Har du barn fra 0 til 2 år finner du også denne informasjonen på barnets profil når du logger inn på Helsenorge. Her kan du i tillegg registrere barnets høyde og vekt etter kontroller på Helsestasjonen. Les mer om den nye tjenesten Småbarnsliv.
De første tre månedene
0-3 månadar
I denne tida handlar det først og fremst om å bli kjent med kvarandre, gi nærleik og tilpasse seg det nye livet saman. Barnet ditt treng mykje omsorg, kjærleik og hjelp til å få dekt dei fysiske behova sine som mat, søvn og stell.
Allereie etter kort tid vil babyen prøve å møte blikket ditt og vere interessert i ansikt.
Språket til barnet
Heilt frå fødselen av kommuniserer babyen gjennom lydar, blikk, ansiktsuttrykk og rørsler. Denne utviklinga skjer i samspel med andre menneske. Når barn kjenner seg trygge, er dei meir opne for å kommunisere. Lydane til barnet endrar seg, og når dei er 4 til 8 veker gamle kjem dei gjerne med pludrelydar med vokalar – som æ- og a-lyder.
Du kan bidra til ei positiv utvikling ved å etterlikne lydane og ansiktsuttrykka til barnet. Gi òg barnet tid til å svare deg med lydane og rørslene sine. Spedbarn gir ikkje alltid tydelege signal, så ver merksame på dei augeblinkane der barnet søker kontakt.
Barn utviklar seg i sitt eige tempo, og din viktigaste jobb no er å bli kjend med babyen din.
Det er vanleg å vere sliten med ein nyfødd i huset. Det kan derfor vere lurt å prioritere å sove når babyen søv.
Mange kan oppleve kjenslemessige endringar både i svangerskapet og etter fødselen. Barnegråt kan vekke sterke kjensler hos omsorgspersonane. Ikkje ver redd for å be om hjelp frå nettverket ditt. Du kan òg spørje på helsestasjonen om kva avlastingstilbod som finst i kommunen din. Om du kjenner stress eller frustrasjon, kan det hjelpe å snakke med partnar, lege eller helsestasjon. Søk hjelp med ein gong om du står i fare for å skade barnet ditt.
Appen Mamma MIA
Mamma MIA er eit gratis forskingsbasert sjølvhjelpsprogram for gravide og nybakte foreldre. Her får du:
- Rettleiing gjennom svangerskapet og det første året med barnet.
- Hjelp med den psykiske helsa di og førebygging av fødselsdepresjon.
- Daglege øvingar og korte videoar.
- Råd om tilknyting, samspel og foreldrerolla.
Nyfødde et 8-12 gongar i døgnet, og stundom oftare. Når babyen viser teikn til svolt, bør du gi den mat. Teikn på svolt kan vere smattelydar, at babyen sleiker, gapar eller blir uroleg. Morsmjølk er den beste maten for barnet ditt. All amming – òg delamming – er gunstig for både deg og for barnet. Viss barnet ikkje får morsmjølk, eller det er behov for tillegg til morsmjølka, må barnet få morsmjølkerstatning.
Når barnet får mat, er det eit fint høve til å skape nærleik og kontakt. Legg bort mobilen når barnet et, gi blikkontakt og hald barnet i armkroken om du gir flaske. Dette styrker bandet mellom dykk og gir barnet tryggleik.
Amming
Nokon kjem godt i gang med amminga før dei reiser heim frå sjukehuset. For andre kan det ta lengre tid.
Det er mange måtar å halde barnet på når du ammar, og ulike stillingar passar i ulike situasjonar. Prøv deg fram til kva som passar for deg. Eit godt sugetak er viktig for at amminga skal fungere bra, og det hjelper deg med å unngå smerter og sår på brystknoppane. Av og til er amminga vanskeleg, men dei fleste utfordringar let seg løyse. Du kan be om ammerettleiing på sjukehuset eller på helsestasjonen.
Morsmjølkerstatning
Viss barnet ikkje får morsmjølk, eller har behov for tillegg til morsmjølka, må barnet få morsmjølkerstatning. Barnet vil vekse og utvikle seg heilt normalt. Bruk reine flasker og riktig laga morsmjølkerstatning eller morsmjølk. Heimelaga morsmjølkerstatning kan ikkje brukast.
Les meir om morsmjølkerstatning.
Vitamintilskot
Barn som blir fullamma har behov for D-vitamintilskot frå dei er omkring ei veke gamle. Følg mengdetilvisinga på pakninga. Barn som får 7 dl morsmjølkerstatning eller meir per dag, får tilstrekkeleg med D-vitamin i morsmjølkerstatninga.
Dersom du ammar og har eit vegetarisk eller vegansk kosthald, er det spesielle behov for tilskot.
For at barnet skal sove trygt, er det viktig at barnet søv på ryggen. Ikkje legg barnet på sida, for då kan det rulle over på magen.
Dei fleste nyfødde søv mellom 14 og 17 timar, men alt frå 11 til 19 timar er normalt. Søvnen er oppstykka, og barnet skil ikkje mellom natt og dag. I denne perioden er søvn tett knytt til behovet til barnet for mat, kroppskontakt og støtte.
Døgnrytme
Dei fleste nyfødde som får morsmjølk, et minst 8–12 gongar i døgnet. Får barnet morsmjølkerstatning, kan det ha færre og meir regelmessige måltid.
Barnet er som oftast vakent i 30 til 60 minutt om gongen. Er barnet vakent i for lange periodar, kan det bli uroleg og gråte.
Om natta vaknar nyfødde ofte og det kan opplevast uvant og slitsamt. Prøv å kvile eller sove når barnet søv.
Frå 2–3 månadars alder begynner spedbarn å vere litt meir vakne på dagtid. Nokon begynner òg å sove i litt lengre strekk på starten av natta.
Nyfødde har ein stor del aktiv søvn som er viktig for utviklinga av hjernen. I den aktive søvnen vaknar barnet lettare og kan gi uttrykk for ulike behov.
Legging og innsovning
Nokre barn treng like rammer kvar gong dei skal sove, medan andre er meir fleksible og kan sove kvar som helst. Nokon søv gjennom både lydar og uro, medan andre vaknar lettare.
Tips til legging:
- Spedbarn vaknar ofte når du prøver å legge det frå deg. Det kan vere enklare å legge barnet ned når det er i djup søvn. Samle armane og støtt kroppen godt.
- La det vere mørkt på rommet om natta.
- Om du ammar, kan trygg samsoving i nokre tilfelle bidra til meir søvn og kvile for dykk begge.
- Unngå bleieskift, så lenge barnet ikkje har avføring i bleia.
Dei vanlegaste ulykkene i denne perioden er fall frå høgder, små gjenstandar som set seg fast i halsen eller brannskadar frå til dømes te eller kaffi.
Sikkert stell
Lag ein sikker stelleplass der du har alt av nødvendig utstyr innan rekkevidde. Sjølv nyfødde kan gjere plutselege rørsler, så ha alltid ei hand på barnet under stell. Ta babyen med deg om du må forlate stelleplassen.
Barnehuda er sensitiv, og forbrenningsskadar kan oppstå heilt ned til 40 grader. Du kan førebygge ulykker ved å måle temperaturen i badevatnet. Det bør ikkje vere varmare enn 37 grader.
Enkle tiltak kan ha god og førebyggande effekt
- Barnet skal sove på ryggen, for å redusere risikoen for krybbedød.
- Spedbarn bør ikkje vere i direkte sollys, og bør vernast med skugge og dekkande klede.
- Barnevogna skal stå i skuggen.
- Bruk barnevogn og godkjent bilsete som er tilpassa storleiken og vekta til barnet.
- Om barn og dyr er saman, må det vere under tilsyn av vaksne.
- Rydd vekk små gjenstandar som barnet kan putte i munnen.
- Ha tilsyn med barnet ved bading eller når barnet er i nærleiken av vatn.
Her kan du få hjelp
Ved ei alvorleg ulykke, ring 113. Kontakt legevakta på 116 117 om fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente.
Ved spørsmål om forgiftingar eller forgiftingsfare, ring Giftinformasjonen på tlf. 22 59 13 00.
Det er vanleg å kjenne seg overvelda av alle sjukdomar og tilstandar som kan påverke barnet. Det viktigaste du kan gjere er å observere barnet ditt og følge med på endringar og utvikling.
Vanlege plager og sjukdomar for barn i denne perioden er
- kolikk
- bleieutslett
- tørr hud og skurv
- forstopping eller problem med fordøyinga
- gulping og sure oppstøytar
- tett nase
- gulsott
Om du er usikker, ikkje nøl med å kontakte helsepersonell for råd og rettleiing. Viss barn under 3 månadar får hoste eller feber, skal du alltid kontakte lege.
Her kan du få hjelp
Ved alvorleg sjukdom eller skade, skal du ringe medisinsk nødnummer på 113.
Kontakt legevakta på 116 117 om fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente. Legevakta er døgnopen.
Om du treng hjelp på dagtid og det ikkje hastar, kan du ta kontakt med fastlegen. Helsestasjonen kan hjelpe deg om du treng råd om søvn, mat eller andre tema knytte til spedbarnsfasen.
Ved spørsmål om forgiftingar eller forgiftingsfare, ring Giftinformasjonen på tlf. 22 59 13 00.
Barnevaksinasjonsprogrammet
Alle barn som bur eller oppheld seg mellombels i Noreg, får tilbod om vaksinar gjennom vaksinasjonsprogrammet for barn. Vaksinane vernar mot 12 ulike sjukdomar, som alle kan vere livstruande eller føre til alvorlege skadar.
Vaksinasjon er frivillig. Vaksinane i barnevaksinasjonsprogrammet er gratis.
Snakk med helsestasjonen om barnevaksinane om de skal reise til utlandet før barnet er eitt år.
Heimebesøk av jordmor og helsesjukepleiar
Dei første dagane etter heimkomst får de tilbod om besøk av jordmor. Barnet blir vege, og jordmor undersøker korleis både mor og det nyfødde barnet har det.
7 til 10 dagar etter fødsel får de tilbod om heimebesøk av helsesjukepleiar for råd og rettleiing om barnet og foreldrerolla. Tema som blir tatte opp er stell, søvn, tryggleik og trivselen til foreldra. Barnet blir vege og hovudomkrets blir målt.
Har du behov for rettleiing eller anna støtte før heimebesøka, kan du kontakte helsestasjonen.
4 vekers konsultasjon (individuelt eller i gruppe)
Når barnet ditt er 4 veker gammalt, får de tilbod om ein gruppekonsultasjon på helsestasjonen. Dette er ein samtale med helsesjukepleiar, der foreldre med babyar på same alder deltar. Om du ikkje ønsker ein gruppekonsultasjon, eller dette ikkje er eit tilbod på helsestasjonen din, kan du få ein individuell samtale.
6 vekers konsultasjon
Når barnet er 6 veker, får de tilbod om ein individuell konsultasjon på helsestasjonen. Her møter de både helsesjukepleiar og lege. Barnet får tilbod om vaksine mot rotavirus. Vaksinen blir gitt i munnen og smakar søtt.
3 månadars konsultasjon
Når barnet er 3 månadar, får de tilbod om ein individuell konsultasjon med helsesjukepleiar på helsestasjonen. Barnet får tilbod om tre vaksinar:
- Første dose av vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste, poliomyelitt, Hib-infeksjon og hepatitt B. Vaksinen blir gitt med sprøyte.
- Første dose av pneumokokkvaksinen. Vaksinen blir gitt med sprøyte.
- Andre dose av vaksine mot rotavirus. Vaksinen blir gitt i munnen og smakar søtt.
113
Ved alvorleg sjukdom eller ulykke, ring medisinsk nødnummer 113. Det er vanleg å vere redd for å vere til bry, men ring heller ein gong for mykje enn ein gong for lite
Legevakta
Kontakt legevakta på 116 117 om fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente. Legevakta er døgnopen
Fastlegen
Om du treng hjelp på dagtid og det ikkje hastar, kan du ta kontakt med fastlegen
Helsestasjonen
Helsestasjonen kan hjelpe deg om du treng råd om søvn, mat eller andre tema knytte til spedbarnsfasen
Giftinformasjonen
Ved spørsmål om forgiftingar eller forgiftingsfare, ring Giftinformasjonen på tlf. 22 59 13 00
Kontakt politiet ved vald eller overgrep
Om du blir trua, utsett for vald, æresrelatert vald eller negativ sosial kontroll må du ta kontakt med politiet.
Ring 112 dersom det er behov for akutt hjelp.
Om du ikkje har behov for akutt hjelp, ring 02800. Då blir du sett over til det lokale politidistriktet ditt som vil gi deg råd om kva du skal gjere.
Fra tre til seks måneder
3-6 månadar
No blir babyen din stadig meir vaken, aktiv og merksam på verda rundt seg. Barnet følger med, søker kontakt og lærer gjennom leik, nærleik og samspel. Barnet kan til dømes begynne å smile og le når det høyrer ei kjend stemme eller ser eit kjent ansikt.
Barn utviklar seg i sitt eige tempo. I denne perioden aukar muskelkontrollen, og rørslene blir meir målretta. Barnet lærer å løfte hovudet og overkroppen, og vil etter kvart begynne å rulle frå rygg til mage og omvend. Handkoordinasjonen utviklar seg òg. Barnet begynner bevisst å gripe etter ting, fører dei til munnen og utforskar dei med både hender og munn.
Språket til barnet
Rundt 3-4 månadars alder begynner dei fleste å lage babylydar, som “ba-ba” og “da-da". Babyen prøver òg å snakke tilbake når du snakkar med hen. Barn kan lære fleire språk samtidig, så bruk morsmålet ditt aktivt. Ved å snakke med barnet på det språket du meistrar best, kan du gi barnet ditt ei rikare språkleg erfaring.
Dei første seks månadane er det ingen grunn til å gi barnet annan mat og drikke enn morsmjølk eller morsmjølkerstatning så sant barnet veks som det skal.
Nokre barn kan ha behov for fast føde litt tidlegare. Det er trygt å starte med fast føde ved fire månadar, men ikkje før. Det er først ved 4 månadar at fordøyingssystema og nyrene til barnet er nok utvikla til å tole fast føde.
Til å begynne med bør maten vere finmost, nesten flytande. Start varsamt med ei lita mengde. Ei teskei kan vere nok i begynninga. Auk mengda gradvis, i takt med behovet til barnet og signal.
Frå 3 månadar begynner barnet å produsere søvnhormonet melatonin, som hjelper barnet å sove i lengre strekk om natta. Dei fleste barn på denne alderen søv 12-15 timar gjennom døgnet, men alt frå 10 til 18 timar er normalt. Verkar barnet utkvilt etter natta og ser ut til å ha det bra, har det nok fått tilstrekkeleg søvn.
Barnet skal sove på ryggen.
Døgnrytme og søvnsyklus
Barn på denne alderen aukar gradvis evna til å vere vakne over tid. Dei fleste barn vaknar framleis på natta. Når barnet vaknar på natta, er det lurt å gjere minst mogleg som kan forstyrre døgnrytmen deira.
I periodar kan barnet vere i vekst og utvikling og ha behov for meir støtte for å sovne.
Ved krevjande netter – del på ansvaret om de er to. Be gjerne om hjelp frå andre for å få litt kvile.
Tips til legging og innsovning
Dei fleste barn treng litt hjelp og støtte for å sovne. Å amme eller mate barnet i søvn kan fungere godt, men utforsk gjerne om barnet kan få hjelp til å sovne på andre måtar òg.
Det er lurt å sørge for dagslys og aktivitet på dagtid, og dempa lys og aktivitet om kvelden. Det hjelper barnet med å skilje mellom dag og natt. I denne alderen kan du etablere faste kveldsrutinar, som til dømes eit bad.
Vaknar barnet ditt svært ofte, og har lite samanhengande søvn, kan du sjå om det hjelper å til dømes stryke lett på barnet eller hjelpe det med å samle armane inntil kroppen.
Barnet blir no meir aktivt, og det er lurt å sikre heimen før det begynner å reise seg og bevege seg rundt. Det kan førebygge ulykker som fall eller at barnet får tunge gjenstandar over seg.
Enkle tiltak kan ha god og førebyggande effekt:
- Sikre trapper med grind, og sørg for barnesikring på vindauge.
- Fest møblar til veggen, som til dømes kommodar, bokhyller og skjermar.
- Rydd bort små gjenstandar som barnet kan putte i munnen.
- Ha tilsyn når barnet et og drikk, og kontroller at smokken er heil.
- Ikkje ha barnet på fanget når du drikk noko varmt.
- Sjekk at sprinklane på sprinkelsenga har maks 6 cm avstand, og at sidene er minst 60 cm høge.
- Følg monteringsrettleiing for bilsete, og slå av kollisjonspute framfor viss barnet sit der.
- Unngå at barnet er i direkte sol.
- Ha tilsyn med barnet ved bading eller når barnet er i nærleiken av vatn.
Dei vanlegaste ulykkene i denne perioden er
- fall frå høgder
- små gjenstandar som set seg fast i halsen
- brannskadar frå til dømes te eller kaffi
Her kan du få hjelpVed ei alvorleg ulykke, ring 113. Kontakt legevakta på 116 117 om fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente.
Ved spørsmål om forgiftingar eller forgiftingsfare, ring Giftinformasjonen på tlf. 22 59 13 00.
Det er vanleg at barn i denne perioden opplever sjukdom og plager. Immunsystemet deira er framleis under utvikling, og kroppen bygger gradvis opp eit vern mot ulike infeksjonar.
Vanlege plager og sjukdomar for barn i denne perioden er:
- feber
- utslett
- hoste
- tett nase
- vondt i magen
Dei fleste sjukdomar i denne alderen er ufarlege og går over av seg sjølv. Får barnet ditt teikn på sjukdom eller infeksjon, er det viktig at du måler temperaturen og følger med på endringar i allmenntilstanden. Om du er usikker, ikkje nøl med å kontakte helsepersonell for råd og rettleiing.
Les meir om barnesjukdomar og vanlege plager hos barn.
Her kan du få hjelp
Ved alvorleg sjukdom skal du ringe medisinsk nødnummer på 113.
Kontakt legevakta på 116 117 om fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente. Legevakta er døgnopen.
Om du treng hjelp på dagtid og det ikkje hastar, kan du ta kontakt med fastlegen. Helsestasjonen kan hjelpe deg om du treng råd om søvn, mat eller andre tema knytte til spedbarnsfasen.
Ved spørsmål om forgiftingar eller forgiftingsfare, ring Giftinformasjonen på tlf. 22 59 13 00.
3 månadars konsultasjon
Når barnet er 3 månadar, får de tilbod om ein individuell konsultasjon med helsesjukepleiar på helsestasjonen.
Barnet får tilbod om tre vaksinar:
- Første dose av vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste, poliomyelitt, Hib-infeksjon og hepatitt B. Vaksinen blir gitt med sprøyte.
- Første dose av pneumokokkvaksinen. Vaksinen blir gitt med sprøyte.
- Andre dose av vaksine mot rotavirus. Vaksinen blir gitt i munnen og smakar søtt
4 månadars konsultasjonNår barnet er 4 månadar, får de tilbod om ein gruppesamtale med helsesjukepleiar saman med andre foreldre. Om du ikkje ønsker ein gruppekonsultasjon, eller dette ikkje er eit tilbod på helsestasjonen din, kan du få ein individuell samtale.
5 månadars konsultasjon
Når barnet er 5 månadar, får de tilbod om ein individuell konsultasjon med helsesjukepleiar.
Barnet får tilbod om vaksine:
- Andre dose av vaksinen mot difteri, stivkrampe, kikhoste, poliomyelitt, Hib-infeksjon og hepatitt B.
- Andre dose av pneumokokkvaksinen.
Vaksinane blir gitt med sprøyte i låret.
6 månadars konsultasjon
Når barnet er 6 månadar, får de tilbod om ein individuell konsultasjon med helsesjukepleiar og lege.
113
Ved alvorleg sjukdom eller ulykke, ring medisinsk nødnummer 113. Det er vanleg å vere redd for å vere til bry, men ring heller ein gong for mykje enn ein gong for lite
Legevakta
Kontakt legevakta på 116 117 om fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente. Legevakta er døgnopen
Fastlegen
Om du treng hjelp på dagtid og det ikkje hastar, kan du ta kontakt med fastlegen
Helsestasjonen
Helsestasjonen kan hjelpe deg om du treng råd om søvn, mat eller andre tema knytte til spedbarnsfasen
Giftinformasjonen
Ved spørsmål om forgiftingar eller forgiftingsfare, ring Giftinformasjonen på tlf. 22 59 13 00
Kontakt politiet ved vald eller overgrep
Om du blir trua, utsett for vald, æresrelatert vald eller negativ sosial kontroll må du ta kontakt med politiet.
Ring 112 dersom det er behov for akutt hjelp.
Om du ikkje har behov for akutt hjelp, ring 02800. Då blir du sett over til det lokale politidistriktet ditt som vil gi deg råd om kva du skal gjere.
Fra seks til 12 måneder
6-12 månadar
Dette er ein viktig periode for å utvikle motorikk og grunnleggande rørsler. La barnet utforske og leike ut frå utviklingsnivået sitt. Ved 6 månadar kan mange barn sitte med støtte. Nokon klarar òg å sitte ei kort stund utan hjelp.
Barn som ikkje flyttar seg endå, bør få tid til å vere aktive på magen. Dette må alltid vere under tilsyn av ein vaksen.
Døme på aktivitetar er å
- ligge på magen
- løfte hovudet
- åle og krype
- sitte
- reise seg og å stå
Finmotorikken til barnet blir utvikla i denne perioden. Barnet lærer å gripe ting med tommel og peikefinger, også kalla pinsettgrep. Koordinasjonane blir forbetra og barnet elskar å gripe, sleppe, kaste og plukke opp ting igjen
Språket til barnet
I denne perioden brukar barnet lydar, peiking og rørsler for å uttrykke seg, som til dømes å vinke. Barnet begynner å kjenne igjen namnet sitt og å forstå enkle ord og uttrykk. Ved å snakke saman, synge, lese og sette ord på det de gjer, støttar du både språket og samspelet mellom dykk. Barn viser stor glede av å leike med andre, som til dømes “borte - tittei”.
Slik kan du støtte språkutviklinga til barnet:
- Bruk kvardagslege situasjonar til leik og samtale.
- Les bøker med bilete og peik på bileta medan de snakkar om dei.
- La barnet leike med andre barn for å fremje språklege og sosiale ferdigheiter.
- Sett ord på det du trur barnet uttrykker og kjenner.
- Sett ord på det barnet ser på, og det de gjer saman.
- Gi meining til ord barnet seier. Viss barnet til dømes seier «hund», kan du seie «Ja, det er ein stor hund som bjeffar».
- Bruk gjentakingar, rytme og song for å gjere språket morosamare og lettare å hugse.
I denne perioden startar nokre barn i barnehagen. Dette kan gi urolege periodar og protestar, men barnet tilpassar seg gradvis med støtte frå omsorgspersonane rundt seg
Bruk av skjerm
Barn er i rask utvikling dei første leveåra. Hjernen utviklar seg best i sosialt samspel med trygge vaksne rundt seg. For å fremje god utvikling hos små barn, er det viktig at dei får utforske miljøet sitt på ein trygg måte. Døme er aktivitetar som leik, snakking, lesing og synging. Det er ikkje anbefalt at barn under 2 år brukar skjerm.
Som vaksen bør du:
- Avgrense eigen skjermbruk når du er saman med barn.
- Ikkje nytte skjerm for å trøyste eller avleie barnet frå negative kjensler.
- Unngå å bruke skjerm under måltid.
- Unngå å ha på skjerm i bakgrunnen
Morsmjølk eller morsmjølkerstatning er den viktigaste næringa for barnet heile det første året.
Introduksjon av fast føde
Når barnet ditt er rundt seks månadar, er det på tide å introdusere fast føde.
Barnet kan allereie frå start få mange ulike matvarer. Tilby små porsjonar, tilsvarande ei teskei. Etter kvart kan du auke mengda etter behova og signala til barnet.
Til å begynne med bør maten vere finmost, nesten flytande. Etter kvart kan konsistensen gradvis bli fastare og grovare. La barnet smake mykje ulik mat. Gjer måltida hyggelege og legg til rette for at barnet kan ete sjølv og delta aktivt i måltidet.
For barn som er 6-8 månadar passar det med 2-3 måltid om dagen.
Den første tanna til barnet
Rundt 6–8 månadar får mange barn si første tann. Det er vanleg at det er ei fortann i underkjeven som kjem først.
Teikn på at barnet får tenner kan vere
- sikling
- kløe
- behov for å tygge
Å tygge på ein avkjølt bitering i gummi kan lindre plagene. Det er vanleg at barn blir meir urolege, og nokon kan få litt feber når dei får tenner. Høg feber kjem av andre ting enn tenner.
Tannpuss
Når den første tanna kjem, er det tid for å starte med tannpuss. Puss tennene til barnet ditt morgon og kveld med ein liten, mjuk tannkost. Små barn kan ikkje spytte. Derfor er det viktig å avgrense mengda tannkrem. Bruk ei knapt synleg mengde fluortannkrem (0,1 ml). I begynninga kan barnet ligge når de pussar tenner. Etter kvart kan barnet sitte på fanget ditt, med hovudet i armkroken din.
Gjer tannpussen til ein hyggeleg rutine.
Dei fleste barn i alderen 6 til 12 månadar søv mellom 12 og 15 timar i døgnet, men alt frå 10 til 18 timar er normalt. Behovet for dagssøvn er framleis til stades, men barnet søv gradvis mindre på dagtid.
Døgnrytme og søvnsyklus
Nokre barn begynner å sove meir samanhengande om natta, men mange vaknar framleis. Ved 6 månadars alder vaknar 2 av 3 barn på natta. Ved 9 månadars alder kan omtrent halvparten av alle barn sove samanhengande frå midnatt til klokka 5.
Vaknar barnet ditt mykje på natta, har det kanskje ikkje fått den mengda mjølk det har behov for. Det kan vere fordi det blir lettare distrahert ved måltid på dagtid eller at du har begynt på jobb igjen. Då kan nattamming vere viktig for å halde oppe mjølkeproduksjonen din.
Tips til legging og innsovning
Barn i denne alderen kan få forventningar knytte til det å sovne. Er det vant til å sovne under måltida eller i armane dine, kan det assosiere dette med søvn. Ønsker du å endre dette, kan du prøve å finne andre måtar å støtte barnet på ved legging, som ein fast song.
Tilpass gradvis støtta barnet treng for å sovne. Endringar kan vere krevjande og ta tid.
I denne perioden er barnet meir aktivt og kan begynne å krabbe og reise seg. Sidan barnet ditt stadig er i meir rørsle og er nysgjerrig på omgivnadane, er det viktig å sikre heimen. Slik kan barnet trygt utforske omgivnadane i sitt eige tempo.
Enkle tiltak kan ha god og førebyggande effekt:
- Ha tilsyn med barnet under måltid for å unngå kveling, og kontroller at smokken på tåteflaska er heil.
- Forlat aldri barnet i barnestolen, sjølv om det har sele på, då han kan velte.
- Rydd bort små gjenstandar, giftige inneplantar og farlege gjenstandar som verktøy, medisinar og kjemikaliar.
- Bruk stikkontaktvernarar og komfyrvern.
- Sikre trapper med grind, ha barnesikring på vindauge, og ikkje la barnet vere åleine på balkongen eller verandaen.
- Sjekk at varmeomnar har låg overflatetemperatur.
- Bruk dekkande klede, solhatt, solbriller og solkrem med høg faktor.
- Ha tilsyn med barnet ved bading eller når barnet er i nærleiken av vatn.
Dei vanlegaste ulykkene i denne perioden er- fall frå høgder, som stellebord
- brannskadar frå varm drikke, til dømes kaffi
- små gjenstandar som set seg fast i halsen
- forgiftingar og etseskadar
- kutt- og skrubbsår
Her kan du få hjelpVed ei alvorleg ulykke, ring 113. Kontakt legevakta på 116 117 om fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente. Ved spørsmål om forgiftingar eller forgiftingsfare, ring Giftinformasjonen på tlf. 22 59 13 00
Les meir om tryggleik for nyfødde og små barn.
Les om hjarte- og lungeredning på barn under eitt år.
Oversikt over korleis du kan førebygge forgiftning hos barn heime og i omgivnadane.
For mange betyr barnehagestart meir sjukdom. Immunforsvaret til barnet er framleis under utvikling, og det er normalt at dei får fleire infeksjonar i løpet av året. Barn mellom 6 og 12 månadar opplever feber og vanlege sjukdomar som forkjøling, mageplager, utslett og øyrebetennelse.
Får barnet ditt teikn på sjukdom eller infeksjon, er det viktig at du måler temperaturen og følger med på endringar i allmenntilstanden. Om du er usikker, ikkje nøl med å kontakte helsepersonell for råd og rettleiing.
Vanlege plager og sjukdomar for barn i denne perioden er:
- tett nase
- hoste
- feber
- vondt i magen eller diaré
Les meir om barnesjukdomar og vanlege plager hos barn.
Les om når barnet bør vere heime frå barnehagen.
Her kan du få hjelp
Ved alvorleg sjukdom skal du ringe medisinsk nødnummer på 113.
Kontakt legevakta på 116 117 om fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente. Legevakta er døgnopen.
Om du treng hjelp på dagtid og det ikkje hastar, kan du ta kontakt med fastlegen. Helsestasjonen kan hjelpe deg om du treng råd om søvn, mat eller andre tema knytte til spedbarnsfasen.
Ved spørsmål om forgiftingar eller forgiftingsfare, ring Giftinformasjonen på tlf. 22 59 13 00.
8 månadars konsultasjon
Når barnet ditt er 8 månadar, får de tilbod om individuell konsultasjon eller ein gruppekonsultasjon. Om du ikkje ønsker ein gruppekonsultasjon, eller dette ikkje er eit tilbod på helsestasjonen din, kan du få ein individuell samtale
10 månadars konsultasjon
Når barnet er 10 månadar, får de tilbod om ein individuell konsultasjon, eventuelt ein gruppekonsultasjon
12 månadars konsultasjon
Når barnet er 12 månadar, får de tilbod om ein individuell konsultasjon med helsesjukepleiar og lege. Legen undersøker helsa og utviklinga til barnet.
Barnet får tilbod om to vaksinar:
- Tredje dose av vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste, poliomyelitt, Hib-infeksjon og hepatitt B.
- Tredje dose av pneumokokkvaksinen.
Vaksinane blir gitt med sprøyte i låret
113
Ved alvorleg sjukdom eller ulykke, ring medisinsk nødnummer 113. Det er vanleg å vere redd for å vere til bry, men ring heller ein gong for mykje enn ein gong for lite.
Legevakta
Kontakt legevakta på 116 117 om fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente. Legevakta er døgnopen.
Fastlegen
Om du treng hjelp på dagtid og det ikkje hastar, kan du ta kontakt med fastlegen.
Helsestasjonen
Helsestasjonen kan hjelpe deg om du treng råd om søvn, mat eller andre tema knytte til spedbarnsfasen.
Giftinformasjonen
Ved spørsmål om forgiftingar eller forgiftingsfare, ring Giftinformasjonen på tlf. 22 59 13 00.
Kontakt politiet ved vald eller overgrep
Om du blir trua, utsett for vald, æresrelatert vald eller negativ sosial kontroll må du ta kontakt med politiet.
Ring 112 dersom det er behov for akutt hjelp.
Om du ikkje har behov for akutt hjelp, ring 02800. Då blir du sett over til det lokale politidistriktet ditt som vil gi deg råd om kva du skal gjere.
Småbarn fra ett til to år
1-2 år
I denne alderen er det vanleg at barn ønsker å gjere ting sjølv. Dei viser tydeleg kva dei vil, eller ikkje vil. Gi støtte og føreseielegheit, samtidig som du gir barnet både rammar og rom til å prøve ut nye ting.
Leik og aktivitet
Barnet ditt er kanskje i full fart med å gå, springe, klatre og hoppe. Gjennom aktiv leik og rørsle utviklar barnet både kroppskontroll, koordinasjon og tryggleik. Varierte aktivitetar ute og inne gir både læring og meistring. La barnet utforske i sitt eige tempo og ta pausar når det treng det.
Barn på 1-2 år bør vere i rørsle minst tre timar til saman kvar dag. Her er nokre forslag til aktivitetar:
- Gå turar i nærmiljøet og i skogen.
- Utforsk ulikt terreng og underlag ved ulike årstider.
- Leik med ball, klatre, hoppe og ake.
- Bad både ute og inne.
- Utforsk snø og is
Språket til barnetI denne alderen er språket i rask utvikling. Barnet begynner å forstå enkle beskjedar og brukar fleire ord og lydar for å uttrykke seg. Sett ord på det de gjer saman, les bøker og lytt til det barnet prøver å seie. Det styrker språket og gir god kontakt.
Bruk av skjerm
Det anbefalt at barn under 2 år ikkje brukar skjerm. Viss barnet likevel brukar skjerm, bør
- skjermbruken berre skje saman med ein vaksen
- innhaldet vere tilpassa utviklingsnivået til barnet, vere pedagogisk og reklamefritt
- skjermbruken bli avslutta minst éin time før leggetid
Frå 1 år kan barnet få same mat som resten av familien.
Små barn har behov for næringsrik mat. Det vil seie at dei treng sunn mat som inneheld vitamin og mineral, framfor mat som inneheld mykje kaloriar.La barnet få smake på mange ulike matvarer, inkludert ulike grønsaker og frukt. Då lærer det å like ulike smakar og kan bli mindre krese seinare. Du bør unngå å gi sukker til barn under to år.
Grovt brød og grove kornvarer, bønner, linser, erter, magert kjøt, kylling og fisk er gode kjelder til jern som det elles kan bli for lite av i barns kosthald. Dei fleste barn treng tilskot av D-vitamin.
Vegetar- og vegankost
Variert og riktig samansett vegetar- og vegankost kan fint dekke behovet for energi. Det kan òg dekke dei fleste næringsstoffa barn frå eitt års alder treng, men det trengst enkelte kosttilskot.
Rundt eitt år søv dei fleste barn mellom 11 og 14 timar i døgnet, men alt frå 10 til 16 timar er normalt. Behovet for søvn om dagen er framleis til stades. Dei fleste går frå å sove to gongar på dagen til å sove éin gong.
Døgnrytme og søvnsyklus
Det er vanleg at barn vaknar minst éin gong i løpet av natta fram til dei er rundt tre år. Om barnet vaknar, hald rommet mørkt og unngå aktivitetar som gjer barnet meir vakent.
Opplevingar i kvardagen, som barnehagestart, sjukdom eller å få tenner, kan påverke søvnen til barnet. Då kan barnet trenge meir støtte ved legging eller oppvakning.
Tips til legging og innsovning
Ha faste kveldsrutinar som de likar. Føreseielegheit og rutinar gir barnet tryggleik og kan gjere det lettare å sovne. Rolege aktivitetar som eit bad, lese bok, fysisk kontakt i form av nærleik eller ein song kan hjelpe. Demp gjerne lyset på kvelden.
I denne perioden kan barn begynne å reise seg, gå og springe. Sidan barnet ditt er meir aktivt, er det viktig å sikre heimen og ha tilsyn med barnet. Alle heimar og nærmiljø er ulike og byr på ulike utfordringar. Derfor er det lurt å vurdere omgivnadane etter utviklinga til barnet. Slik kan barnet trygt utforske omgivnadane i sitt eige tempo.
Enkle tiltak kan ha gode og førebyggande effekt:
- Ha tilsyn med barnet under måltid for å unngå kveling.
- Rydd bort små gjenstandar, giftige inneplantar og farlege gjenstandar som verktøy, medisinar og kjemikaliar.
- Sikre trapper med grind, ha barnesikring på vindauge, og ikkje la barnet vere åleine på balkongen eller verandaen.
- Ver til stades om barnet leikar på leikeplassen, til dømes i klatrestativ.
- Ved sol, bruk dekkande klede, solhatt, solbriller og solkrem med høg faktor.
- Ver merksam på giftige plantar og sopp når de er ute.
- Ha tilsyn om barnet er saman med dyr.
- Ha tilsyn med barnet ved bading eller når barnet er i nærleiken av vatn.
Vanlege ulykker 1–2 år:- fall frå høgder, til dømes trapper
- brannskadar, til dømes frå varm kaffi
- forgiftingar og etseskadar
- små gjenstandar som set seg fast i halsen
- kutt- og skrubbsår
Her kan du få hjelpVed ei alvorleg ulykke, ring 113. Kontakt legevakta på 116 117 om fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente. Ved spørsmål om forgiftingar eller forgiftingsfare, ring Giftinformasjonen på tlf. 22 59 13 00.
Les mer om tryggleik for nyfødde og små barn.
Barn i denne alderen er aktive og ofte i kontakt med andre barn, til dømes i barnehagen. Derfor er det òg vanleg at dei oftare blir sjuke, med til dømes forkjøling eller feber. Får barnet ditt teikn på sjukdom eller infeksjon, er det viktig at du måler temperaturen og følger med på endringar i allmenntilstanden. Om du er usikker, ikkje nøl med å kontakte helsepersonell for råd og rettleiing.
Vanlege plager og sjukdomar for barn i denne perioden er
- forkjøling
- feber
- øyrebetennelse
- diaré hos barn
- barnemark
Les meir om barnesjukdomaar og vanlege plager hos barn.
Her kan du lese om når barnet bør vere heime frå barnehagen.
Her kan du få hjelp
Ved alvorleg sjukdom skal du ringe medisinsk nødnummer på 113.
Kontakt legevakta på 116 117 om fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente. Legevakta er døgnopen.
Om du treng hjelp på dagtid og det ikkje hastar, kan du ta kontakt med fastlegen. Helsestasjonen kan hjelpe deg om du treng råd om søvn, mat eller andre tema knytte til småbarnsfasen.
Ved spørsmål om forgiftingar eller forgiftingsfare, ring Giftinformasjonen på tlf. 22 59 13 00.
15 månadar
Når barnet er 15 månadar, får de tilbod om ein individuell konsultasjon med helsesjukepleiar.
Barnet får tilbod om første dose av vaksine mot meslingar, kusma og raude hundar, også kjent under namnet MMR-vaksinen.
Vaksinen blir gitt med sprøyte.
17-18 månadars kontroll
Når barnet er 17-18 månadar, får de tilbod om ein gruppekonsultasjon eller ein individuell konsultasjon med helsesjukepleiar.
2-årskontroll
Når barnet er 2 år, får de tilbod om ein individuell konsultasjon med helsesjukepleiar og lege. Legen undersøker helsa og utviklinga til barnet.
113
Ved alvorleg sjukdom eller ulykke, ring medisinsk nødnummer 113. Det er vanleg å vere redd for å vere til bry, men ring heller ein gong for mykje enn ein gong for lite.
Legevakta
Kontakt legevakta på 116 117 om fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente. Legevakta er døgnopen.
Fastlegen
Om du treng hjelp på dagtid og det ikkje hastar, kan du ta kontakt med fastlegen.
Helsestasjonen
Helsestasjonen kan hjelpe deg om du treng råd om søvn, mat eller andre tema knytte til spedbarnsfasen.
Giftinformasjonen
Ved spørsmål om forgiftingar eller forgiftingsfare, ring Giftinformasjonen på tlf. 22 59 13 00.
Kontakt politiet ved vald eller overgrep
Om du blir trua, utsett for vald, æresrelatert vald eller negativ sosial kontroll må du ta kontakt med politiet.
Ring 112 dersom det er behov for akutt hjelp.
Om du ikkje har behov for akutt hjelp, ring 02800. Då blir du sett over til det lokale politidistriktet ditt som vil gi deg råd om kva du skal gjere.
Les meir om vald og overgrep.
Hjelpetilbod om du treng nokon å snakke med.