kjøt til 500 gram per veke. Dette svarer til to til tre middagar og litt kjøtpålegg.
  • Vel først og fremst nøkkelholmerka kjøt og kjøtprodukt.

Med raudt kjøt meiner vi kjøt frå svin, storfe, sau og geit. Det er uklart om raudt kjøt frå andre artar, for eksempel elg, reinsdyr, rådyr og hjort, har same helseeffekt som raudt kjøt frå storfe, svin, sau og geit.

Avgrensinga på 500 gram per veke inkluderer reint raudt kjøt og tilarbeidde produkt av raudt kjøt. Mengda på 500 gram er oppgitt som spiseferdig kjøt, det vil seie at det er ferdig tillaga og utan skinn og bein osv.

Kva kan skje om eg et for mykje raudt og tilarbeidd kjøt?

Kostrådet om kjøt er basert på nasjonal, nordisk og internasjonal forsking som konkluderer med dette:

  • Det er vist ein samanheng mellom inntak av tilarbeidd kjøt og raudt kjøt og auka risiko for kreft i tjukk- og endetarmen.
  • Mange får i seg meir metta feitt og salt enn tilrådd ved at dei et tilarbeidde kjøtprodukt. Dersom du vel magert kjøt og avgrensar mengda tilarbeidde kjøtprodukt, kan dette gi ei gunstigare feittsamansetning i det totale kosthaldet ditt.

Kjøt er ei viktig kjelde til protein, A- og B-vitamin og til mineralstoffa sink, selen og jern. Eit moderat inntak av magre kjøtprodukt kan derfor med fordel inngå i kosthaldet.

Å ete kjøt kan òg vere viktig for å oppretthalde ein god jernstatus, spesielt hos kvinner, som treng meir jern enn menn.

Salt og saltpartnerskapet

Saltpartnerskapet er eit samarbeid mellom myndigheitene og dagligvarebransjen for å redusere saltinntaket i befolkninga.

Kostråd for å fremme folkehelsen og forebygge kroniske sykdommer (bygger på systematiske kunnskapsoppsummeringer nasjonalt og internasjonalt, konkluderer med konkrete kostråd, beskriver metoden og det vitenskapelige grunnlaget)

Anbefaling om kosthold, ernæring og fysisk aktivitet (norsk versjon av Nordic Nutrition Recommendation (pdf))

Den internasjonale forskningen på kosthold og helse er omfattende, og ingen enkeltstudie er nok til å endre anbefalingene.

Innholdet er levert av Helsedirektoratet

Sist oppdatert torsdag 17. desember 2020