Treng eg kosttilskot?

Dei fleste får i seg nødvendig vitamin og mineral frå maten. For nokre er det likevel nyttig å ta kosttilskot.

Tranpiller

Illustrasjon: Johnér

Dei aller fleste får i seg tilstrekkeleg med vitamin og mineral gjennom den maten dei et til vanleg. Personar med eit variert og sunt kosthald treng ikkje ta kosttilskot. Kosttilskot kan likevel vere nødvendig for å dekke behovet av bestemte næringsstoff i nokre grupper av befolkninga, eller i nokre periodar i livsløpet.

Dette er kosttilskot

Kosttilskot er næringsstoff i konsentrert form, som:

  • er meint å skulle supplere mat og drikke. Nokre eksempel er tran, vitamin D, jern og omega 3.
  • er vitamin, mineral eller andre stoff med ernæringseffekt eller fysiologisk effekt, åleine eller i kombinasjon.
  • skal takast i form av kapslar, pastillar, tablettar, piller, pulverposar, ampullar, dråpeflasker og liknande.

Derfor et vi kosttilskot

Ofte tek vi kosttilskot fordi vi trur det kan gi oss noko som vi ikkje får gjennom å ete vanleg mat. For å vere på den sikre sida vel vi å ta kosttilskot. Dessverre kan du ikkje kompensere eit dårlig kosthald med å ta kosttilskot.

Mange produsentar lovar også meir enn dei kan halde. Dersom noko høyrest ut som det er for godt til å vere sant, så er det vanlegvis det. Matportalen har informasjon om merking og marknadsføring, og åtvaringar mot nokre typar kosttilskot.

Kven treng kosttilskot?

Dei fleste får i seg tilstrekkeleg med vitamin og mineral gjennom vanleg mat og har ikkje behov for kosttilskot. Dei som treng kosttilskot er personar som ikkje får i seg alle næringsmiddeltypar, har sjukdomar som fører til auka behov, i tillegg til nokre andre grupper.

Graviditet og spedbarn

  • Kvinner som planlegg å bli gravide bør ta folat, også i dei første 2-3 månadene av graviditeten. Sjå råd for gravide.
  • Alle barn bør få tilskot av vitamin D frå dei er fire veker gamle. Anten i form av tran, dropar med vitamin D, eller som multivitamintilskot. Les meir om barn og kosthald.

Medisinske tilfelle

  • Personar som har fått påvist mangel på eit næringsstoff (f.eks. jern eller vitamin D), må ta kosttilskot. Dette kan målast hos fastlegen gjennom blodprøver.
  • Personar som har matallergi eller er ekstra vare. For eksempel bør dei som ikkje et meieriprodukt ta kalsium- og jodtilskot.
  • Kosttilskot kan også vere nødvendig for andre personar med bestemte diagnosar eller i enkelte medisinske tilfelle, når kosthaldet er mangelfullt, einsidig eller kroppen ikkje tek opp tilstrekkeleg med næringsstoff.

Dei som et lite eller ikkje et enkelte matvaregrupper

  • Personar med lavt energiinntak bør ta eit multivitamin-/mineraltilskot. Dette gjeld særleg for eldre.
  • Personar som av ulike årsaker utelet heile matvaregrupper frå kosthaldet, f.eks. veganarar, kan trenge kosttilskot.

For mykje vitamin og mineral kan vere skadeleg

For høge dosar av vitamin og mineral kan vere skadeleg for kroppen. Av den grunn er det viktig å følge rettleiinga og ikkje ta meir enn det som står oppført. For personar som treng kosttilskot er det viktig at behovet blir vurdert i samråd med legen.

Trening og kosttilskot

Eit variert og energirikt kosthald vil som regel vere tilstrekkeleg for å dekke næringsbehovet, også for idrettsutøvarar. Kosttilskot er ikkje eit alternativ til eit godt kosthald og aldri ein snarveg til gode prestasjonar.

Kosttilskot, naturmiddel og naturpreparat er ikkje legemiddel og er regulerte av matlovgivinga. Det er ingen offentleg kvalitetskontroll før desse produkta kjem ut på marknaden, og produkta som blir tilbodne kan ha varierande kvalitet.